Tittel: Vinur minn, vindurinn (Min venn vinden)
Tekst: Bergrún Íris Sævarsdóttir
Illustratør: Bergrún Íris Sævarsdóttir
Forlag: Töfraland
Årstall: 2014
Antall sider: 24

Nominert til nordisk pris: Visuelt vakker bok om velkjent tema

Småbarnsboka Min venn vinden fungerer fint som samtaleutgangspunkt om veret. Det beste med boka er illustrasjonane. Teksten kunne derimot vore tydelegare fokusert, og konsentrert seg om ulike typar vind gjennom heile boka.

Bildeboka er både skriven og illustrert av den islandske barnebokdebutanten Bergrún Íris Sævarsdóttir. Boka kom ut på Island i 2104, og er i år innstilt til Nordisk Råds Barnelitteraturpris. Sævarsdóttir har ikkje skrive barnebøker før, men har illustrert mange.

For ein forfattardebutant må ei innstilling til ein så prestisjetung pris vere ei stor oppmuntring til å skrive meir. I denne boka er det lite tekst, og boka passar såleis først og fremst til barn under skulealder, og som utgangspunkt for samtale mellom eit barn og ein vaksen. Hovudtemaet er ver. Forteljinga startar med vinden, noko tittelen også understrekar, og det er hovudsakleg dei positive konnotasjonane til vinden som vert framheva innleiingsvis i bildeboka.

Ein leikande katt

Vindurinn-norsk-kopi-bilder_4-kopiAllereie på framsida ser vi at vinden inspirerer til rørsle eller røyrer ved dei som kjem i nærleiken av han. Katten dansar og hoppar i vinden, og det vert tydeleg at vinden kan vere ein god leikekamerat. Vinden vert synleg nettopp fordi han får naturen til å bevege seg, og dette vert understreka i oppslaga: Løvet dansar, trea bøyer seg og kan setje ned ting på same stad den bles dei vekk ifrå.

Katten dukkar opp på dei fleste oppslaga i bildeboka. Samstundes får vi høyre om ei bestemor og ein bestefar, og vi ser ungar i vindauga som ser på at katten leikar seg. Barna er kanskje noko overraskande passive, sidan dei ikkje er ute i naturen som katten, men vert tilskodarar gjennom vindauget. Besteforeldra er opptekne av vermeldinga, og av ulike vertypar: Bestemora lanserer blant anna omgrepet lurever, som er ustabilt og kan endre seg mykje i løpet av ein dag. Lesaren vert oppfordra til å tenkje på korleis vinden høyrest ut, og aktivisert gjennom setningar som: «Kan du hviske i brisen?» eller «Kan du brøle som stormen?» (sitat frå omsett versjon, red.)

Vindurinn-norsk-kopi-bilder_13-kopiHandlinga i boka er ikkje forteljande med ei spenningsoppbygging, i staden er oppslaga knytt til ulike assosiasjonar. Det vert vist at vinden kan ha ein stor styrke i seg, ikkje alltid vere snill eller leiken: «Av og til Bråker vinden og brøler som en løve. Da heter vinden storm». Etter kvart forlet forfattaren vinden som tema, og utvidar perspektivet til andre vertypar: regn, sol. Her kunne forfattaren med fordel halde seg til vinden som tema, eller knytt vinden endå tydelegare til årstider eller andre verfenomen, til dømes.

Aktivisering av lesaren

Sansing av naturen er viktig i boka, like eins viser forteljaren til ulike og meir spesifikke beskrivingar av ver: rennefokk, puddersnø, styrtregn eller finver. Slik skal lesaren verte klar over at ver kan beskrivast svært nøyaktig, og omgrepsinnlæring og omgrepsdjupn vert på denne måten understreka. Det ser ut til at målet til forteljaren er at barnet skal tenkje over korleis naturen høyrest ut, men også hjelpe lesaren til å få eit større ordtilfang om ulike verfenomen. Den vaksne vert kanskje også utfordra gjennom enkelte omgrep. Korleis forklarer ein fokksnø til eit barn? Kva er fokk? Viser ein bilde av det? Prøvar ein å forklare gjennom ord? Kva er samanhengen mellom vinden og fokksnøen? Boka er eit utgangspunkt for vidare diskusjonar om ver, og skal også få barnet til å sjå veret i sin her og no-situasjon: «Hvordan var været i dag?» Dette spørsmålet peikar ut over forteljinga, og vert ei oppfordring til å ta temaet vidare, og lære seg å snakke om veret på ein presis måte.

Flotte illustrasjonar og utheva typografi

Oppslaga er vakkert teikna, hovudsakleg i pastelltonar, og med få og tydelege verkemiddel. Katten er også her ein gjennomgangsfigur, og menneska held seg i bakgrunnen. Dynamikken i teikningane er viktig, og skapar samanheng mellom oppslaga. Når det gjeld teksten har den ulik storleik, og orda med forstørra typar er, slik eg les det, framheva for å skape nyfikne hos lesaren og fokusere på ordbildet. Slik vert lesinga og samtalen undervegs styrt av typografien i boka.

Sævarsdóttir har skrive ei visuelt vakker bok, med utgangspunkt i eit velkjent tema. Barn ser og opplever ver kvar dag, det er sansbart og i evig forandring. Derfor vert det også spennande. Boka kan gjerne trekkjast inn i større eller mindre prosjekt i barnehagen, og vere med på å stimulere til refleksjon.

Vindurinn-norsk-kopi-bilder_7-kopi

 



Skrevet av:
Ingen kommentarer.

Legg igjen en kommentar

Legg inn din meaning her. Vær hyggelig. Din e-post vil holdt anonym.