Tittel: Nær nok. Noveller
Tekst: Erna Osland
Forlag: Samlaget
Årstall: 2004
Antall sider: 99

Nær nok. Noveller

Noveller om nærleik

Erna Osland er festspeldiktar i Bergen i år, noko som gjev henne plass i eit svært så eksklusivt selskap av forfattarar – frå Olav H. Hauge til Dag Solstad. Det er grunn til å gle seg over at ein barnebokforfattar for fyrste gong har fått ei slik gjev rolle. Det er òg grunn til å gle seg over Erna Osland si bok av året,Nær nok er ei langt på veg svært vellukka novellesamling.

Osland sin forfattarskap er betydeleg, både når det gjeld omfang og kvalitet. I mange av bøkene har ho vore dristig nok til å skrive om opprørande og uuthaldelege hendingar. For det opprørande hender òg mellom barn, og det går an å skrive om det for barn. Mellom dei ting Osland har skrive om, finn vi ei jente som bur heime med ei død mor i stova (Kattespranget, 1998), om flyktningar med vonde bilete i hovudet (Ulvens skugge, 1993), om pengeutpressing på skulen, og om å gå med kniv i ranselen (Berre du som veit, 2003). Forfattarskapen til Erna Osland spenner over eit stort register. Vi finn og lattermilde kjærleiksforteljingar (Sikkert som S, 1998), spenningsbøker av meir konvensjonelt merke (Daniella D-bøkene) og noveller om pinlege og pikante situasjonar. Årets bok frå Osland er, som førre årets, ei novellesamling; Nær nok.

Slik tittelen fortel, krinsar dei ti korte novellene kring nærleik, særleg når det gjeld forholdet mellom foreldre og barn. Heilskapen i samlinga kjem til uttrykk ved at fleire av novellene grip fatt i same tema på ulike vis. Eit døme er den ukjende faren som freistar bli ein del av dottera sitt liv, medan faren i neste novelle forsvinn inn i seg sjølv, i grubleri. Ein tredje far vel å reise vekk frå dottera, busetje seg utanlands. I alle dei tre tilfella blir lesaren sitjande usikker att. Ein kan ikkje vite om det vil gå godt med nokon av dei tre far-barn-relasjonane.

Unge menneske som strevar med å finne sin veg, blir i novellene tydelege som kontrastar til foreldra eller besteforeldra sine. Somme tider blir det dei unge som må gå inn i foreldrerolla, slik som guten i sluttnovella «Klar til å kysse». Dette er ei av dei finaste novellene i boka, og ho syner fram nokre av Erna Osland sine særlege kvalitetar. Forholdet mellom guten og bestefaren er her skildra med god innsikt, her er det er sanselege detaljar og finurleg dialog. Guten hjelper bestefaren gjennom ei livskrise, og syter fint for at både bestefaren og han sjølv får ha æra si i behald. Novella er vel komponert, med fleire spennande høgdepunkt og ein overraskande sluttdel.

Både opnings- og sluttnovella slår an ein smilande tone, som slett ikkje tar bort det alvoret som òg finst her. I mange av dei andre novellene er det større dominans av vanskelege kjensler, til dels verkeleg vonde. Den svartaste er utan tvil «Veslebror og Karlson», der ein liten gut tek på seg eit altfor stort ansvar for den psykisk utviklingshemma bror sin. Lesaren får frå fyrste stund ei mørk kjensle av at dette ikkje kan gå bra, ved å lese opninga: «Kvar kveld må han be om tilgjeving». Gjennom økonomisering med ord og verkemiddel får forteljinga eit stramt og fortvila preg. Katastrofen er ikkje til å unngå.

Ikkje alle novellene er konsentrerte i same grad. Somme av dei slår an eit tema, for så å sleppe lesaren før forteljinga er skikkeleg etablert. Dette gjeld særleg «Ikkje ei rotte» og i nokon grad og «Ta si tid», trass i at desse novellene er mellom dei mest omfangsrike i samlinga. Her blir tekstane ståande meir i stampe. Sjølv om det finst dramatiske situasjonar og store konfliktar her, blir ikkje potensialet heilt forløyst i desse to forteljingane; lesaren kjem ikkje nær nok, slik ein helst skulle.

Novellene sitt språklege uttrykk skapar bilete, lydar, fargar, ljos og mørker, alt utan å bli ordrikt. Boka gjev sterke og tydelege innblikk i situasjonar der mykje står på spel, og novellene har i mange tilfelle open slutt. Sjølv om tekstane er enkle å lese, språkleg sett, er dette ei bok som vender seg til tenåringar og unge vaksne med ein del livserfaring.

Noveller er ein liten sjanger, blir ofte usynleg mellom dei store forteljingane, og treng særleg merksemd frå formidlarane. Ynskjer ein å la unge lesarar oppdage god, moderne nynorsklitteratur, er Oslands noveller fine å bruke, både for norsklærarar, bibliotekarar og andre som arbeider med litteratur.



Nær nok. Noveller

Noveller
99 sider
Samlaget 2004

Meld av Åse Kristine Tveit

Noveller om nærleik

Erna Osland er festspeldiktar i Bergen i år, noko som gjev henne plass i eit svært så eksklusivt selskap av forfattarar – frå Olav H. Hauge til Dag Solstad. Det er grunn til å gle seg over at ein barnebokforfattar for fyrste gong har fått ei slik gjev rolle. Det er òg grunn til å gle seg over Erna Osland si bok av året, Nær nok er ei langt på veg svært vellukka novellesamling.

Osland sin forfattarskap er betydeleg, både når det gjeld omfang og kvalitet. I mange av bøkene har ho vore dristig nok til å skrive om opprørande og uuthaldelege hendingar. For det opprørande hender òg mellom barn, og det går an å skrive om det for barn. Mellom dei ting Osland har skrive om, finn vi ei jente som bur heime med ei død mor i stova (Kattespranget, 1998), om flyktningar med vonde bilete i hovudet (Ulvens skugge, 1993), om pengeutpressing på skulen, og om å gå med kniv i ranselen (Berre du som veit, 2003). Forfattarskapen til Erna Osland spenner over eit stort register. Vi finn og lattermilde kjærleiksforteljingar (Sikkert som S, 1998), spenningsbøker av meir konvensjonelt merke (Daniella D-bøkene) og noveller om pinlege og pikante situasjonar. Årets bok frå Osland er, som førre årets, ei novellesamling; Nær nok.

Slik tittelen fortel, krinsar dei ti korte novellene kring nærleik, særleg når det gjeld forholdet mellom foreldre og barn. Heilskapen i samlinga kjem til uttrykk ved at fleire av novellene grip fatt i same tema på ulike vis. Eit døme er den ukjende faren som freistar bli ein del av dottera sitt liv, medan faren i neste novelle forsvinn inn i seg sjølv, i grubleri. Ein tredje far vel å reise vekk frå dottera, busetje seg utanlands. I alle dei tre tilfella blir lesaren sitjande usikker att. Ein kan ikkje vite om det vil gå godt med nokon av dei tre far-barn-relasjonane.

Unge menneske som strevar med å finne sin veg, blir i novellene tydelege som kontrastar til foreldra eller besteforeldra sine. Somme tider blir det dei unge som må gå inn i foreldrerolla, slik som guten i sluttnovella «Klar til å kysse». Dette er ei av dei finaste novellene i boka, og ho syner fram nokre av Erna Osland sine særlege kvalitetar. Forholdet mellom guten og bestefaren er her skildra med god innsikt, her er det er sanselege detaljar og finurleg dialog. Guten hjelper bestefaren gjennom ei livskrise, og syter fint for at både bestefaren og han sjølv får ha æra si i behald. Novella er vel komponert, med fleire spennande høgdepunkt og ein overraskande sluttdel.

Både opnings- og sluttnovella slår an ein smilande tone, som slett ikkje tar bort det alvoret som òg finst her. I mange av dei andre novellene er det større dominans av vanskelege kjensler, til dels verkeleg vonde. Den svartaste er utan tvil «Veslebror og Karlson», der ein liten gut tek på seg eit altfor stort ansvar for den psykisk utviklingshemma bror sin. Lesaren får frå fyrste stund ei mørk kjensle av at dette ikkje kan gå bra, ved å lese opninga: «Kvar kveld må han be om tilgjeving». Gjennom økonomisering med ord og verkemiddel får forteljinga eit stramt og fortvila preg. Katastrofen er ikkje til å unngå.

Ikkje alle novellene er konsentrerte i same grad. Somme av dei slår an eit tema, for så å sleppe lesaren før forteljinga er skikkeleg etablert. Dette gjeld særleg «Ikkje ei rotte» og i nokon grad og «Ta si tid», trass i at desse novellene er mellom dei mest omfangsrike i samlinga. Her blir tekstane ståande meir i stampe. Sjølv om det finst dramatiske situasjonar og store konfliktar her, blir ikkje potensialet heilt forløyst i desse to forteljingane; lesaren kjem ikkje nær nok, slik ein helst skulle.

Novellene sitt språklege uttrykk skapar bilete, lydar, fargar, ljos og mørker, alt utan å bli ordrikt. Boka gjev sterke og tydelege innblikk i situasjonar der mykje står på spel,
og novellene har i mange tilfelle open slutt. Sjølv om tekstane er enkle å lese, språkleg sett, er dette ei bok som vender seg til tenåringar og unge vaksne med ein del livserfaring.

Noveller er ein liten sjanger, blir ofte usynleg mellom dei store forteljingane, og treng særleg merksemd frå formidlarane. Ynskjer ein å la unge lesarar oppdage god, moderne nynorsklitteratur, er Oslands noveller fine å bruke, både for norsklærarar, bibliotekarar og andre som arbeider med litteratur.



Skrevet av:
Ingen kommentarer.

Legg igjen en kommentar

Legg inn din meaning her. Vær hyggelig. Din e-post vil holdt anonym.