Nynorsk «godkjensle»

Nynorsk «godkjensle»

Knoterud FK – Solskjærs rose
Lars Mæhle
Steinar Moldestad (ill.)
81 sider
Cappelen Damm 2013

Knoterud FK - Solskjærs rose

Lars Mæhle

Cappelen Damm

2013

81

["95"]


Surare enn sitron/Hemmeleg gjest
Bente Bratlund
88 sider
Mangschou 2013

Surare enn sitron/Hemmeleg gjest

Bente Bratlund

Mangschou

2013

88

["87"]



Det er ein mager vår for barnelitteratur på nynorsk, men det finst i det minste to bøker med gode litterære kvalitetar.

Her på barnebokkritikk.no blei det tidlegare i år peika på at det i Språkåret 2013 berre finst 13 nye bøker for barn og unge på nynorsk. To av desse titlane står Lars Mæhle og Bente Bratlund for, og begge har det til felles at titlane er ferske tilskot i allereie etablerte lettlesne bokseriar. Eit av måla til Språkåret 2013 er å «skape større språkleg sjølvkjensle blant nynorskbrukarar og større aksept for den språkdelte norske kulturen» (www.språkåret.no). Det er difor på sin plass å lese og løfte fram delar av den litteraturen som skrivast på nynorsk.

Begge desse forfattarane er erfarne skrivarar av litteratur for barn og unge. Lars Mæhle blei mellom anna tildelt Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok 2009 for fantasyromanen Landet under isen. Det er meir enn 30 år sidan Bente Bratlund debuterte med ei lyrikksamling, og med ein stor produksjon gjennom åra, er ho kjent for mange lesarar. Dei to bokseriane rettar seg inn mot barn som les på eigenhand. Her skal det vere lett å kjenne seg att for alle sjølv om dei tilsynelatande rettar seg inn mot ulike kjønn. Dei handlar om kvardagslige ting som fotball og venskap, men likevel ikkje utan at ein tydeleg psykologisk problematikk er til stades.

Karikerte støttespelarar

Solskjærs rose er den niande boka i serien om fotballaget Knoterud FK, sannsynlegvis Noregs dårlegaste fotballag. I denne boka drar laget til Molde for å delta på Rosenes Cup. Her møter dei mellom anna sjølvaste Ole Gunnar Solskjær, noko som sjølvsagt er ei stor oppleving for aspirerande fotballproffar, både dei som er karakterar i ei bok og dei som er lesarar av boka. Cupen skapar ramma i historia, i tillegg er dette ei forteljing om eit mystisk brev, ei sjuk grandtante, ei uregjerleg mor og eit mogleg kjærastepar. Boka legg altså til rette for fleire moglege lesarperspektiv.

Knoterud FK har sjeldan vore nær å vinne ein einaste kamp. Då er det berre realistisk å håpe på prisen for beste sportsånd. Men laget mistar håpet når «muttra» må steppe inn som reserve for ein sjuk bussjåfør. At muttra er «den sprøyte sprøaste fotballpatrioten i solsystemet» er noko vi som lesarar blir overtydd om etter at ho blir bortvist i absolutt alle kampar i turneringa. Ikkje særleg god sportsånd der altså.

I siste kamp ligg Knoterud FK under med 14 mål, men her snur forteljinga: «Vi skal angripe med alt vi har av innsats og mot og hjarte!», er dei desperate orda til trenaren. Utfallet blir ein andreomgang verdig skjønnlitteratur. Framstillinga er morosam, velkomponert og spennande. Her er det nok komikk og spenningsmoment til å engasjere dei fleste lesarar.

Forteljinga legg dermed vekt på kor utslagsgivande ulik innstilling kan vere, plutseleg er fotball artig. Men psykologi og tankar og slikt er ikkje alltid like enkelt. Det syner boka når forfattaren av det mystiske brevet viser seg å vere grandtante Gudny som er innlagt på sjukehus fordi ho er deprimert. På lagbussen er det tagga «Det viktigaste er ikkje å vinne. Det er å ta vare på kvarandre.» Dette slagordet overskrid sjølve fotballspelinga, og at samhaldet i laget også gjeld utanfor banen, er bokas største melding.

Eg kan leggje til at serien om Knoterud FK ikkje berre er mogleg å lese på nynorsk. Bøkene blir omsett frå nynorsk til bokmål, noko som etter alle solemerker er økonomisk motivert. Dessverre. Bøkene om Knoterud FK har eit så lett språk at dei ikkje skal by på nokre problem for ein ung, nyfiken lesar, uavhengig av målforma. Det er nemleg tydelege språklege kvalitetar ved denne boka. Dei språklege bileta er ofte både morosame og originale.

Utvida familie

Boka Surare enn sitron/Hemmeleg gjest er den fjerde boka i serien om Hanna og Emma. Dei er besteveninner, i tillegg er dei gode vener med kameratane Sjur og Henrik. I denne boka har mora til Hanna fått seg kjæraste og han har ei dotter som er eit år eldre enn Hanna. Ho heiter Jill og ho kjem på overnattingsbesøk. Tidleg forstår vi problemet, Jill er nemleg ei surpadde og resten av forteljinga handlar om korleis Hanna taklar situasjonen. Det er først mot slutten vi forstår kvifor Jill er så sur: «Dei vil tvinga oss til å bli søstrer, seier ho.» No kan også Hanna identifisere seg med Jill og forteljinga ebbar ut med at Hanna tenkjer at ho kanskje kan komme til å like ho.

Den ytre handlinga er enkel, men inneheld likevel ein viktig tematikk som eg trur fleire kan kjenne seg att i. Kor mange lesande barn dette vil engasjere, er eg ikkje sikker på. Det mest spennande punktet i forteljinga er når Jill fortel om då ho fekk ring i nasen, farga håret grønt og prøvde å ta ein tatovering. Her ligg ein interessant spore mot sjølvstendelysten og noko opposisjonelt som nok for mange pregar overgangen mellom barn og ungdom.

Den andre forteljinga i boka handlar om kva som kan skje når fridomstanken kanskje blir for styrande. Det er igjen Jill som skapar uro i den elles så idylliske kvardagen til Hanna. Jill har rømt og søker hjelp frå Hanna, plutseleg er dei blodsøstrer og Hanna har ei plikt til å hjelpe med å skjule rømlingen. Denne forteljinga har ei spennande ytre handling, og skepsisen Hanna føler overfor Jill er framleis tydeleg. Det er dei kløyvde tankane om uklar lojalitet hos Hanna som gjer historia interessant på fleire plan. Her er gode skildringar av barndom i opposisjon til vaksenverda. Sjølv om historia uunngåeleg brått endar med at Jill blir oppdaga, landar forteljinga godt på beina.

Jenter med personlegdom

Sentralt står verdiane om samhald, dette gjeld for begge seriane. Solskjærs rose er ei bok der komiske og alvorlige element går saman i ei feelgood-forteljing. Sjølv om lagmoralen er på botn finst ikkje det problemet som ikkje kan løysast innafor dei trygge rammene til laget. Dette er ei morosam historie der karakterane ikkje er meir enn typar.

I Surare enn sitron/Hemmeleg gjest er karakterteikninga djupare. Dei tre jentene Hanna, Emma og Jill har ulike personlegdomar, og dei ligg til grunn for vala deira. Personlegdomen blir vist gjennom handlinga, og er ikkje berre påklistra eigenskapar. Det er også mogleg å lese desse historiene som forteljingar om overgangen mellom barndom og ungdom, og sterkast appellerer nok forteljingane til jenter. Hovudpersonane er jenter, og dei er oppteken av venskap og kjærasteri og ikkje så mykje anna. Dei speler ikkje fotball sjølv om dei tilsynelatande er interesserte i sporten, men då berre som publikummarar.  Det er eit poeng i handlinga at det er lite å ta seg til på bustaden og det å sjå kameratane spele fotball verkar å vere ein vanleg aktivitet. Rart at ikkje jentene er med?

Innleving og komisk distanse

Trass i eit meir overflatisk preg, er likevel ein av dei klare kvalitetane i forteljinga om Knoterud FK, det komiske i dei karikerte typane. Illustrasjonane til Steinar Moldestad er med på å forsterke denne distansen med sine overdrivne frisyrar og grimasar. Teikningane minner oss om noko vi har sett på japanske teiknefilmar som Pokemon, men aldri har Ole Gunnar Solskjær likna meir på ein Ivo Caprino-figur enn her. Det karikerte er noko vi finn att både i typegalleriet, språket og illustrasjonane.

Begge bøkene presenterer figurar og ei handling det er enkelt for unge å identifisere seg med. Seriane vil treffe mange unge, nettopp fordi dei fortel historier på ein måte det er lett å leve seg inn i. Slik yter Lars Mæhle og Bente Bratlund gode tilskot til litteraturutvalet – uansett målform.

Ahmed Akef Khateeb

Født 1985. Førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, Ph.D. i barne- og ungdomslitteratur. Erfaring fra Bragejuryen og vurderingsutvalget for skjønnlitteratur for barn og unge. Kritiker og tidligere styreleder i Foreningen God Kritikk. Foto: HVL