Mitt barnebokminne - av Roald Kaldestad, barnebokforfattar
Røvet av vikinger
Torill Thorstad Hauger

Gyldendal 1978

Minna kan ein ikkje stola på

Då eg sette meg ned for å rekna opp mine sterkaste leseopplevingar som barn, dukka Det røde eplet/Morfar er sjørøver av Jan Lööf kjapt opp i tankane. Og ikkje minst Ole Lund Kirkegaard sine sprudlande påhitt i Otto er et nesehorn, Gummi-Tarzan, Hodja frå Pjort etc.  Eg skulle til å setje meg ved pc’en og hylle, men så pikka ein liten mistanke meg på skuldra.

Ein kort biltur seinare var eg heime hos foreldra mine, og far min kunne stadfesta mistanken.  Det var ikkje desse bøkene eg las som barn. Dei kom til dels mykje seinare.  (For eg er ein av dei som heile livet har lese barnebøker, også før eg fekk eigne ungar.)

Så fekk eg heller sjå til å undersøke saka, og i hylla nede på guterommet stod bøkene faktisk endå. Urørte og nedstøva.  Og etter kvart kom alt tilbake til meg. Korleis eg begynte å lesa året før eg begynte på skulen, korleis eg kunne ligge på senga i timevis og bli heilt oppslukt av historiene. I lyset frå nattlampen, mens vinden ruska i skogen der ute.  Det kribla i magen når eg no let hendene å gli over ryggane. Alle GGG-bøkene. Rune Belsvik sine.  Dei fleste av Tormod Haugen sine. Zeppelin for eksempel. Berre synet av denne tittelen fekk det til å gå eit sug gjennom magen.  Og altså, Røvet av vikinger av Torill Thorstad Hauger. Det same suget. Eg tok denne med heim og begynte å lesa for mine eigne ungar same kvelden.

Røvet av vikinger er forteljinga om dei to irske søskena Patric og Sunniva, som ein gong på nihundretalet blir rivne bort frå foreldra, ført over havet og som endar som trælar hos ein jarl i Norge. Eg var spent. Kunne dette fenga min vesle fantasyslukande niåring? Ikkje ein eldsprutande drage i sikte. Ikkje ein trylleformular eller magisk ring.  Og ikkje minst: Kunne det fenga meg som blasert førtiåring?

Eg er glad og letta over å kunne slå fast at både eg og ungane blei sogne inn i forteljinga. Boka er godt og truverdig skriven. Ein kan kjenne luktene, sjå fargane, kjenne stoffet i kleda. Ein trur på karakterane. Det er humor, spenning og tragedie. Det er vennskap, gryande forelsking, vald og djup avmakt. Men mest spanande av alt er det at dette kunne ha gått føre seg rett nedi stranda her. Det er eit levande bilde av vår fjerne historie.

(Mindre truverdig blei det heller ikkje då eg googla forfattaren og fann ut at ho mellom 1970 og 1975 jobba ved Oldsaksamlinga ved Historisk Museum i Oslo, og blant anna arrangerte utstillingar om vikingtida. )

Les denne!

Røvet av vikinger står å lese hos bokhylla.no.

Roald Kaldestad er barnebokforfattar, låtskrivar og gitarist. Han sender stafetten vidare til musikar Odd Nordstoga.



Skrevet av:
Kommentarer