Malot, Hector: Frendeløs

Malot, Hector: Frendeløs

Frendeløs

Hector Malot

Originaltittel: Sans Famille
Første norske utgave: Uden Slægt i 2 bind
Kristiania : Cammermeyer, 1879-1880

Hilde K. Kvalvaag

DEN FRANSKE OLIVER TWIST Av: Hilde K. Kvalvaag Eg vaks opp ved ei jernbaneline. Ein

DEN FRANSKE OLIVER TWIST

Av: Hilde K. Kvalvaag

Eg vaks opp ved ei jernbaneline. Ein dag fall ei kvinne av toget, ho hadde skada seg stygt og knekt eine foten og vi barn fann kvite papirlommetørkle med blod på langs linja. Eg kan endå sjå det for meg heilt tydeleg, det kvite papiret, med blodet som vi studerte med kriminaletterforskaren sitt blikk. Herregud, var ho død, eller? Vi spant all verdas historier rundt denne hendinga. Det rare var at vi aldri såg kvinna, hadde ho falle av toget når vi sov, når vi var på skulen, eller var det heile berre oppspinn? Det fekk vi aldri vite. Heile barndommen var eg redd, ting hadde jo gått gale før, fæle saker kunne skje igjen. Eg hugsar bilder av sorgløyse som brått vart avløyst av at eg var redd for menn med gevær, eg var redd for øksemordarar og drukna menneske i fjorden som klukka ustoppeleg tjue meter frå soveromsglaset mitt. Heile tida las eg, og det var ikkje tryggare i litteraturen eg valde. Eg likte best bøker om barn som hadde det verre enn meg sjøl, som var einsommare, og gjerne kalde og fattige. Ein slik var Remi i Frendelaus (Sans famillie) av den franske forfattaren Hector Malot. Eg trur knapt at eg registrerte at boka var skriven av nokon, ein forfattar (som skreiv boka som ein roman for vaksne). For meg var Remi aldeles levande. Remi var ein foreldrelaus gut, som først som 8-åring får vite at han er adoptert av ei snill kvinne. Ho har tatt han til seg utan mannens vitande. Remi har hatt ein god barndom, så dukkar den invalidiserte ektemannen opp, og sel guten til ein gatemusikant utan at adoptivmora veit det. Men livet for Remi, blir ikkje, som ein kanskje skulle tru berre trist og hardt. Vitalis, gatemusikanten er ein snill mann. Han har tre hundar og ei ape, og saman reiser den vesle truppen rundt på den franske landevegen. 8-åringen Remi er ofte svolten og må sove under open himmel, men dyra, særleg hunden Capi, blir hans gode venn, og Vitalis faren han manglar. Han lærer han å spele harpe og å lese. Det som særleg beit seg fast hjå meg var guten, apa og mannen med lirekassen. Trass i at han var med ein snill mann, måtte han ligge ute. I snø og kulde. Det gjorde så sterkt inntrykk på meg at kver gong eg sidan såg eit fattig menneske, eller eit barn som gråt, var det som om nokon slo det inn i brystet på med meg skrivemaskintastar: Redd denne personen. Ta han med deg heim. Eg redda nok ingen. Men seinare har eg tenkt: Lærte eg empati av bøker som Frendelaus, eller valde eg boka, fordi eg ville lese om nokon eg kunne synest synd i? Med eit vakse blikk på Frendelaus ser eg at det skjer så mykje i at ein kan misse pusten, kvar gong det ser ut til å gå bra for Remi, lar Malot katastrofene rulle over han, for så å la dette bli avløyst av periodar i teksten der alt er vakkert&kjærleiksfullt. Han finn nye folk som blir glade i han, og han i dei, han blir redda. Men så er det nokon som dør, nokon som blir etne av ulvar eller dør i snøstorm og vi kan igjen leve oss inn i desperasjonen til den tapre og gode Remi. Frendelaus har store likskapar med Oliver Twist, og så har boka også blitt kalla den franske Oliver Twist. Den er nok typisk for periodens drama, gitt ut i 1878. Men død, kjærleik, svik, lojalitet, vennskap, klasse og grådighet sett i andre halvdel av 1800-talet, fekk fyr i min vesle hjerne der eg låg i senga hundre år seinare og såg ut i mørkret, og hørte lyden av toget og fjordens evige klukking, og tenkte: Eg er inne, eg er trygg. Eg er ikkje ute på landevegen og blir jaga av ulvar og slemme menn. Puh. Eg les og les og det blir langt på kveld. Og o lykke boka går opp som eit eventyr, og det gode vinn. Med eitt er Remi også trygg, og jammen blei han ikkje lykkeleg og fann den ekte familien sin inkludert den rike mora som elskar han over alt på jord. Ei kort stund kunne eg ta pause frå alle redslene, og folk som dett av toget i tunnellane og lagar blodspor langs skinnegangen. Eg kunne glede meg over ein siger til det gode. På overtid. Men ville det vare? Nei, det ville det ikkje. Det vil alltid komme nye troll ut av tunnellane. Det visste eg godt, endå eg berre var ti år.

Hilde K. Kvalvaag