Tittel: Alberta Ensten och uppfinnarkungen
Tekst: Malin Klingenberg
Forlag: Fontana Media
Årstall: 2014
Antall sider: 122

Nominert til Nordisk pris: Den vakraste tannreguleringa i verda

Malin Klingenberg syr det kvardagslege saman med det spektakulære i Alberta Ensten och uppfinnarkungen. Det gir ei fornøyeleg leseoppleving, som ein rett nok har sett maken til før.

Eg merkar ei stødig litterær røyst med det same eg opnar Alberta Ensten och uppfinnarkungen, ei røyst som raskt gjer meg trygg på at Klingenberg fortener nominasjonen til Nordisk Råds barne- og ungdomslitteraturpris 2015. Boka er det sjølvstyrte området Åland sin representant på nominasjonslista.

Julegran i munnen?

I ein kort prolog presenterer Klingenberg lesaren for skurken i historia, den lumske Abraham Trynevald som stel geniale oppfinningar for å rane til seg merksemd og ære: «I morgon vid den här tiden skulle alla i hela staden fira honom. ”Uppfinnarkungen, Uppfinnarkungen” skulle de ropa, stadsorkestern skulle spela Sundvikshymnen till hans ära och stadens invånare skulle flagga». Ein slik stormannsgalskap har lesaren truleg møtt hos skurkar i andre barnebøker, men Klingenberg maktar likevel å halde eit uføreseieleg driv i forteljinga. Når første kapittel opnar, er det med tittelen «Alberta får en julgran i munnen».

Korleis skal dette gå til, tenkjer sjølv den vaksne og i augneblinken kanskje ikkje heilt finstilte lesaren. Forklaringa kjem raskt nok. Tannlegen spør Alberta om ho vil ha farge på tannreguleringa som han skal setje inn: «A hioo ie ha oåo ä, hade Alberta svarat. (Hon menade att hon inte ville ha någon färg». Dette misforstår tannlegen totalt, og sett inn ei glitrande diamantrad i kjeften hennar: «En stund senare såg Alberta ut som en amerikansk julgran i munnen».

Frisk og småfrekk tone

Slike snertne, overraskande samanlikningar kjenner ein også frå ei lang rekkje barnebøker – Astrid Lindgren og Maria Parr er berre to av fleire som meistrar det. I historia om Alberta og mora Pia Ensten både turnerer og balanserer Klingenberg denne typen humor godt. Tonen er frisk og småfrekk, men sjeldan berre flåsete, og formuleringane hennar er sterke nok til å vekke sjølv lesaren som slumrar i sofakroken: «Hon var smartast av alla men skröt inte om det. Hon var aldrig elak mot någon. Och så doftade hon gott, som en blandning av katter och kanel».

Dette er Tor sine tankar om Alberta, og sidan Tor er forelska i Alberta, er dei ikkje reint objektive: «Tor hade aldrig sett något så vackert som Albertas tandställning. Det såg ut som om hon hade ätit diamanter». Men Alberta har eit godt auge for Tor òg, så det får stå si prøve. Saman blir dei to tatt med opp i lufta. Pias siste oppfinning – og bidrag til den store oppfinnarkonkurransen – er eit flygande hus som fantastisk nok går på sky- og solenergi. Pia har vunne denne konkurransen fleire år på rad, det er ho som er den rettmessige oppfinnarkongen, og ikkje juksemakaren Trynevald, som her kjem flygande på ein luftscooter for å stele oppfinninga hennar. Eg trur ikkje eg røper for mykje om eg seier at dette er ei glad-historie som endar med at heltane vinn og skurken taper så det ljomar. Men den lukkelege slutten kan også lesast med feministiske briller, særleg i lys av ein av Trynevalds siste replikkar, etter at han er blitt lurt trill rundt av Alberta og Tor: «Han rös till. Det måsta vara inbillning. En liten flicksnärta kunde väl ändå inte…».

Det er barna som reddar dagen i denne boka. Dei vaksne er stort sett opptekne med å konkurrere og avansere. Medan dei vaksne, inkludert Pia Ensten, ofte er sjølvopptekne og omsynslause, har Alberta og Tor stor rettferdssans og mot til å gjere godt. Difor pønskar dei ut ein plan for å nedkjempe Trynevald, og utan å røpe for mykje, må det nemnast at den vakraste tannreguleringa i verda spelar ei avgjerande rolle.

Mykje bra under sola

Illustrasjonane spelar òg ei viktig rolle i, eller saman med, teksten. Bileta spelar på lag med orda utan å redusere eller forflate dei; her ville teksten utvilsamt ha fungert godt på eiga hand, men den synest likevel å få ny giv av bileta. Alberta och uppfinnarkungen er ikkje først og fremst original, men opnar eit univers som er uføreseieleg og levande, og gir såleis ei tvers gjennom fornøyeleg leseoppleving. I denne samanhengen veg kvalitet meir enn originalitet.

Boka tilfører altså ikkje så mykje nytt under sola, men det er då mykje under sola som allereie er verdt å bruke tida si på. Det håper eg mange barn vil gjere. Kanskje kan dette vere til miljøteknologisk inspirasjon for ein ny generasjon forskarspirar med både rettferdssans og oppfinnartrong?



Skrevet av:
Ingen kommentarer.

Legg igjen en kommentar

Legg inn din meaning her. Vær hyggelig. Din e-post vil holdt anonym.