Ny redaktør i BBK

Styret i Foreningen God Kritikk kan med stor glede melde at Marius Emanuelsen er tilsett som ny redaktør for Barnebokkritikk.no frå 1. januar 2027. Emanuelsen har brei erfaring frå litteraturfeltet, mellom anna som kritikar, undervisar, bokhandlar og juryleiar for Brageprisen. Med si solide faglege forankring og sitt sterke engasjement for barne- og ungdomslitteratur, kjem han til å vere med på å vidareutvikle Barnebokkritikk.no som den viktigaste arenaen for kritikk og samtale om barnelitteratur i Noreg.
– Det er i barne- og ungdomslitteraturen lesarane blir til. Det er her slaget om framtidas lesarar står, meiner Emanuelsen. – Likevel er det nettopp denne litteraturen som får minst kritisk merksemd i offentlegheita. Nokon må våge å snakke høgt og fritt om kva denne litteraturen er og kan vere for dei yngste blant oss. Eg vil at det skal vere Barnebokkritikk, seier den påtroppande redaktøren.
Emanuelsen tek over etter Ingvild Bræin, som har vore redaktør for Barnebokkritikk i tolv år. Styret vil rette ein stor takk til Bræin for den framifrå innsatsen ho har lagt ned gjennom denne perioden. Som redaktør har Bræin vore ein sentral pådrivar for å styrkje barnelitteraturen og gjere kritikken relevant for eit allment publikum. Ho har bidrege til å utvikle nye kritikarstemmer, og har løfta fram eit mangfald av perspektiv som har sett dagsorden i barnelitteraturfeltet. Under hennar leiing har Barnebokkritikk.no blitt ein viktig møtestad for litterær kritikk, refleksjon og debatt.
– Styret ser fram til å samarbeide med Emanuelsen, og er overtydde om at han vil tilføre Barnebokkritikk noko nytt og spennande, samstundes som han vil byggje vidare på det sterke fundamentet Bræin etterlet seg, seier styreleiar Petra J. Helgesen.
For meir informasjon, ta kontakt med:
Petra J. Helgesen
977 82 805
eller
Marius Emanuelsen
478 44 840












