Tittel: Noll koll
Tekst: Arnar Már Arngrímsson
Forlag: Katla Förlag
Årstall: 2016
Antall sider: 272

Portrett av poeten i puberteten

Arnar Már Arngrímsson treff både ungdomstida og samtida med stor kraft i Sölvasaga unglings.

«Gammlingarna tillber tråkigheten», seier forteljaren i den svenske omsetjinga av årets vinnar av Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris, den islandske ungdomsromanen Sölvasaga unglings. Noll koll er den enkle og fengjande tittelen romanen har fått på svensk, og sjølv om referansen til sagalitteraturen, som er eit interessant sidespor i romanen, går tapt, fangar den svenske tittelen fint inn den eine av pubertetens grøftekantar: Hovudpersonen Hannes vekslar brått mellom kjensla av å ha «noll koll» og kjensla av å ha full kontroll.

cover-solvasaga

I opninga kunngjer foreldra hans at dei vil sende han til farmora på landet heile sommarferien, fordi han skal lære seg å kople seg av den digitale verda og på den verkelege, men også fordi det er finanskrise og foreldra må bruke ferien til å arbeide ekstra for å spe på inntekta. Eg er usikker på om Sölvasaga unglings er ei danningsforteljing – det verkar på sett og vis reduserande å kleistre denne merkelappen på den – men det er i alle fall ei forteljing der hovudpersonen blir konfrontert med denne «tråkigheten» som gamlisane tilber, og som gjennom det lærer seg noko viktig om livet slik det ser ut bak skinet og glansen frå dei endelaust blinkande lysa frå sosiale media. Han lærer rett og slett å verdsetje slike gammaldagse ting som fysisk arbeid, bøker og direkte mellommenneskelege relasjonar. Men det er sjølvsagt ikkje nokon dans på roser når ein heil, ung eksistens må skiplast over i eit anna spor. Som han seier sjølv før han reiser inn i bygde-Islands mørke hjarte: «[E]n sak visste han, och det var att han skulle ha tid, alldeles för mycket tid och ingen vapen att fördriva den med».

Eksistensielt sug

Eg må berre gi meg over med det same. At dette er ein ungdomsroman er på sett og vis uvesentleg for meg. Eg har like stort utbytte av den som av andre gode romanar, og det trur eg dei fleste som har vore gjennom ungdomstida, eller som ser den lure litt lenger der framme, også vil ha. Det er eigentleg berre spedbarn og smårollingane eg vil ekskludere frå målgruppa til denne romanen.

Eg skal ikkje overdrive. Sölvasaga unglings treff nok ungdom og unge vaksne best, og det eksistensielle suget i romanen minner meg litt om Johan Harstads romanar – ikkje berre ungdomsromanen Darlah, men også romanane hans for vaksne, som alle har dette ungdommeleg allmennmenneskelege ved seg. Særleg kjærleikslengsle og -sorg skildrar Arngrímsson fint – og med korrigerande, men balansert forståing for at unge menn ikkje alltid har heilt stovereine kvinnesyn. Det viktigaste er at han gir lesaren høve til å oppleve Hannes’ strev med å vere åleine med seg sjølv.

På kjenslenes slagfelt

Sosiale medier og datauniverset er openbert ein tilfluktsstad for Hannes, som har vanskar med å samhandle med andre. Han er ein femtenåring som allereie har fått status som eksistensiell flyktning, og sommaropphaldet hos farmora er meint som ein rehab. Farmora krev at han står opp om morgonen, jobbar frå eit bestemt tidspunkt til eit anna, og nektar han endåtil tissepausar når dei ser film saman. Når han har fri, blir han tvinga til å vere åleine med seg sjølv, og i byrjinga er det skremmande: Einsemda hans fordoblar seg, mangedoblar seg, og han blir sendt ut på «sine egna känslors slagfält», som han seier ein stad. Etter kvart får han likevel koll på situasjonen – mellom anna hjelper dei inderleg uttrykksfulle rap-tekstane han skriv utvilsamt til å bli tryggare på seg sjølv – og oppdagar gledene ved dette nye livet. Den største gleda er sjølvsagt ei jente, Marta, som han blir smertefullt forelska i. Den sterke kjensla av at alt vil ordne seg berre ein oppnår kjærleiken (og sex, då), trur eg mange vil kjenne seg att i.

Ein styrke ved romanen er at Arngrímsson ikkje slepp taket når ting går betre, men gir fart til den svingande sårbarheita til hovudpersonen sin. Hannes kjenner til dømes med jamne mellomrom på sin gamle grottelengsel: «Han ville till grottan där han kunde få vara ifred för alla människor som jämt ställer en massa krav på en. Man blir så trött på människor». På same tid som Hannes blir dregen ut av sitt innsulla liv og får kjenne at livet lever, melder det seg nye ulukker som utfordrar han på heilt andre måtar. Vennen hans bryt saman, farmora dør, foreldra skal skilje seg, og kjærleiken, ja, den vil eg ikkje røpe noko om. Slik blir det tydeleg at romanen, trass i at den så å seie tek eit steg bakover i tid, ikkje er nostalgisk og drøymer om gamledagar, men er open for at framtida vil sjå annleis og ny ut. Dei nye utfordringane fører fram mot ei avslutning eg opplever som knusande – men også eksistensielt håpefull – og etter at eg har late att boka, blir eg glad for å høyre at forfattaren har planar om å følgje den opp. Ikkje minst fordi eg gjerne vil følgje Hannes vidare på hans veg inn i kunsten: Om han blir rappar eller ikkje, er eg usikker på, men eg tvilar ikkje eit sekund på at han blir poet.

Humor og humør

I forma, stilen og toneleiet er romanen lite oppsiktsvekkjande. Det er ein tradisjonell ungdomsroman, der Arngrímsson blandar humor og alvor, og gjer bruk av ungdommelege gadgets i både teknologisk og forteljarteknisk forstand: Humoren er skodd over same lesten som i fleire andre ungdomsromanar, og det ungdommelege svartsynet er ikkje til å ta feil av. Samtidssatira tek ikkje berre ungdom, men også vaksne på kornet, som når Hannes nærmar seg vinyl-renessansen i den eldre garde og ganske tilforlateleg spør seg korleis Beach Boys-plata Pet Sounds kan stå så høgt i kurs med det omslaget den har: «Omslaget lovade inte gott; fem barnsliga män som klappade en get».

Om nett denne typen humor først og fremst når heim til dei eldre, er her nok av ganske dryg og dristig humor som vil lokke unge på bana – og som også råkar dei sjølve, som når Hannes reflekterer over at han er ein GTA-sjåfør utan førarkort, ein jomfru som meskar seg med porno. Sölvasaga unglings er ein humoristisk roman, men eg opplever det som endå viktigare at den er humørfylt.

Det er mykje som skjer i kulissane av Hannes’ forteljing, og for den merksame lesaren er det mogleg å lese ut refleksjonar som strekk seg lenger enn det Hannes fornøyeleg frekt kallar «känslotjafs». Romanen spelar ut idear om litteraturen sine funksjonar og verknadar, om skilnadane mellom bygd og by, mellom gamle og unge, og om korleis det å ha kjærleik til andre ikkje nødvendigvis er hjelp i om ein ikkje har kjærleik til seg sjølv.

Dannande roman

Romanen er skjelvande og sjølvbevisst – som dei pubertale ungdommane sjølve – og ei sann svir å lese. Den er lett og tung på same tid – lettlesen, men tungt fordøya – og noko av romanens verkemåte synest eg kjem godt fram i dette vesle avsnittet mot slutten av romanen:

– Är det säkert att allt är okej? Det är rätt mycket för dig nu, farmor har dött, mamma och jag skal skiljas och din bäste vän har det jobbigt.

– Det är coolt.

Coolt. Vilket ord. Han var allt annat än cool.

Eg er freista til å overdrive litt og seie at romanen gir ungdomslesaren – i alle fall gutane – høve til å oppleve det same som Hannes opplever etter at vennen hans Skuggi har gjennomgått ei krise, og han sjølv over lang tid har unngått å ta stilling til det. Omsider, når han sjølv er i ubalanse av sjalusi og usikkerheit, får han manna seg opp til å snakke med Skuggi og be om forlatelse: «Skuggi och han hade pratat i tre timmar, de började samtalet som barn och slutade som halvvuxna män». Eg ser heller ingen hindringar for at jentene som les kan ende opp som halvvaksne kvinner.



Skrevet av:
Ingen kommentarer.

Legg igjen en kommentar

Legg inn din meaning her. Vær hyggelig. Din e-post vil holdt anonym.