Motstandslaust om motstand

Motstandslaust om motstand

Boktittel: Max Manus

Forfatter: Andreas K. Iversen

Illustratør: Andreas K. Iversen

Forlag: Kagge

Årstall: 2024

Antall sider: 192

Sjanger: Teikneserie

Andreas K Iversens biografiske teikneserie om motstandshelten Max Manus er ei skuffande flat og unyansert forteljing, men byr til gjengjeld på spaning og action.

Me blir liksom ikkje ferdige med den andre verdskrigen. Sidan filmen om Max Manus tok Noreg med storm i 2008, er det etterlatne inntrykket at krigsfilmar er det som dominerer norsk film. Også i barnelitteraturen, både når det gjeld teikneseriar og annan prosa, fløymer det over med bøker som tar for seg krigserfaringa. Det er ikkje nødvendigvis eit problem, men alt har sitt mettingspunkt. Kor mykje krig er for mykje krig?

Illustrasjon av Max Manus som kaster seg ut av vinduet, "heller enn å gi seg over til fienden".

Aktualitet

No når verda rundt oss barkar saman i den eine krigen etter den andre, kan ei bok som Andreas K. Iversens Max Manus likevel kjennast aktuell. Både krigen i Ukraina og i Gaza reiser spørsmål om motstand og dikotomien terrorist og fridomskjempar. Forteljinga om Max Manus og oslogjengens aksjonar mot okkupasjonsmakta i Noreg under andre verdskrigen problematiserer ikkje desse spørsmåla i nemneverdig grad, – det er ei temmeleg svart-kvit historie om det Gode mot det Vonde – men ho kan likevel få ein lesar til å reflektere over kva som er verd å kjempe for, og kvifor. Boka opnar med å oppmode lesaren til ein slik refleksjon: «Tenk deg at friheten din en dag blir tatt fra deg,» seier forteljarstemma. «Ville du godtatt situasjonen? Eller ville du kjempet?».

Illustrasjon av Kong Haakon som er på flukt, og Quisling som snakker i radioen.

Ein flat Manus

Forteljarstemma høyrer til Max Manus sjølv – som me i siste rute skjønar må kome frå grava – og fungerer både som bindeledd i det større narrativet og Manus si indre stemme undervegs. Biografiar fortald i førsteperson har både svakheiter og styrkar: På den eine sida kjem ein nærare hovudpersonen og stiller ikkje for sterke krav til nyansar; på den andre sida kan fråværet av desse nyansane svekke truverdet til forteljinga. Max Manus er strengt tatt ei rein heltesoge, rett nok med tilløp til eller forsøk på nyanseringar, og er difor avhengig av ei tydeleg karakterskildring. Diverre kjem me aldri heilt inn på kven Max Manus var. Det er til dømes vanskeleg å få tak på kvar den sterke motstandsviljen og patriotismen kjem frå, særleg når dei første sidene går med til å framstille han som ein reiselysten eventyrar og adrenalinjeger. Det går ikkje heilt opp. I førstninga av motstandskampen er han vidare framstilt som ein litt enkel og sjølvrettferdig karakter, og det er ikkje før me er halvvegs i forteljinga at ein kjem meir under huda på han. Nyttårsaftan 1943 syklar han gjennom eit okkupert Oslo og tenkjer hemnlystne tankar om dei han dreg forbi – dei likegyldige, dei norske jentene som har tyske kjærastar, kollaboratørane og krigsprofitørane, NS og Quisling: «Dere skal alle få deres!». Sjølv om det finst korte refleksjonar over alt frå deportasjonen av norske jødar til frykta for å døy, er Max Manus ein karakter det er vanskeleg å sympatisere med. Ikkje fordi han er usympatisk, men fordi han er for flat og karikert.

Ein av grunnane til at Max Manus er ein så flat karakter kjem nok av at heile boka gir eit flatt inntrykk, også i teiknestilen. Andreas K. Iversen er ofte god på nærbilete av personar, men det luggar litt når det kjem til perspektiv og scener med raske rørsler. Fartsstripene ser til dømes oftare ut som spindelvev eller regnskol enn faktisk rørsle. Mange av bakgrunnane er også blasse eller tomme, noko som gir eit enkelt og traust inntrykk, kanskje også grunna den dominerande bruken av sepia og blått. Teiknestilen er ikkje realistisk, men Iversen meistrar godt den fransk-belgiske karakterstilen. Denne stilen gjer også boka meir tilgjengeleg, særleg for unge lesarar.

Illustrasjon av Max Manus på sabotasjeoppdrag til sjøs.

Krigståka

Å formidle krigserfaring til barn er ikkje lett. Ein tenkjer gjerne at barn ikkje kan ta inn over seg mørkeret og den kompliserte krigståka, men barn har også krav på å bli tatt på alvor. Scener der Manus sine handlingar fører til at andre motstandsfolk blir internerte eller drepne førekjem, men dei blir ikkje dvelt ved i stor grad. Stort sett blir slike scener punktert med formuleringar som «… de døde som helter» eller liknande. Likeins blir deportasjonen av dei norske jødane nemnt som ein parentes i ei rute. No har ikkje eg sett meg like godt inn i kjeldene som Iversen, men det må vere rom form meir pusterom i soga om Max Manus. Også barn mellom ni og tolv (som er målgruppa) bør få møte kompliserte karakterar og få innsikt i kva krig gjer med menneske – ut over at det er spanande.

Illustrasjon av illegalt avisarbeid.

Som rein, actionprega helteforteljing fungerer Max Manus greitt, men ho tilfører ikkje noko nytt til historia, og til å handle om motstand er det heile for motstandslaust. Likevel trur eg boka vil appellere til barn på mellomtrinnet som allereie er interesserte i den andre verdskrigen (boka inneheld ei fyldig ordliste som set ting i perspektiv) eller som berre set pris på ei spanande røvarhistorie.

For dei som ønskjer eit meir nyansert blikk på den andre verdskrigen kan eg tilrå Ida Larmos Rigel (Strand, 2022), Motstandsbarna-serien (QlturRebus, 2022-2023) eller Bondes Vi kommer snart hjem igjen (Spartacus, 2022).

Asle Sætre

Fødd 1978. 15 års erfaring som norsklærar på vidaregåande trinn. Jobbar på Fyllingsdalen videregående skole og er teikneseriemeldar for webtidsskriftet Serienett. BA i litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen og held på med ein mastergrad om sjølvbiografiske teikneseriar.