Og mannen han gjekk seg til Stord i veke 45

Og mannen han gjekk seg til Stord i veke 45

Tiårsjubilanten Falturiltu har i si levetid skapt ein barnelitteraturfestival som stadig fleire reknar med. Korleis blir framtida?

Barnebokfestivalen Falturiltu på Stord har nyleg avvikla sin tiande festival. Eit åtte dagar langt program med stort og smått for store og små, med to dagsseminar, bildebokverkstad, utstillingar, føredrag, bokbad, lanseringar, konsertar, opplesingar, samtalar, og med festivaldiktar Bjørn Sortland vist fram frå alle vinklar. No kviler programkomiteen ut eit par sekund før dei går i gang med programmet for det ellevte året. Festivalsjef Roald Kaldestad er optimistisk når vi spør han om korleis framtida ser ut for Falturiltu.

– Det har gått så bra i år, eg har nett fått publikumstala. I fjor kom det 5700, i år nesten 5900. Det høyrest kanskje ikkje ut som eit stort sprang, men i år hadde vi færre store konsertar. I fjor hadde vi blant anna Odd Nordstoga, Sigvart Dagsland & Fargespill, som trekte noko kolossalt. Det tyder at vi har hatt mykje jamnare besøk i år.

Vise fram dei gode nynorskbøkene

Festivalen er verdas einaste festival med slagordet «Verdas einaste nynorske barnebokfestival». Under festivalen høyrde eg eit laust rykte om at det ikkje er sikkert at dei kjem til å halde på den nynorske profilen. Kvifor risikere å miste verdas beste slagord?

sentralkomiteen
Frå venstre: Trond Leirvik Onarheim, Roald Kaldestad, Anna Rommetveit Folkestad, Hege Myklebust og Jane Cathrin Særsten Jünger. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg

– Dette har vi ikkje diskutert. «Vi» er i denne samanhengen Sentralkomiteen, som vi kallar oss, Jane Cathrin Særsten Junger, Hege Myklebust, Anna R. Folkestad og Trond L. Onarheim, i tillegg til meg. Grunnen til at Falturiltu vart danna, var at all den gode barnelitteraturen som kjem på nynorsk drukna i det store havet av bokmålslitteratur. Difor valde vi å lage ein festival for å løfte og fremje nynorsklitteraturen. Men i år har vi faktisk hatt ein festivalforfattar som skriv like mykje på bokmål.

– Men det er vel også disiplinerande å overordna halde seg til den nynorske bokheimen? 

– Ja, og vi går ikkje vekk frå det. Vi er jo etter kvart ein gjeng som har stor ekspertise på det feltet. Vi er genuint opptekne av å vise fram dei gode nynorskbøkene, og då meiner eg ikkje nødvendigvis dei nye. Snakkar ein om hierarki, ligg jo barneboka elles langt nede på stigen, den nynorske barneboka hamnar bak der igjen. Sjølv om dei ofte er prisløna og kritikarroste. Å vise fram og formidle dei, er vår jobb.

Kritikk og formidling hand i hand

– Når du seier formidling, viser du òg noko av festivalen sin profil: De er meir opptekne av å halde fram titlar, enn å leggje til grunn eit kritisk perspektiv?

– Jo, men samstundes kan formidling gå hand i hand med eit kritisk blikk både i dagsseminara våre og under samtalar. Bjørn Sortland og Silje Stavrum Norevik snakka for eksempel om kvalitet i barnelitteraturen, samstundes som dei diskuterte festivaldiktarens eigne bøker. Og seminara blir viktigare og viktigare, dei går fast over to dagar no. Dei gir høve til å undersøkje barnebøker på stadig nye måtar, med nye aktørar. Det er både utfordrande og samlande.

barn
Foto: Kari Mendelejev von Svanberg

Barnebøker blir ofte framheva på grunn av temaet i bøkene, ikkje som det kunstverket dei er, seier Kaldestad. Som festival er Falturiltu meir opptekne av kvaliteten bøkene står for.

– Men korleis veit de at de har høg kvalitet på sjølve arrangementa?

– Vi har ikkje hatt tid til ei oppsummering i år, men på bakgrunn av dei siste åra har vi landa på at vi har ei form som vi er ganske nøgde med. Samstundes skal ein ikkje sementere forma. Vi evaluerer kvart enkelt arrangement, og ser kva som var vellukka og ikkje. Konseptet «3 forfattarar og eit band» kan vi for eksempel utan vidare kopiere frå år til år. Det er ei positiv oppleving for ungdomsskuleelevar å jobbe seg inn i forfattarskapen til festivaldiktaren, og det er positivt for forfattaren som kjem og møter nitti elever som har lese bøkene hans eller hennar, og som kjenner seg som ei popstjerne. Det er òg ein bra måte å formidle litteraturen på.

– Falturiltu legg vekt på lokal deltaking, at barn frå førskuletrinnet og oppover er med i programmet. Blir dette viktig òg framover?

– Ja, heilt klart. Dei einaste vi ikkje har med no er vidaregåande, og dei skal vi kapre til neste år. Men alle barnehagar, kulturskular, ungdomstrinnet og høgskulen er involverte, òg i det kreative opplegget.

Bra med nye innspel

Kaldestad meiner at noko av oppskrifta på suksess er å ikkje tenkje for høgt om si eiga rolle som medlem i «Sentralkomiteen».

– I år har vi i programkomiteen for eksempel fått med Anna Folkestad, som er ein yngre person i denne samanhengen, og det er ein særs god ting. Det er bra med nye innspel, med folk med ein annan bakgrunn og andre nettverk. Mange festivalkomitear går i ti år og har gløymt å rekruttere, så er dei utbrende og orkar ikkje meir. På same tid er det sjølvsagt viktig å halde fast i korleis festivalen ideelt skal vere.

– At ikkje alle fem i komiteen blir byta ut samstundes?

– Nei, det kan vere litt drastisk.

Festivaldiktar Bjørn Sortland i samtale med. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg
Bjørn Sortland og Finn Tokvam i talkshowet Folk & Finn. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg

– De har hatt festivaldiktarar alle år utanom eitt, då de valde å ha tema. Korleis skal dette programmerast vidare? 

– Det er viktig med festivaldiktar. Det var forvirrande for folk det året vi berre hadde tema, dei var vande med å ha festivaldiktar. I år har vi hatt søkjelyset på Bjørn Sortland sin forfattarskap, vist fram bøker som Sortland kanskje ikkje er så kjent for. Mysteriebøkene hans sel jo som hakka møkk, orsak uttrykket, men delar av forfattarskapen hans forsvinn litt i det daglege, og kanskje særleg dei nynorske bøkene. Vi kjem til å ha festivaldiktar vidare, men gjerne òg eit tema, som i dei siste åra har vore utleda av forfattarskapen til festivaldiktaren. Då Maria Parr var festivaldiktar i fjor var temaet «Fart og sjølvtillit», i år med Sortland var det «Kjærleik».

Utfordringa med å huse folk

Litteratursymposiet i Odda er ein festival som har vakse seg stor og anerkjent, men jo fleire som vil dit, jo vanskelegare er det å finne ein stad å bu, i den avgrensa herbergsplassen. Kva tenkjer Falturiltu om denne utfordringa for sin eigen del?

– Vi tenkjer fem år fram i tid, og dette må vi ta innover oss om det blir eit problem. Vi har ikkje fleire plassar enn dei to hotella og eit pensjonat. Målet vårt er å bli ein nasjonal arena for barnebokfeltet – spesielt for den nynorske litteraturen – for kritikarar, forlagsfolk, forfattarar, formidlarar og andre. Vi ønsker at veke 45 skal vere ei tid der «alle» vil vere på Stord. Aukar publikumstilfanget mykje, må vi setje opp brakker, då! Vi er heldige som er ein industriplass, det har vi felles med Odda. Når vi klarer å innkvartere ein drøss med leigearbeidarar, klarer vi å innkvartere festivaldeltakarar òg.

Regionsambisjonar

– Korleis påverkar planane om samanslåing av dei tre vestlandsfylka framtida til festivalen?

– I lys av regionsdebatten har vi ein ambisjon om å bli den viktigaste møteplassen på Vestlandet når det kjem til barn og språk, barn og litteratur. Høgskulane i dei tre områda er jo allereie slått saman. Den kulturelle skulesekken/Kulturskrinet i Karmøy la i år årsmøtet sitt til Stord, i to dagar under festivalen. Nynorsksenteret i Ørsta/Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane har òg lagt samlingar hit. Slikt er veldig kjekt, då kjenner vi oss som ein samlande arena. Vi samarbeider også tett med Litteratursymposiet i Odda, SILK-festivalen i Skudeneshavn og bLEST i Tysvær. Men vi har òg ambisjonar om å bli ein nasjonal festival, då må vi klare å bli meir synlege, sette dagsorden, vi må spisse problemstillingar slik at dei blir relevante nasjonalt. Vi jobbar med den saka, seier Roald Kaldestad.

 

Les tidlegare sakar om Falturiltu på Barnebokkritikk og Periskop:

Ein stødig og småblyg jubilant, Eivind Myklebust, 28.10.2016:

http://www.barnebokkritikk.no/ein-stodig-og-smablyg-jubilant/#.WDT8j6ODqYU

 

Fart og sjølvtillit!, Eivind Myklebust, 13.11.2015:

http://www.barnebokkritikk.no/fart-og-sjolvtillit/#.WDT8ZaODqYU

 

Fantastikk og fanteri på nynorsk, Ahmed Khateeb, 3.12.2014:

http://www.barnebokkritikk.no/fantastikk-og-fanteri-pa-nynorsk/#.WDT8IqODqYU

 

Tankar frå Falturiltu, Ahmed Khateeb, 28.11.2014:

http://www.periskop.no/tankar-fra-falturiltu/

 

Barnelitteratur som kunstform, Per Olav Kaldestad, 12.11. 2013

http://www.periskop.no/barnelitteratur-som-kunstform/

 

Det går då framover, Ingvild Bræin, 7.11.2013:

http://www.periskop.no/det-gar-da-framover/

 

Litteraturen skal fram!, Ingvild Bræin, 5.11.2013

http://www.periskop.no/litteraturen-skal-fram/

 

Ingvild Bræin

Født 1971. Redaktør i Barnebokkritikk. Bokanmelder i Dag og Tid, teateranmelder i Bergens Tidende og Shakespearetidsskriftet. Forlagskonsulent og forfatter. Mastergrad i nordisk språk og litteratur fra UiB.