Onkel Tom og indianarane

Onkel Tom og indianarane

Onkel Toms hytte

Harriet Beecher Stowe

Ei forkorta utgåve er registrert på norsk ved Kriedt, Kristiania 1891. Utgåva her er omsett av Anton Esperø Illustrert av Ernst Clausen Gyldendal 1958

Odd Nordstoga, musikar

Gyldendal

1958

Då eg var liten, veit eg at me vart lest mykje for. Det gjekk liksom

Då eg var liten, veit eg at me vart lest mykje for. Det gjekk liksom mange år oppi skulen, synest eg hugse, før det kom noko frå kateteret som eg ikkje hadde høyrt før. Sjølv, som lesar, var eg ikkje noko særleg tess. Eg syns det var tungt, og kunne ikkje på noko vis måle seg med mors eller fars høgtlesing. Eg hadde også ei mormor som var ein briljant eventyrforteljar. Eg minnest den fyrste boka eg greidde å trø meg gjennom på eiga hand. Det var Davy Crockett frå skulebiblioteket. Men dei største litteraturopplevingane var definitivt via høgtlesing, som eg var veldig glad i.

Dei bøkene eg hugsar best var slike som Sajo og beverungane, Onkel Toms hytte og Frendelaus. Eg kan ikkje referere særleg mykje av nokon av dei her no. Men eg hugsar godt den intense klumpen i halsen då Onkel Tom vart selt og ført av garde. Og verknaden i denne scena vart nok ikkje mindre av at mor mi knapt greidde å lesa grunna at ho blei så rørt.

I det heile var det ein raud tråd, i alle fall gjennom det mor las for oss, av omsut for minoritetar og naturfolk. Ho hadde nok ein klar tanke om å formidle nokre verdiar til meg og syskena mine. Mor har jo alltid hatt eit romantisk forhold til urfolk og minoritetar. Men gjennom historia om Onkel Toms hytte får du også som barn med deg litt om menneskeverd. Og i historia om Indianarane i Amerika får du jo med deg ein del om menneskets plass i naturen. Det blir ikkje mindre viktig om det er romantisk framstilt. Desse alvorlege og store temaa nådde i alle fall fram til meg og sette solide spor. Kanskje var det på 70-talet ei tid for dette. Dette alvoret.

I dag har barna mine eit underhaldningsmaskineri av ein heilt annan verden parat, retta mot seg til alle døgnets tider, via ein skjerm som alltid er i nærleiken. Og eg tenker: Kor er Onkel Tom for dei? Kva er dei svartes og indianeranes blodige veg opp gjennom dei siste hundre åra for dei? Og når dei om nokre år ser ein film på sin storskjerm i sitt eige kinolokale i kjellaren, og det dukkar opp ein bisonflokk på lerretet. Vil dei få ein klump i halsen og tenke at var det ikkje for den fæle kvite manns framferd ville det vore tusen gonger fleire? Eg veit ikkje, men håpar det.

 

Boka kan ein lese på nett hos Nasjonalbiblioteket i bokhylla.no.

Odd Nordstoga er musikar og spela rolla som lege i TV-serien Vaffelhjarte. Han sender stafetten vidare til Vera Micaelsen i Norsk kulturråd.

Guri Fjeldberg

Født 1969. Frilanser. Utdanna journalist, norsklærer og vaktmester. Anmelder også fast for Aftenposten, tidligere 20 år for Bergens Tidende. Har skrevet anbefalingsguiden «101. De beste barnebøkene 2005-2015». Kåret til Årets litteraturkritiker i 2015.