Tittel: Luisa & Ugla
Tekst: Lisbeth Dreyer
Illustratør: Gustav Kvaal
Forlag: Skald
Årstall: 2013
Antall sider: 31

Poetisk forteljing om uvanlege bestevener

Ei bok om venskap, men mest ei forteljing om å finne sin eigen veg i livet utan å bry seg med kva andre seier. Luisa kjenner eit for sterk press frå omgjevnadene om at det er noko unaturleg og upassande i hennar venskap med ei ugle. Ho legg derfor ut på ei reise som gir ho nye opplevingar og erfaringar, men som til sist gjer at ho blir einsam og saknar Ugla. Då er det greitt at alt er ved det same når ho returnerer til treet der den trufaste Ugla bur.

Dreyer og Kvaal har samarbeidt om ei biletbok tidlegare, David og regnmesteren frå 2011. Luisa & Ugla er første boka dei gir ut på forlaget Skald. Begge desse forteljingane starter med at det er noko som forstyrrar i dei nære relasjonane. David og regnmesteren viser ein far som er for opptatt med å sjå fotballkamp til vere med sonen sin, og no er det ein venskap som blir utfordra.

Press

Luisa og Ugla er bestevener. Dei bur i toppen av eit tre, og dei knytast saman gjennom felespelet til Luisa, og dansen til Ugla:

luisa og ugla - feil«Når eg spela, flaug Ugla. / Når Ugla flaug, spela eg. / Alltid var det oss to. / Ugla og eg.»

Men det er ikkje alle som aksepterer at Luisa er ven med ei ugle, dei er for ulike, og det lar dei Luisa få vite. På eit av oppslaga ser vi uklare figurar i kantane, men noko meir om kven desse folka er, får ikkje lesaren vite. Med kviskringa og orda til dei ansiktslause «andre» i bakhovudet, klarar ikkje Luisa å spele saman med Ugla. Tankane manar fram eit utbrot hos Luisa som resulterer i at ho svik Ugla og drar derifrå.

Reisa

No endrar forteljinga takt. På reisa møter Luisa fem par. Dei har ein fellesnemnar og det er at det er motsetningar som karakteriserer dei. Det er tydeleg at vi er djupt inne i ei eventyrverd. Her treffer vi ein knøttliten prins og ei svær prinsesse, ei kjerring og ein fant, ein rotekoppmann og ei ryddemadam. Boka følgjer eit velkjent mønster frå annan barnelitteratur, og det er reisa som reiskap for utvikling eller modning hos ein karakter. Luisa drar ikkje ut saman med Ugla for å overtyde dei andre i samfunnet om at dei er rette vener. Nei, dette er ein identitetskonflikt Luisa må møte aleine. Når ein er borte frå heimen går ein i møte med det ukjente og ein blir utfordra på andre måtar enn elles, og slike konfrontasjonar gjer at hovudpersonen på ein eller annan måte endrar seg. Det er sannsynligvis ein slik mekanisme denne boka prøver å skrive fram, men endringa er ikkje så tydeleg knytt opp til det ho opplev på reisa som ein kunne tenke seg. Det er til sjuande og sist saknet etter Ugla som gjer at ho snur og drar heim. Slik er likskapen tydeleg mellom Luisa & Ugla og klassikaren Til huttetuenes land. Både Max og Luisa tilarbeider kjensler etter konfliktar med autoritetar, og dei avgjer sjølv kva tid eventyret er over og det er på tide å returnere til den trygge heimen.

Poetiske skilnader

Ein kvalitet ved boka er dei rike og poengterte illustrasjonane. Dei dekker heile oppslaga og vekslar rytmisk mellom oversiktsbilete og nærbilete. Verbalteksten forankrar bileta samstundes som han er lyrisk og poetisk. Samspelet mellom tekst og bilete er spesielt vellukka i dei oppslaga som beskriv dei para Luisa treffer på reisa.
Rimorda i teksten understrekar og forsterkar motsetningane, til dømes på oppslaget side 14 og 15:

luisa og ugla - kjerring og fant«Ei kjeftande kjerring og ein sprudlande fant. / Ho gneldra og slo / mens han tralla og lo.»

Desse oppslaga er svært humoristiske, i dette oppslaget ser ein langt opp i nasen på den kjeftande kjerringa medan den sprudlande fanten får oss til å tenkje på ein halvgal klovn, og litt på bestefar.

Understrekinga av motsetningane i para gjer at likskapen mellom dei og Luisa og Ugla opplagd. Det siste paret Luisa møter er ei kvinne og hennar hund. Om ein hund kan vere bestevenen til ei kvinne, kan vel og Ugla vere bestevenen til Luisa? Sirkelen er no slutta, Luisa har møtt fleire par som ikkje lar skilnadene stå i vegen, og ingen er tilsynelatande prega av kva andre seier om dei. På eit vis kan vi tenkje oss at dei blir førebilete for Luisa når ho til slutt vender tilbake til Ugla, men om dette er forteljinga som nemnd noko uklar. Har desse møta med dei fem para påverka Luisa på nokon som helst måte, eller er det til sjuande og sist det at ho saknar Ugla som gjer at ho returnerer? Korleis syner forteljinga ei indre utvikling hos Luisa?

Ein skilnad finn vi, men han er reint narrativt. Tidlegare står verbalteksten i preteritum, mens han i avsluttinga er skriven i presens. Luisa opptrer som eg-forteljar i boka og når teksten står i notidsform må det i seg sjølv vere ein siger for ho:

luisa og ugla - vener til sist
«Når eg spelar, flyg Ugla / Når Ugla flyr, spelar eg. / Alltid er det oss to. / Ugla og eg.»

Ho bryr seg ikkje lenger om kva andre meiner om venskapen mellom Ugla og ho. På reisa har Luisa lært seg å sjå, og ho har blitt tryggare på seg sjølv. Dette må vi kunne gå ut frå trass i at teksten ikkje presenterer ein slik ny konfrontasjon mellom Luisa og «dei andre».

For skjematisk

Boka presenterer fleire motiv som er aktuelle for alle barn. Unge lesarar vil kjenne igjen gruppepress og kanskje mobbing som motiv i forteljinga. Vidare introduserer boka gode moglegheiter for samtale, her er fleire tomrom i teksten som lesarane kan diskutere. Er det greitt å forlate venen sin? Korleis skal ein balansere press frå andre med eigen vilje? Og korfor meiner nokon at det er feil når andre er forskjellige?

Starten på boka er veldig god, takka vere dramatiske bilete og dei lyriske kvalitetane i teksten som byggjer opp stemninga. Likevel klarar ikkje boka å innby til den store involveringa. Luisa og Ugla blir aldri noko meir enn anonyme karakterar, og spesielt avsluttinga er for enkel og skjematisk i avbildinga av dynamikken mellom dei to venene. Luisa vender tilbake ved første høve, og Ugla er bare ein trufast ven som har venta på ho. Framstillinga av identitetsutvikling og venskap druknar i det pedagogiske bodet om at vener kan vere ulike.



Skrevet av:

, ,

Kommentarer