Mary Jane

Mary Jane

Mary Jane

Dorothy Sterling

Bokklubbens Barn 1985, nynorskutgåva
Originalutgåve 1959
166 sider

Ragnfrid Trohaug

DEN TØFFASTE JENTA I VERDA HEITER IKKJE PIPPI Av forfatter og forlagsredaktør Ragnfrid Trohaug Eg

DEN TØFFASTE JENTA I VERDA HEITER IKKJE PIPPI

Av forfatter og forlagsredaktør Ragnfrid Trohaug

Eg hadde fått ei tjukk, linjert bok med raudt blomstertrekk på til niårsdagen min; hadde ønskt meg ei dagbok, for vi venninnene var ni år og meinte det var på tide å kome i gang med skikkeleg dagbokskriving. Rett nok var det ei vaksen notatbok som eg hadde fått til dagbokskriveriar; gudmora mi var einsleg og hadde ikkje tanke for å kjøpe barneting; presangane derifrå var kvalitet i alle ledd, og vaksent uttrykk. Ei islandsk ullhuve som først no passar skallen min, ein koffert av det vaksne slaget, nokre smakfulle såper til å spare på. Eg trur ikkje barn eksisterte i hennes verd, men eg følte meg aldri oversett. Gudmor tok meg på alvor som eit vettig menneske.

Venninnene hadde ein dagbokpakt, og før vi kunne starte måtte bøkene våre døpast, dei måtte ha namn. Det var ingen tvil hos oss: dagboka var ein person vi skreiv til, og Mabel meinte at om ho berre kneip auga riktig saman, såg ho si dagbok-jente, Tonsy, Ebba lurte på om ho ikkje såg snurten av si Kitty. Eg såg ikkje mi om eg kneip aldri så hardt, men eg visste godt kva ho skulle heite: Mary Jane, for tøffare jente fanst ikkje.

Første hindring i dagbokskrivelivet var døpediktet eg skulle ha på første side. Kva i all verda kunne rime på Mary Jane? Eg grubliserte lenge og vel og kom fram til følgjande:

”Jeg døper deg i salt og pein For du skal hete Mary Jane”

Eg var først ikkje heilt nøgd med ”pein”, for kva var no det? Eldstebror min kom på banen og meinte at det var ein form for tjøre, at det fanst eit slikt ord. Tjøre! Ingenting kunne vel vere betre! Mi heltinne Mary Jane var jo svart! Om ikkje så svart som tjøre, så kanelbrun! Med eitt var eg himmelens stolt over døpediktet mitt; no kunne det riktige livet med dagbokskriving rulle i gang med nyhende frå klassens time: ” Frøken har bestemt at vi ikke får ha med gotter og potetgull på avslutninga på Down Stairs, bare skuffkake og boller. Det er dumt. ”, lange fotballdagar på løkka ”det er blitt for mørkt til å spille etter middag. Vi må skrive til velforeninga eller noe sånn at det blir lys hele kvelden! ”, og små og store katastrofar i skolelivet: ” Tonje har fått astma! ” eller: ” Heidi fortalte frøken at Chris ikke ville være på gruppe med Ida. Vi brukte resten av timen til å snakke om hvorfor det var sånn. Jeg har ikke helt god samvittighet jeg heller. 

Mary Jane kom feiande inn i livet mitt med Bokklubbens Barn i 1985, og fauk rett opp på heltinnetrona der Pippi hadde vore lenge, og Ronja Røverdatter nett hadde vårskrike seg fram. Eg identifiserte meg sterkt med tolvårige Mary Jane: ho var gløgg, omtenksam og hadde klare tankar om kva ho ville med livet, og no ville ho gripe sjansen og å gå på den beste skolen i byen. Ho var smart nok og hadde støtte heimafrå, klart ho skulle byrje på Woodrow Wilson High School når hausten kom, sjølv om ikkje alle meinte det var så smart å utsette ei lita jente for slikt.

Romanen opnar i det frodige, viltveksande, men kultiverte landskapet på garden til bestefar; Mary Jane har lykkelege sommardagar ute på landet, grisen Curly er hennes beste venn, og bonden bestefar viser seg seinare i boka å vere professor i landbruk og ikkje berre ein landsens træl, men ein med utdanning som har hatt mykje å seie for utviklinga av jordbruket i sørstatane. Denne harmonien i opninga får fort taggar: skolestart er rett rundt hjørnet, og Mary Jane må heim til byen. Der ventar mora med skoleførebuande innkjøp; Mary Jane får ikkje kjøpe ein raud genser, nei, han må vere grå insisterer mora, og Mary Jane skjønar at det er med tanke på ”dei” at kleda må vere grå. Håret må ho klippe, det er barnsleg med lange fletter, meiner mora, det er slik ”dei” har håret, skoleveska skal vere nøytral og skikkeleg av same grunn, ingenting kan stikke seg ut. Det er berre det at Mary Jane herself stikk seg ut. Ho er kanelbollebrun og skal byrje på ein kvit skole. Det er femtitalets Amerika og integrasjonen er nett rulla i gang. Woodrow Wilson High School skal bli ein integrert skole takka vere Mary Jane og fem andre skolebarn.

Det eg huska sterkast frå denne romanen før eg no las han om igjen, er scenen der Mary Jane og vennen Fred blir eskortert av fedrane sine og ein haug politimenn, ved gudar kor godt eg huskar akkurat det: Mary Jane som går spissrotgang mellom brølande vaksne og barn som ropar: ” heia, heia ut med deg! Svarting, svarting gå din veg! ” og ”heim til Afrika med dykk!”, ” riv dei svarte krøllene av henne! ”. Mary Jane blei akkurat like forbausa som eg; tenk at vaksne folk kan gjere slikt! Inne på skolen er stemninga om ikkje brølande hatsk, så knugande stille: ingen vil sitte med henne eller Fred i kantina, Darlene flyttar pulten sin unna Mary Janes og prøver subtilt å snuble krokfot på Mary Jane kvar dag, ikkje er det vits å prøvespele for skoleteateret, for lærerinna som har ansvaret der har uttalt seg negativt mot integrering tidlegare. Mary Jane går frå å vere stille og forknytt, til å bli hatsk. Ho slår opp sinte ord i franskordboka si, og lærer seg setningar som je déteste mes ennemis og j’abhorre mis ennemis. ”Ikkje meir j’aime og cher ami for henne”, som det står. Det hatet som er blitt vist henne, gror fram i henne sjølv, og det er skakande både for lesaren og for Mary Jane. Ho er avvisande ovanfor kvite Sally som er vennleg mot henne, ho møter eit vennleg vesen med skepsis, akkurat det ho sjølv er blitt utsett for. Åh! Kor forferdeleg kronglete alt er blitt! Denne flinke, velmeinande jenta kjenner med eitt på noko skremmande sterkt, nemleg forakt og sinne. Allereie som niåring ante eg at det var overordna strukturar og dei vaksne som gjorde at det blei slik, eller som Maria Parr så sterkt og riktig lar Fulle-Nils seie til Tonje Glimmerdal i boka med same namn: ”det er aldri ungane sin feil.” Det er skitpraten til Darlenes mor som gjer at Darlene sett krokfot på Mary Jane kvar dag, Darlene er berre eit produkt av heimen sin. På same vis som Sally og Mary Jane er det med motsett forteikn; det er den progressive tenkinga til Sallys foreldre som gjer at Sally er vennleg mot Mary Jane, ho har lært slik openheit og respekt heime, og det er foreldra til Mary Jane, utdanninga deires og sisuen deires som gjer at Mary Jane er skoleflink og får byrje på det som alltid har vore ein skole for kvite. Og det er haldningane til vaksne av Darlen-moras kaliber som skapar slik argsinne hos Mary Jane. Heldigvis kjem der eit skada ikorn inn i forteljinga, for han treng pleie og omsorg, og det kan Mary Jane gi, og Sally hjelper til. Gjennom ikornet Gråpus finn jentene saman, og ved å verne og pleie nokon som er mindre enn dei sjølv og meir skadd, veks venskapen fram mellom jentene. Godt hjelpt av kloke vaksne som fransklærarinna og naturfaglæraren blir Mary Jane ein del av skolemiljøet, og vi anar i slutten at motsetnadene ”oss” og ”dei” er i ferd med å bli brotne ned.

Modigare jente enn Mary Jane visste eg ikkje om. Ikkje berre tore ho å byrje på ein skole der ho ikkje kjente ein kjeft, ho var sterk nok til å ikkje gi opp, sjølv om ho møtte motstand. Ei jente som til og med var tøffare enn Pippi. For Mary Jane, Fred og dei andre svarte ungane som stod i frontlinja under integrasjonen, er lys levande historie.

Ragnfrid Trohaug