Mitt barnebokminne – Barndomslandet

Mitt barnebokminne – Barndomslandet

"Moro med folkeskikk"

Munro Leaf

Barndomslandet Gyldendal 1963

Svein Slettan, Universitetet i Agder

Gyldendal

1963

Det første som dukkar opp i barnebokminnet, er Barndomslandet, som eg dukka ned i ein gong på 1960-talet. Og blei der, ser det ut til.

For når eg blar i denne antologi-serien, dreg eg kjensel på mykje. Kan slikt gjerast betre? spør eg meg nostalgisk, og sender ein vennleg tanke til Jo Tenfjord & co. Bra tekstar! Fine teikningar! Og så elegant komponert saman!

Eg leitar etter det spesielle barnebokminnet som førte meg tilbake til denne serien, og finn det i bind 2, Jeg vet en deilig have (1963). «Moro med folkeskikk,» heiter teksten, skriven og illustrert av Munro Leaf, mannen bak den legendariske forteljinga om oksen Ferdinand. Her og nå forstår eg at «Moro med folkeskikk» er ein konsentrert versjon av Leafs bok Manners can be fun (1936), utgitt på norsk med tittelen Moro å være snill (1947). Inn i den boka kunne eg kanskje ha kome om nokon hadde synt meg vegen ut av Barndomslandet. Men kvifor det, antologiversjonen fungerte godt for meg!

Kva kan eg ha likt i «Moro med folkeskikk», eit knippe rikt illustrerte læresetningar om skikk og bruk? På den eine sida er dette så skikkeleg at ein skulle tru det måtte bli keisamt: «Vi vasker oss og pusser tenner uten bråk og sure miner.» «Vi snakker ikke med mat i munnen, så vi får ikke bollekinner». På den andre sida traff emnet rett inn i mitt barneliv og engasjerte meg. Eg ser òg at språket har ein rytmisk kvalitet som nok var tiltalande. Og særleg: Det er eit raust dryss av illustrasjonar i barneteikning-stil ut over sidene – så overdrivne og karikerte at eg hugsar eg lo godt av dei. Truleg var dette første gongen eg såg bilete i barnebøker laga på ein slik måte. Primitivt, komisk og uendeleg uttrykksfullt. Særleg gøy blei det når Leaf fann opp lett surrealistiske figurar som personifiserte dårleg folkeskikk, som «KNUS», «RIV» og «RAS», «KLÅFINGER» og «MEG FØRST».

Det er gammalt og velprøvd, dette, moralisering med humor – nokre gonger så mykje humor at moraliseringa blir latterleg. Munro Leaf ville ikkje gå så langt. Så vidt eg kan sjå fann han seg godt til rette med formaningane sine, og det er vel ikkje så bra, tenkjer eg her eg sit. Men den leikande humoristen i han laga fabelaktige teikningar som trakk det heile utover mot eit friare felt der eg kunne more meg som eg ville.

Ein som nok hadde eit meir anstrengt forhold til moralisering, var Heinrich Hoffmann, som midt på 1800-talet laga sine komiske moralhistorier på vers i Struwwelpeter. Når eg blar i Barndomslandet, finn eg faktisk to av dei igjen i same bindet som «Moro med folkeskikk». Som vaksen tenkjer eg at det er Hoffmann, med sine parodiske og ironiske kvalitetar, eg burde ha hugsa. Men nei, Munro Leaf med sin muntre moral er den som står klarast i barnebokminnet.

admin