Meir enn ein historietime

Boktittel: Før det blir morgon
Forfatter: Aina Basso
Forlag: Samlaget
Årstall: 2025
Antall sider: 191
Sjanger: Historisk ungdomsroman
Aina Basso er blant dei få norske forfattarane som skriv historiske romanar for ungdom. «Før det blir morgon» er ei typisk bok frå hennar hand.
Året er 1733. Femtenårige Josefa byrjar i teneste på storgarden Li og blir valdteken av husbonden. Ho blir gravid, men vågar ikkje fortelje om hendinga til nokon, i staden skjuler ho magen og føder barnet i løyndom. Når barneliket blir funne, er det ho som må ta den hardaste straffa.
Slik kan ein summere opp heile hovudhandlinga i den historiske ungdomsromanen Før det blir morgon av Aina Basso. Det er ikkje unødig avslørande å gjenfortelje handlinga slik, for gjennom overtydelege frampeik veit lesaren nett kva som kjem til å skje allereie frå starten av boka.
Tidleg vissheit
Forfattaren opnar med å sitere Kong Christian den femtes lov fra 1687: «Letfærdige Qvindfolk, som deris Foster ombringe, skulle miste deris Hals, og deris Hovud sættis paa en Stage.» Så da veit vi – allereie før forteljinga er i gang –at hovudpersonen i denne boka mest sannsynleg kjem til å bli gravid, og på eit eller anna vis må drepe barnet sitt.
Vi blar om og treff Josefa, ei forsiktig, redd ungjente som aldri har vore heimanfrå før, og som no blir frakta av faren over fjorden til sin nye arbeidsplass. Vêret og omgivnadane er faretruande, Josefa får «likfingrar» av kulda, og lesaren forstår raskt at det er ytre omstende som vil bringe ho i ulykka. Overskrifta «Faredagen» får ei dobbel tyding: Dit ho er på veg er det farleg.
I møtet med storgarden Li blir det gjort klart kven overgriparen kjem til å vere. Alle dei andre tenestefolka, og i sær gamle Olna, flakkar i blikket når dei snakkar om husbonden. Knappe tjue sider inn i boka blir mistanken til vissheit:
– Det er eg som er husbonden din, seier han. – Det forstod du kanskje.
Han ler litt. Eg står der stiv og lydig. Ei god taus. Akkurat slik far sa.
– Du skal vite at du alltid kan kome til meg viss det er noko, seier han. – Om nokon skulle plage deg, stort eller smått. Døra mi er alltid open.
Han tek tak i haka mi med to fingrar og løftar, ser meg djupt inn i auga.
Det går i ei dør, og Olna kjem ut. Husbonden dreg til seg handa.
Etter denne scenen er det berre å vente på valdtekta og etterspelet.
Sjeldan vare
I ventetida blir vi kjende med gardslivet på Li, og dagleglivet i norske bygder under dansk styre. Som historikar har Basso god kjennskap til det ho skriv om, og ho gir gode skildringar av alt frå matskikkar og helsestell til historieforteljing og sosialt hierarki. Det finst få historier frå denne tidsperioden i norsk skjønnlitteratur generelt, særleg for ungdom, og med Før det blir morgon gir Basso oss ungdomsroman nummer fire i sjangeren frå hennar hand.
Av andre få forfattarar som skriv om norsk historie for unge lesarar, er Jon Ewo den som skriv mest og breiast, sjølv om han produserer meir sakprosa enn skjønnlitteratur. Marte Mittet har gjort seg gjeldande med fleire ungdomsromanar frå andre verdskrigen, og for nokre år tilbake prøvde Jan Christian Næss seg med alternativ historieforteljing i ein trilogi om slavehandel. Elles er det berre snakk om enkelttitlar som fjorårets Jernvilje frå Terje Torkildsen og Harald Rosenløw Eegs Gutten i mørket frå 2021.
Basso skil seg ut fordi ho i hovudsak har valt seg dansketida (sjølv om ho også har skrive to bøker frå 1800-talet), og fordi ho ikkje har skrive eit einaste ord om andre verdskrigen – fem år i norsk historie som opptar fleirtalet av forfattarar av norske historiske bøker. Basso bidreg også på sakprosafronten: Dei dødsdømde. Dødsstraffa i Noreg og historia om nokre av dei som mista livet frå 2022 er ei skakande og leseverdig lita bok.
Levande historie
Aina Basso gjer grundig research i alt frå rettsarkiv til bygdebøker, og ho tar utgangspunkt i faktiske skjebnar. Den djupe kunnskapen hennar sett ho i stand til å beskrive andre tider gjennom alle sansar. Gjennom språket levandegjer ho livssituasjonar langt unna vår eigen. Det er imponerande godt handverk, og Basso har fått velfortent skryt og mange litterære prisar for skildringane sine. Om ein ønsker å leve seg inn i fortida, og samstundes lære noko, er Basso ein forfattar vel verd å plukke opp.
Lesaren blir med inn i stabburet som «luktar tjære og saltmat», vi kan kjenne «svolten gnage i magen» etter ein lang arbeidsdag og høyre lyden av «øksebladet som treff nakken» på ein forbrytar. Etter å ha lest Før det blir morgon veit vi korleis det er å sove andføttes i ei halmseng med ei anna tenestejente, drengen Karl har skremt oss med skumle historier om utburden og andre gjenferd, og vi har servert fintfolket rømmegraut med skiver av kokt egg og rosiner til pynt.
Basso integrerer dessutan kunnskapen ho har om fortidas gardsarbeid og lovverk på ein måte som kjennest saumlaus og naturleg. Som her:
Mor har formana meg om at eg må vere lydig og gjere som husbondfolket seier. Dei kan tukte meg med kjeppen viss eg ikkje gjer som dei ber om. Det er dei som bestemmer over meg no.
Og eg kan ikkje berre fare heim viss eg ikkje trivst. Eg har bunde meg til teneste for eit år og kan ikkje reise herifrå før faredagen neste april. Det står i lova.
Lesarene får ei nær oppleving av korleis det er å vere tvungen til å arbeide bland framande og lengte heim, forsøke å gjere som ein har fått beskjed om og likevel hamne på gale sida av lova.
Reddande venskap
I sum er dei historiske romanane til Basso gode, men kjeldebruken hennar har òg ein lei tendens til å avgrense forteljingane. Ho leiter etter tragiske kvinneskjebnar ho kan vidareformidle til lesarane sine, og for kvar gong ho skriv ei ny bok, blir det enklare å gjette utgangen på forteljinga. Det kjem til å gå ille. Når ho skreiv om heksebrenning i Finnmark på 1600-talet var det sjølvsagt frå start at Elen kom til å bli brend på bålet, slik det er openbert at Josefa kjem til bli arrestert. At rettsarkiva er hovudkjelde gjer handlinga føreseieleg og tappar lesinga for driv.
Vennskapa Josefa knyter til dei andre tenestefolka reddar heldigvis boka frå å bli kjedeleg. Vi lurer på om Sara og Josefa skal bli meir enn berre venninner, for det er tydeleg at Sara har sterke kjensler. Drengen Ole er også opp over øyra forelska i Josefa, så kanskje han kan redde ho? Og dei to gamle tenestefolka på garden, Karl og Olna, er teikna som trygge og gode vaksne i ei elles ugjestmild røynd. Det er mange fine augneblink mellom personane, og det bidreg til at boka er meir enn ein føreseieleg historietime.