Lykka ved å vera to

Lykka ved å vera to

Boktittel: På fire bein, Der

Forfatter: Berenika

Illustratør: Berenika

Oversetter: Katarzyna Tykocka og Knut Inge Andersen

Forlag: Andersens forlag

Årstall: 2022

Antall sider: 48

På fire bein er ein uvanleg fin teikneserie for yngre barn, som tek opp store spørsmål og kjensler på ein enkel måte.

Det er ikkje bra å vera åleine. For å bli lykkeleg, må du vera saman med andre. Det er først då du får utvikla eigenskapane som gjer deg til eit avrunda menneske.

Det er ikkje eg som sit og finn på dette, men faktisk noko Aristoteles skreiv då han skulle samanfatta tankane sine om lykka. Og Aristoteles kjennest ikkje heilt uvedkomande når me skal snakka om På fire bein, ein lettbeint, men klok liten teikneserie av polske Berenika Kołomycka som kan lesast på mange plan.

På den eine sida er dette ein fabel der to snakkande dyr viser oss komplekse sanningar på ein enkel måte. På den andre sida er dette ein buddykomedie der to heilt ulike figurar blir sett saman mot sin vilje og ein vennskap utviklar seg. Og ikkje minst er dette ei bok som bør glede både små barn og foreldra som les for dei.

På fire bein7

Uhøgtidelege akvarellar

Ein liten rev lever eit stille, men godt liv under eit epletre. Ein dag kjem det eit stort villsvin og set seg ned ved sida av han. Og så var dei plutseleg to.

Først tenkjer den vesle reven at dette berre er uønskt selskap. Det er eit brot i rutinen. Reven får ikkje eingong vera i fred når han skal rulla ned bakken, noko som er det beste han veit. Det er ikkje før det store villsvinet blir borte ei lita stund, at den vesle reven skjønner at han har vorte vant til å ha selskap. Kanskje han til og med har fått ein venn. Deretter er dei to nærast uskiljande.

Det er mange ting å setja pris på ved boka. Ikkje minst er ho solid konstruert. Forteljinga er delt inn i fire delar, Her, Saman, Kvar for seg og Der borte, noko som skaper ein naturleg symmetri i lesnaden. Eg liker òg dei små detaljane, som at Berenika bruker blå skrift for forteljarstemma og raud skrift for direkte tale. Sidan begge delar er lagde i bobler – snakkebobler og noko som til forveksling er lik snakkebobler – er det eit fint og nødvendig grep.

Kunnskapane mine om polsk språk er verkeleg sørgjelege, men så vidt eg kan sjå finst det åtte bøker i serien (den siste kom ut tidlegare i år), og denne boka er den første. Ifølge forlaget har kvar bok vorte til under ulike kunstnarresidensar – i heimlandet er Berenika kjent som både serieskapar, illustratør, kunstnar og skulptør. I denne boka har ho måla rutene i fargerike akvarellar, fleire gonger med eit skisseaktig preg som gjer at tidlegare strøk og linjer framleis ligg igjen i rutene. Resultatet er uhøgtideleg og sjarmerande.

På fire bein9

Skil seg frå biletbøker

Det blir laga mange fleire biletbøker enn teikneseriar for barn mellom tre og seks år. Sjølv om det kan vera fleire grunnar til det, heng det òg saman med at det er mykje meir arbeidskrevjande å laga ein teikneserie. Der forfattaren av ei biletbok kan sleppa unna med ein illustrasjon for kvart sideoppslag, krev ein teikneserie fort ti–tolv illustrasjonar på den same plassen.

Berenikas bok er eit godt argument for kvifor det er verd bryet. Det første bandet av På fire bein bruker få og enkle ord som saman med illustrasjonane fortel historia om ein uventa vennskap – og kvifor det kan vera bra å utfordra sine eigne grenser både fysisk og mentalt. Teikneserieforma gjer boka meir lettlesen enn ei biletbok, samstundes som handlinga frå rute til rute gir rom for meir komplekse kjensler enn om alt skulle vore skildra med ord.

På fire bein12

Polsk kulturarv

Det er kanskje eit malapropos, men i arbeidet med denne teksten prøvde eg å lesa meg opp på polsk animasjons- og teikneseriekunst. Sjølv om ein heil generasjon nordmenn har vakse opp med austeuropeiske animasjonar, kan det vera vanskeleg å nemna noko anna enn bjørnen Colargol (som kan synga i dur og moll) når me først skal snakka om kultureksport frå Polen.

Om du er nysgjerrig, viser det seg at det polske kulturdepartementet verkeleg gjer seg fortent til budsjetta sine. Dei har bygd opp solide nettsider om alt frå animasjonsfilm til teikneseriar for barn, og sjølv om du ikkje finn noko spesifikt om Berenika her, er det materiale nok til å fordjupa seg i kulturarven i landet i fleire dagar..

Ikkje berre er Berenika ei fin oppdaging for norske lesarar, det er òg openbert at det vesle, bergenske Andersens forlag har trykt og sydd boka med kjærleik. Eg håpar dei vil følgja opp med fleire band av På fire bein, sjølv om historia er fint avrunda i første band.

På fire bein39

Walter Wehus

Født 1980. Redaktør for Empirix.no, et tidsskrift for tegneseriekritikk. BA i kunsthistorie fra Universitetet i Bergen. Har to barn og to katter, hvorav et mindretall fortsatt setter pris på høytlesning.