Manisk pubertet

Manisk pubertet

Boktittel: Sprengt monster

Forfatter: Christian Valeur

Forlag: Aschehoug

Årstall: 2013

Antall sider: 274

Sprengt monster handlar om ein manisk gut som i første setning i boka omtalar seg sjølv som ein «tikkende sexbombe». Dette ligg til grunn for ein morosam roman som sjeldan roar ned.

Monster heiter eigentleg Mons Yran og har synsvinkelen i denne boka. Når boka startar, er Monster 16 år gammal og ser tilbake på dei fire åra som har gått sidan hans første utløysing. I siste del tenkjer Monster at no har han hatt 1000 slike utløysingar i sitt liv, og ein slags seksuell frustrasjon blir strukturerande for boka. Dei ulike delane boka er delt inn i har då også titlar som «Hvorfor man ikke skal forelske seg i sine venners forelskelser» og «Hvorfor man ikke skal ta familie på puppene». Boka dekker mange komplikasjonar i ein gryande kjønnsdrift.

Hyperaktiv

Pubertet er tema og då inneheld boka sjølvsagt gode spirer for endelaust pinlege situasjonar. Sjølv om boka inneheld nokre scenar som får lesaren til å raudne, så er desse så få at boka ikkje blir klein. Årsaka til det er at det ikkje er utforskinga av det seksuelle som er bokas fremste kjenneteikn. Det er karakteren Monster som krev merksemda frå lesaren. Monster har kanskje, eller ikkje, ADHD. Lesaren merkar fort at han er manisk, og sjølv gjer han ikkje stort for å skjule det. Han har ei sjølvkjensle som trumfar alt anna. Han er frittalande og nysgjerrig. Han er aldri redd, og angst er eit framandord. «Jeg har en sykdom. Jeg blir forelsket i alle jeg møter.» (sitat frå forordet). Monster har ein slags guddommeleg kjærleik til alle menneske, og ein trong til å seie det. Ikkje alltid endar det bra.

Grenselaus

Desse kjærleikserklæringane saman med manglande hemningar, gjer at alle møta mellom Monster og andre er dømt til å ende i ein eksplosjon. Slik blir utviklinga i dei fleste kapitla til dels mogleg å føresjå, og sjølv om det framleis er att ei nerve i forteljinga, blir dette eit einsformig narrativt grep. Det mest interessante er korleis andre reagerer på utbrota til Monster. Stort sett er folk tolerante, og ting går greitt. Men ein gong yppar han seg mot ein gjeng ungdommar utanfor Rimi-en, og då får han ein kniv i brystet. Yppinga var ei handling der desperat kjærleikssorg var årsaka. «Dette gjør egentlig ikke så vondt, sier jeg. … Men jeg hadde et hull i hjertet fra før» (side 107). Heldigvis går det bra med Monster, såret er ikkje djupt, men fysisk er det ei påminning om at sjelesmerte kjennest som fysisk smerte.

Andre gongar får Monsters innfall mykje større konsekvensar. Første del av boka handlar på eit plan om at Monster er forelska i Marianne. Ho er assistentlærar i klassen og har mellom anna ansvar for Sigve, Monster sin kompis som sit i rullestol og ikkje kan tale. På eit alvorleg, men tragikomisk plan, handlar denne delen om kva som kan skje dersom Monster ikkje klarar å kontrollere seg sjølv. Sigve døyr nemleg etter at Monster mister kontroll over rullestolen etter å ha trilla han i stor fart.

Sprengt

Det er kjekt å lese om Monster, han er skildra på ein overtydande måte gjennom forteljarens mange energiske språkbilde. Språket viser ein sterk intensitet som speglar Monsters eksistens: «Men nesten alle jeg møter er på leting etter kontroll. De vil sitte på et fang eller holde kjærligheten i sjakk. Det vil ikke jeg. Jeg vil løpe uten å bli sliten. Jeg vil kaste meg ut fra balkonger og stupe ned i enorme boller med kakedeig.» (Sitat frå forordet). Kåtskapen kjem oftast berre som eit lag utanpå det maniske. Sjølv om romanen fokuserer på Monsters seksuelle utvikling, er det som nemnd ikkje dette som er det mest interessante ved boka. Sånn sett verkar forteljinga å fokusere for mykje på noko som er påklistra. Det hadde vore meir spennande å treffe Monster på eit djupare plan der han ikkje vert redusert til ein frimodig sexgalning.

Tittelen  karakteriserer sjølvsagt hovudpersonen, men Monster er aldri eller sjeldan i ein tilstand som vi kan rekna for å vere «sprengt». Det er noko øydelagt og utmatta over eit slikt adjektiv. Monster er aldri dette, han er alltid på veg til å sprengast. Han er alltid på opptur, og ofte sprenger han, men han er ikkje «sprengt». Dette gjeld òg dei to-tre gongane sexbomba utløysast i romanen. Kapitla sluttar og vi får ikkje oppleve Monsters sprengte side, om noko slikt finnast.

For sprikande og laust

Dette er Christian Valeurs første ungdomsbok, tidlegare har han mellom anna skrive to romanar for vaksne. Han skriv godt og til tider morosamt. Boka er best i enkeltscener, som roman er ho svakare. Både Monster og foreldra er godt skildra, men ettersom boka er strukturert etter nokre meir eller mindre tilfeldige episodar knytt til Monsters kjærleiksliv og seksuelle drift, går vi glipp av alt det andre spennande som skjer i Monsters liv.

Spesielt siste halvdel av boka verkar kunstig sett saman. Her er for mange lause trådar, for mange korte møter med nye karakterar. Det er sannsynlegvis eit poeng å vise frem så mange ulike karakterar som mogleg for å motarbeide ein normalitetsstandard. Her er det dei normale som er kjedelege, og Monster diskriminerer ikkje, alle fortener ein klem. «Og det er derfor jeg liker henne så godt. Og alle dere andre også. Dere blir med overalt. Fordi dere liker mennesker.» (side 232). Eg er overtydd om at Valeur kan skrive enno betre historier enn dette, historier med ein strammare komposisjon, men boka er absolutt lesverdig, og på sitt beste er ho både engasjerande og morosam.

Ahmed Akef Khateeb

Født 1985. Førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, Ph.D. i barne- og ungdomslitteratur. Erfaring fra Bragejuryen og vurderingsutvalget for skjønnlitteratur for barn og unge. Kritiker og tidligere styreleder i Foreningen God Kritikk. Foto: HVL

One thought on “Manisk pubertet

Comments are closed.