McCann, Sean: Skyt, Georgie, skyt

McCann, Sean: Skyt, Georgie, skyt

Skyt, Georgie, skyt!

Sean McCann

Illustrasjoner av Barry Raynor Griegs forlag 1976.

Arnfinn Kolerud

Skyt, Georgie, skyt! I dei første ungdomsåra var eg oppslukt av fotball. Eg såg alle

Skyt, Georgie, skyt!

I dei første ungdomsåra var eg oppslukt av fotball. Eg såg alle tippekampane, spelte ving på lilleputtlaget, sparka fotball i alle friminutt og samla sjølvsagt på fotballkort. Mot slutten av vinteren måkte eg hagen fri for snøv og sparka fotball der aleine, spelte vegg med grunnmuren, dribla epletrea og scora mellom to hesjestaurar til det vart så mørkt at eg ikkje lenger såg ballen. Ofte drøymte eg om å få tak i ein tverrliggar. Og eg las store stablar med fotballbøker.

Sean McCann var ein av forfattarane. I dag tør eg ikkje seie om han var den beste. Eg hugsar ikkje alle forfattarane og bøkene frå kvarandre. Men eg las alle bøkene om Georgie Goode, så McCann får stå som representant for dei alle. Bøkene til McCann og dei andre handla som oftast om unge gutar i England eller Sverige, dei kom gjerne ny til ein by og gjorde halvgode gutelag gode. Helten spelte alltid spiss og scora ofte avgjerande mål i sluttminutta. I tillegg var dei jo sympatiske gutar, så det var lett å identifisere seg med dei …

I dag hugsar eg ikkje desse bøkene som litteratur, men som minnebøker frå mitt eige liv. Det helten gjorde i boka, måtte eg sjølv prøve ut: I ei av bøkene var det ein gut som trente mot eit tre i ein park. Øvinga gjekk ut på å legge frå seg fotballen eit godt stykke frå treet, sparke den mot stammen, springe opp ballen dit den kom i retur, og så – utan å dempe ballen – sende den tilbake mot stammen. Og så vidare. Det høyrtest svært vanskeleg ut, men eg gjekk ut i hagen for å prøve. Der stod eit uskuldig epletre. Om det var vanskeleg? Det var umuleg! Eg bomma på heile epletreet og låg mesteparten av kvelden og leita etter ballen under ripsbuskane. Kva slags gutar fanst det i England? Kva slags tre hadde dei der borte?

Eit anna minne er frå mi første fotballtrening. Eg hugsar det nok fordi eg på same tid las om Brian og Gary og Georgie, alle flinke og vellukka på trening og i kamp. Gutar som greidde seg sjølve og som eg skulle leve opp til. Men så, på mi første trening, med heilt nye sko, gjekk dei lange glatte skolissene opp. Dei flagra ein halv meter etter meg når eg sprang.
– Skal eg hjelpe deg å knyte dei, spurte trenaren. Nokre av dei andre gutane lo.
– Nei, svarte eg. – Eg liker å ha dei sånn!

Boka fins i Norsk Barnebokinstitutts samling.

Arnfinn Kolerud

Dine tanker

Har du innspill til vår redaksjonelle dekning, eller til våre debatter og seminarer? Vi ønsker oss både tilbake­meldinger og ideer. Vi kan ikke besvare alle hen­vendelser, men alt blir lest og vurdert.

Din henvendelse vil ikke vises på nettsiden, men gå direkte til BBKs e-postadresse, som har redaktør som adressat. Redaktør vil kunne lufte tilbakemeldinger videre med styre/redaksjonsråd. Vi registrerer kontakt- og personopplysningene dine i forbindelse med din henvendelse. Personopplysningene dine blir bevart så lenge som nødvendig, for å kunne ta kontakt ved behov. Etter dette vil vi slette opplysningene dine. Ønsker du å trekke samtykket ditt, gjør du det når som helst. Informasjonen du oppgir i forbindelse med registrering (navn, e-postadresse) behandles i henhold til personopplysningsloven.

Se ellers BBKs personvernopplysning. Ved spørsmål, kontakt oss gjerne, på redaksjonen@barnebokkritikk.no, eller på tlf. 472 36 114.