Pass deg for stalloen!

Coverbilde "Aina og Stallo"

Boktittel: Aina og Stallo

Forfatter: Linn Isabel Eielsen

Illustratør: Linn Isabel Eielsen

Forlag: Bonnier/TNT

Årstall: 2026

Antall sider: 61

Sjanger: Eventyr

Linn Isabel Eielsen byr på ei spanande samisk eventyrstund som kjennest både klassisk og moderne på same tid.

Tilfeldigvis dumpa Linn Isabel Eielsens barnebok Aina og Stallo ned i postkassa mi på den internasjonale koftedagen, 10. april. Eit formål med koftedagen er å synleggjere og normalisere samisk kultur, ifølgje Andrine Salangli. Eielsens bok, som på framsida presenterer hovudpersonen Aina, i ein sjølvsikker power pose med kofte og det heile, er også eit tilskot til denne synleggjeringa. For å gjere symbolikken ekstra tydeleg, blei boka lansert 6. februar, på samane sin nasjonaldag.

Illustrasjon av ein glad Aina som plaskar med beina i vatnet.

Ainaladden

Aina og Stallo er på mange måtar ei slags Askeladden-forteljing. At ho byrjar i «… Sápmi, for lenge, lenge siden» understreker det eventyraktige i boka. Aina og dei andre i siidaen lever eit trygt og bekymringslaust liv, heilt til eit monster, stalloen, plutseleg trengjer seg på og øydelegg idyllen. Han vil ha alt – skogen, innsjøen, alt samane har sanka – og jagar dei vekk i tillegg til å fange Ainas veslebror. Sjølv om Aina er redd, finn ho seg ikkje i at situasjonen er umogeleg, og ho drar tilbake for å konfrontere monsteret. Stalloen, ein slektning av trolla frå den norske folkediktinga, er kanskje stor og farleg, men han er heldigvis ikkje så intelligent. Aina må bruke kløkt for å lure han til å tru at ho er ein sterkare motstandar enn ho eigentleg er.

Forteljinga er Eielsens personlege variant av det samiske folkeeventyret «Stalo og Kauras». Sjølv om ho i høg grad er tru til originalteksten, har ho tatt seg ein del fridommar, men dei bidreg i det heile positivt til eventyret. Aina, som erstattar sameguten Kauras, er hjå Eielsen meir samansett. Sjølv om ho er modig, er ho også redd, og motivasjonen for å sigre over Stallo er driven meir av plikt eller nødvendigheit enn av konkurranse. Det er i det heile lettare å identifisere seg med Aina enn med dei typete heltane som gjennomsyrer folkeeventyra. Såleis er boka meir tilpassa vår tid, utan at moderniseringa har gått ut over kjeldeteksten.

Illustrasjon av eit vesen med raude auge i ei grotte.

Vellukka eventyrstund

Linn Isabel Eielsen er ein etablert illustratør og teikneserieskapar med ein karakteristisk strek. Teikningane er som regel drivne av eit tydeleg karakterfokus, ofte med overdimensjonerte hovud. I Aina og Stallo er også karakterane (store hovud inkludert) dei som tar opp størst plass på sidene, noko som gjer at det ekspressive står fram som det viktigaste. Sidene i boka består av heildekkande bilete med korte tekstbolkar lagt over noko som fleire stader resulterer i litt tomme bakgrunnar. Meir detaljrikdom i bakgrunnane kunne gjort eventyrverda Eielsen skriv og teiknar fram meir… vel… eventyrleg, men så føregår det meste av handlinga på aude vidder eller i lavvoar og grotter. Stemninga kjem først og fremst fram gjennom fargar og tekst.

Eventyr skal vere spanande, morosame og vekke undring, noko Eielsens bok meistrar på førebiletleg vis, i alle fall om ein skal dømme etter den åtte år gamle medlesaren min sin respons. Boka er skriven i ein prosa som er enkel og tilgjengeleg, både som høgtlesing og for barn i småskulen som har knekt lesekoden. Den avsluttande delen, der samiske omgrep, klede og dyr blir pedagogisk forklart, er også eit godt utgangspunkt for vidare samtale. Her kjem det tydeleg fram at forfattaren har lagt eit klart personleg preg på korleis ho har fortalt eventyret, både visuelt og verbalt.

Illustrasjon av den skumle Stalloen som kidnapper ein liten gut. Aina vil hjelpe, men blir handlingslamma.

Storby-stallo

Sjølv om boka har eit utprega samisk innhald, fortel ho ei historie som er universell og aktuell. For ein ung lesar er det først og fremst ei spanande forteljing om heltemot og motstand, men den vaksne, som kanskje les høgt, vil kunne trekkje parallellar mellom den vonde stalloens begjær etter land og eigedom og den norske staten sine overgrep mot samane. At boka er sett til ei tid for lenge sidan, men er fortalt i presens, kan også bli forstått som at kampen for urfolk sine rettar enno ikkje over. På dei siste to sidene kan ein sjå stalloens hale luskande i ein moderne storby: «Vær på vakt og hold utkikk! Vi vet tross alt ikke hvor Stallo er i dag…», åtvarar forteljaren. Plutseleg har han kanskje okkupert eit landområde og sett opp ein vindmøllepark. 

Asle Sætre

Fødd 1978. Om lag 20 års erfaring som norsklærar på vidaregåande. Jobbar på Fyllingsdalen videregående skole og er teikneseriemeldar for Barnebokkritikk og Serienett. Master i nordisk/litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen med fokus på sjølvbiografiske teikneseriar.