Når fantasien tek over

Når fantasien tek over

Boktittel: Frankie og fantomsmertene

Forfatter: Thor Soltvedt

Forlag: Kapabel Forlag

Årstall: 2025

Antall sider: 76

Sjanger: Roman

Med sin nye roman går Thor Soltvedt nye vegar og når kanskje dei minst leseinteresserte.

I studietida hadde eg eit vikariat i ein ungdomsskule i Bergen. Læraren eg vikarierte for, hadde gitt klassen i oppgåve å skrive stil om å hyggje seg ved peiselden. Ein av elevane lét fantasien reise heilt av med seg, slik at den korte historia enda med at han vart president i USA! Denne fjerne leseopplevinga dukka opp i minnet etter kvart som eg las Thor Soltvedts nye ungdomsroman.

Han har òg late fantasien få utfalde seg fritt, rett nok gjennom ein draum som utgjer det meste av den korte romanen, kortare enn bøkene forfattaren elles har skrive. Dessutan bryt han med måten han har skrive dei tidlegare ungdomsbøkene sine på. Ikkje berre er den nye romanen skriven på nynorsk; teksten blir også presentert som prosalyrisk. Men det skal meir til enn ujamne linjer og totalt fråvær av punktum og komma for å gjere ein tekst prosalyrisk. Det er absolutt lyriske innslag i forteljinga, men mest prosa – formidla i stort sett korte, effektive setningar som truleg lett vil både fange unge lesarar og halde på merksemda deira gjennom dei om lag 70 sidene.

Hovudperson og førstepersonforteljar er ti år gamle Frankie Falk Fure, FFF. Han har eit handikap – venstre leggen hans er vekke, saga bort for halvtanna år sidan av den sagglade doktor Dybwad på sjukehuset.

Kvifor?

Alt vi får vite er at leggen hadde visna og ikkje var til noko nytte, «Lealaus som ein fiskepudding». Tilbake er berre stumpen, som sender signal til hjernen om at det klør og verker i leggen som ikkje finst. Slike fantomsmerter plagar Frankie dagleg. Tiåringen har også ei anna smerte, eit sakn. Han saknar farfar Anders, som var postbod og god fotballspelar, men ønskte å bli musikar, og som døydde seks veker før FFF blei født. Men den mørkredde guten har eit bilete på veggen av farfaren, med djupe blå auge og eit varmt smil, eit bilete han nyttar som vern mot vonde nattedraumar.

«Det hender ofte eg lengtar etter farfar som eg aldri møtte Skulle så gjerne ha vore i lag med han Trur vi kunne funne på mykje kjekt», tenkjer Frankie. Og det som skjer seinare i romanen, tyder på at han nok har eit poeng.

Pingle P og Erling

Til trøyst for tapet har Frankie fått kvalpen Scott og ein fotprotese av stål som bror hans har døypt Pingle P.  Men kvardagen har meir ubehag å by på. På skulen blir han mobba med sårande ord av tre sjetteklassingar. Ein skulle tru at slikt var utenkjeleg, men det er dessverre ingen grunn til å tvile på realismen i det Soltvedt skildrar. No veit heldigvis Frankie å svare. Han hektar Pingle P av og slår ein av syndarane i hovudet med stålet sitt så han må på legevakta.

Sjølv må Frankie på rektors kontor, der det er meir formaningar enn medkjensle å hente.

Synneva med fletter, smilehol og brune auge er ny i klassen. Optimistiske Frankie forelskar seg i henne, men skremmer først livet av den stakkars jenta då han brått slengjer stålfoten opp på pulten og syner fram Pingle P og stumpen.

Nedtrykt, heime i senga tek han til å leike med ordet fantomsmerte. Via smertefantom, smertefantasiar og fantasifantom, kjem han fram til fantomfantasiar. Så legg han seg under dyna, lèt fantasien spele seg ut og ser inn i ei anna verkelegheit, «der alt kan hende som i ein draum.»

Og alt hender i draumen han no går inn i.

Brått sit han på ein benk med farfar og Synneva. Så finn han ein trestokk på stranda, ein stokk med eit metallskilt, der det står fem små linjer:

Har du rikeleg med tru og mot

er stokken ikkje vanleg skrot

men ein vedunderleg og magisk fot

Hent kniven fram og spikk i veg

Då skal foten aldri svikte deg

Om natta blir stokken forvandla til «ein nydeleg fot med bua legg og det heile». På fotballbanen har FFF aldri vore noko ess, heller ikkje før Dybwad med saga fekk sleppe til. Men med nok ein løfterik tekst varslar stokken, som no har fått namnet Erling, om nye tider.

I ein kamp mot det beste laget i byen får duoen Frankie Fure og Erling Trefot høve til å vise seg fram. Dei er i ferd med å gjere veg i vellinga, då trefoten får eit brutalt spark og blir knekt i to. Neste stopp er sjukehuset, der doktor Dybwad ivrar etter å starte den elektriske saga si. Då han koplar straum på motorsaga, gir Erling sagmannen eit spark bak så han flyr ut gjennom døra og flyktar til Færøyane.

Så kom Frank Sinatra

Ein slik roman skal sjølvsagt ha ein lykkeleg slutt for både levande og døde. Rett nok er Erling borte då Frankie vaknar neste morgon, men noko av magien heng att, truleg i form av dagdraumar. For sjå om ikkje den døde farfaren har fått lokka den minst like døde Frank Sinatra opp av grava så han kan gi ein intimkonsert i den gamle gymsalen på skulen. For det er jo berre litt magisk fantasi som skal til for å få fart i saker og ting, om vi skal tru farfaren. Det hjelper for kjærleiken, òg.

Humor har alltid hatt ein plass i bøkene til Soltvedt, og humoren finst også i denne, både i replikkvekslinga og handlinga. Ofte like under alvoret. Sidan draumehistoria er ganske morosam i seg sjølv, blir ikkje humoren overdrive, men servert i passe dosar og gjerne i slike former at FFF også kan spøke med sitt eige handikap.

For unge, lite lesemotiverte ungdommar kan dei luftige sidene og dei korte kapitla med korte setningar og enkelt språk vere det som får dei til å velje nett denne boka. Og har dei først opna boka og sett humoren og galskapen, vil dei neppe leggje ho frå seg før siste side er lesen. Soltvedt har alltid hatt sitt ungdomspublikum, sjølv om bøkene hans tradisjonelt har vore lengre og meir kompakte. Med denne boka er det grunn til å håpe at han når endå lengre ut.

Forteljinga om Frankie viser korleis fantasien kan gjere ein vanskeleg kvardag både rikare og meir uthaldeleg for ein kreativ gut, heiter det i bokas baksidetekst.

Tru det. Draumar kan gi både trøyst og flukt frå alt det vonde. Men dei er ikkje alltid så mykje å møte kvardagen med. For det er ikkje i kvardagen, men langt borte frå realismen, at Frankie opplever medgangen. Når røyndommen er tilbake, kor langt vil draumen hjelpe han då?

Grunna redaktør i Barnebokkritikk si rolle i forlagsprosessen med denne boka, er bokmeldinga skriven av ein ekstern meldar, og sett ut til ekstern redigerar.

Jan H. Landro

F. 1948. Journalist og forfatter, mangeårig kulturjournalist og kulturredaktør i Bergens Tidende. Ledet arbeidet med å gjenreise J.W. Eides forlag på 1980-tallet, har sittet seks år i ulike Brage-juryer. Har utgitt et dusin bøker, deriblant en Jon Fosse-monografi og en intervjubok med Dag Solstad. Teaterkritiker, filmkritiker og litteraturkritiker. Foto: Jan M. Lillebø