Når var det best å vere barn?
Boktittel: Barnas verdshistorie
Forfatter: Erna Osland
Illustratør: Victoria Sandøy
Forlag: Skald forlag
Årstall: 2025
Antall sider: 99
Sjanger: Sakprosa
Erna Osland er ein forfattar som stadig held fram med å utfordre seg sjølv – og lesarane sine. Denne hausten gir ho oss heile verdshistoria på under hundre sider.
Barnas verdshistorie er ei utgiving i godt og eksklusivt selskap. Eg kjem berre på to utgivingar som er samanliknbare. Jon Ewo skreiv norsk historie i seks bind allereie i 2004–2006. I fjor ga Eirin Holberg og Åshild Irgens ut Steinalderen: 10 000 år gamle tyggisar og hovudskallar på stong, og her kjem sannsynlegvis fleire bind. Dei to tidlegare prosjekta liknar på Erna Osland og illustratør Victoria Sandøy sitt fordi dei gir oversikt over heile historiske periodar, dei gjer det frå eit barneperspektiv, og alle tre fører ein tenkt dialog med lesaren.
Årets utgiving skil seg frå dei andre på to vesentlege punkt. For det første skal heile verdshistoria forteljast, ikkje berre ein epoke, eller frå eitt land. Dessutan: Dei andre fortel i fleire bind, Osland og Sandøy gir oss alt i ei einaste, tynn lita bok. At dei lykkast, er først og fremst Osland sin forteneste.

Ambisjonar kvar gong
Osland har skrive barne- og ungdomslitteratur i alle sjangrar sidan 1987, og ho gjer stadig noko nytt. På sakprosafeltet spenner litteraturen hennar frå psykologiske undersøkingar av latter, via teknologiske bøker om bruer, til naturfaglege biletbøker om dyreliv. Sakprosaen hennar er alltid grundig gjennomarbeida, både fagleg, språkleg og pedagogisk.
Barnas verdshistorie er ei forbausande god innføring i verdshistoria, trass i at det vestlege perspektivet dominerer og at teksten konsentrerer seg om berre tre hovudspørsmål: Kva og korleis lærer barna til ulike tider? Kor mykje fritid har dei og kva brukar dei han til? Kor glade er dei vaksne i barna sine, og korleis viser dei det?

Knapt og presist
Osland har valt å dele historia si inn i fire epokar etter kva menneska gjennom tidene byggjer velferda si på: jakt, jordbruk, koloniar og fabrikkar. Ho byrjar for 3 millionar år sidan med ein treåring i Afrika og avsluttar i notid med eit globalt blikk på barnearbeid. Undervegs trekkjer ho fram lagnaden til konkrete barn – ei tysk jente funne for 3000 år sida i ei dansk grav, barndommen til historiske personar som Magnus den gode eller Isaac Newton, og skildringar av barn i engelske gruver på 1800-talet. Ho held seg til dei tre spørsmåla sine, og på forunderleg vis får ho fortalt om kompliserte samfunnsstrukturar som føydalsystemet, trekanthandelen og den industrielle revolusjon.
Forfattar og illustratør har eit heilt arsenal av pedagogiske grep som gjer forteljinga komprimert, utan at ho mistar presisjon og nyansar. Alle dei store skifta i europeisk historie blir skildra, og gjennom sidetekster og bilettekster sørgjer Osland for at hovudteksten ikkje står fram som den einaste måten å fortelje historia på. «Framleis er det ting vi ikkje veit» skriv ho, eller: «Historia kan forteljast på ulikt vis, alt etter kven som fortel.» Dermed problematiserer ho at dei fleste eksempla er henta frå den vestlege verda, og lesaren får likevel glimt frå andre verdsdelar til å bli nysgjerrig på andre perspektiv.
Metahistorie
Det er denne metadelen av prosjektet som imponerer meg mest. Osland skriv at vi må «bruke både kunnskap og fantasi», og gjennom teksten får vi mange eksempel på korleis vi kan bruke arkeologiske funn eller ein lovtekst til å forstå korleis menneska før i tida levde. Teksten er dessutan krydra med direkte oppfordringar til lesaren om å skape historia saman med ho: «Tenk deg at du sit i ein kano!», «Tenk deg at du er med mor og far på åkeren.» eller «Tenk deg kor grufullt det var!».
To ramnar flyg frå bokside til bokside og kommenterer det som blir fortald. Dei to får aldri namn, men det er nærliggande å tenkje at dei skal førestille Hugin og Munin, og gi assosiasjonar til kritisk tanke og hukommelse. Dei oppfører seg i alle fall i pakt med denne mytologiske referansen. Nokre gonger har dei kritiske spørsmål, andre gonger meir informasjon som støtter opp om hovudteksten.
Enkle illustrasjonar
Barnas verdshistorie gir inntrykk av å vere gjennomtenkt på alle nivå, frå dei større grepa, ned til val av formuleringar og ordval. Linedelingane i teksten er tydeleg laga for at boka skal vere lettlesen, og som vanleg skriv Osland med ein rytme som egnar seg godt til høgtlesing. Det einaste eg ikkje blir heilt klok på, er illustrasjonane.
Trass ei fartstid på knappe åtte år har Victoria Sandøy illustrert ein stor mengde norske og britiske biletbøker. Uttrykket hennar er enkelt og leikent, med ein trygg og smilande energi, som i alle fall får meg i godt humør. I Barnas verdshistorie skapar dette ei ufarleg ramme rundt nokre av dei meir brutale historiske detaljane til Osland. Sandøy lar ikkje vere å teikne slavebarn, barnelik og barnearbeid, men den enkle stilen tar brodden av det vi ser. I ettertid er det alle barna som leiker og ler som sit att i minnet. Dette er eit val eg kan forstå og støtte.

Dessverre har Sandøy sin stil også ei problematisk side. Det blir ekstra tydeleg når ein samanliknar med Åshild Irgens sine illustrasjonar i Steinalderen. Irgens la stor innsats i å teikne steinalderklede og reiskapar i tråd med nyare forsking. Sandøy vel i staden å forenkle, slik at drakter og gjenstandar liknar meir på gamle stereotypiar. Eg forstår heller ikkje kvifor Sandøy skal teikne ein rudimentær versjon av Pieter Brueghels fantastisk detaljerte bilete av barneleiker, framfor å la boka vise fram originalen. Begge desse tilfella er eksempel på forenklingar som ikkje samsvarer med nyansane vi finn i sjølve teksten.

Brageprisen
For ein månad sidan vann Barnas verdshistorie Brageprisen 2025 for beste sakprosabok for barn og unge. Det er ein velfortent pris til ei bok som er audmjuk medviten om at ho berre har gitt lesarane ein smakebit på historia. På siste side i Barnas verdshistorie flyg dei to ramnane over boksida:«Verdshistorie? Har vi fått lese om alle i heile verda til alle tider?» spør den eine. «Inga historiebok kan fortelje alt» svarar den andre. Lesaren får ei klar oppfordring om å flyge vidare til nye bøker, slik at ein kan lese og lære meir.
Les også melding av Erna Osland og Annette Saugestad Hellands «Gratulerer, Anna!».
