Ragnarokstemning

Ragnarokstemning
Cover image

Nagel 1: Storm og skygger
av Sigbjørn Lilleeng
Strand forlag 2023
184 sider


Cover image

Nagel 2: Ingen vei tilbake
av Sigbjørn Lilleeng
Strand forlag 2024
176 sider





Sigbjørn Lilleengs «Nagel» er eit altoppslukande univers som byr på spaning, samfunnskritikk og ekte vennskap.

Ein sjeldan gong les ein bøker som får ein til å gløyme tid og stad; bøker som skapar ei verd ein flyttar inn i. Denne opplevinga hadde eg ofte i ungdomsåra, og var vel noko av det som gjorde meg til eit lesande menneske. Å lese Tolkien, Stephen King eller Neil Gaimans teikneseriar var nesten som ei transcendental oppleving. Utan at eg hadde eit sett med kriterium for kva som skapte ei slik lesing då, må det ha vore snakk om at forfattaren skapte ei truverdig verdsbygging der det kjende og det ukjende smelta saman i noko skremmande som låg i randsona for min forståingshorisont, og der protagonistane var samansette individ eller usannsynlege heltar. Lesinga var eit kaninhòl eg ramla inn i og blei i lenge etter at boka var lukka. Hadde eg lese Sigbjørn Lilleengs Nagel som fjortenåring, er eg rimeleg sikker på at eg hadde hatt ei liknande oppleving.

Illustrasjon av by, ved monumental husfasade.

I mørke skogen inn

I Nagel blir lesaren tatt med til ei verd som kjennest både gamal og ny på ein gong. I den første boka, Storm og skygger, er handlinga lagt til festningsbyen Nordheim. Byen ligg omkransa av ein mørk og forboden skog, men ser elles ut som ein slags samtidig norsk storby med norrønt tilsnitt, ispedd retrofuturistisk teknologi. Nordheim er ein stor eksportør av både energi og våpen, mellom anna til den moralsk tvilsame ørkennasjonen Aradan. Det er no femti år etter Den store krigen mellom skrømta og menneska, og det herskar fred i Nordariket, men den gamle tida trugar den nye. Spisse røter veks opp frå skogen, daude dyr vaknar til live, skrømta er på ferde igjen, og den mystiske (og mytiske) Fenris rører på seg under jorda. Denne ulmande ragnarokstemninga er samstundes krydra med parallellar til klimakrisa og andre dagsaktuelle globale konfliktar, utan at lesaren eigentleg treng kunnskap om noko av dette for å henge med i handlinga, og det heile er vevd saman på ein spanande og stort sett truverdig måte.

Illustrasjon av ungdommene Farah, Brage og Nagel i skogen.

Inn i dette narrativet snublar trekløveret Farah, Brage og den titulære Nagel. Dei er sett saman av eit virvar av tropar frå fantasylitteraturen, men dei er likevel karakterar me kjenner igjen og bryr oss om. Farah er dotter av drepne geriljasoldatar frå Heradan, ein undertrykt stat i konflikt med det mektige Aradan. Ho er den som kjem utanfrå, og som på fleire måtar set i gong rekka av hendingar som fører gruppa ut på eventyr inn i den forbodne skogen. Nagel, den siste nagelen i sitt slag, bur i eit hus gitt han av styresmaktene. Han blir mobba av klassekameratane og betalar den kontrære einstøingen Brage for å passe på han. Dei er alle utskot: Den foreldrelause og ressurssterke jenta med eit hjarte av gull, den barske guten som ser gjennom løgnene i samfunnet, og den utvalde, Nagel, som kjempar ein kamp mot indre demonar.

Forteljinga om Farah, Brage og Nagel er på mange måtar ei forteljing om utanforskap og vennskap. Ingen av dei passar heilt inn, og dei blir alle utsett for negativ merksemd grunna både personlegdom og utsjånad. Dei finn kvarandre gjennom å vere forakta eller ignorerte av omverda. Ungdommane er også usulka av den vaksne verda sin politikk og løgner, noko som gjer dei særleg skikka til å avsløre hemmelegheitene og konspirasjonane som driv samfunnet mot eit ragnarok. Det er eit kjend motiv, men det funkar.

Plottet tjuknar

Den første boka stiller opp sjakkbrikkene i form av karakterar og konfliktar og let den større episke forteljinga bli hinta til. Det er ein medrivande introduksjon til universet og prega av solid handverk, både i teiknestil og forteljing. Det har også samanheng med at Nagel-prosjektet har gått gjennom fleire innpakningar og forlag før dagens versjon av Storm og skygger låg klar. Boka står fram som gjennomarbeidd. Den andre boka, Ingen vei tilbake, som er ny av året, er ei utviding av universet, men lid litt under å vere den midtre akta. Ho er prega av sideplott, raske løysingar og ei naudsynt etablering av den siste (?) akta i serien. Det er likevel aldri keisam lesing. Lilleeng pøsar på med action og sterke kjensler frå første til siste side, og boka blir avslutta med ein cliffhanger der Den store krigen igjen trugar. Ingen vei tilbake går også djupare inn i spørsmålet om kva eit monster er gjennom å dele fokuset mellom skrømta sitt perspektiv, den aradansk-heradanske borgarkrigen og konfliktens episenter, Nordheim. Nagel går også gjennom ei indentitetskrise då han oppdagar at han har koplingar til skrømta han ikkje var klar over.

Imponerande uttrykk

Sigbjørn Lilleeng er ein habil forteljar og ein minst like god illustratør. Han har eit filmatisk formspråk som driv handlinga fram i høgt tempo og som kler innhaldet svært godt, også i dei meir stille sekvensane. Karakterane har tydeleg eigenart, og skrømta, som ser ut som ein krysning mellom ein xenomorph frå Alien og Jeff Smiths rottenikkar frå Bone, er skikkeleg skumle. Dei har likevel også eigenart og personlegdom, men det er i ungdommane me finn dei store kjenslene. Mykje av dramatikken og humoren finn me i dei uttrykksfulle andleta og dei keitete kroppane deira. I Ingen vei tilbake har figurane eit noko enklare uttrykk samanlikna med den meir detaljerte og ekspressive førsteboka. I dei meir actionprega sekvensane og bakgrunnane, er også teikningane litt ujamne. Som nemnt er Storm og skygger eit resultat av ein lengre prosess, noko som kunne gjort den andre boka godt.

Samfunnskritisk fantasy

Ein kan innvende at Lilleeng kanskje vil for mykje; at bøkene ville hatt eit tydelegare fokus om handlinga hadde vore konsentrert til kampen mellom det gode og vonde i Nordheim. Men utvidinga av verda bidreg til å setje kampen inn i eit større perspektiv: Det vonde finst ikkje berre i skrømta, men i menneska som driv rovdrift på naturen og bidreg til undertrykking av folk langt borte gjennom våpeneksport. Parallellane er tydelege til dagens Noreg og Midtausten og gjer serien til ei fantasyforteljing som er tydeleg samfunnskritisk. Kritikken ligg heile tida under overflata og blir sjeldan moraliserande, og han er dessutan prega av så mange lag og referansar at lesaren ikkje eigentleg blir skubba i ein bestemt retning. Om yngre lesarar ikkje plukkar opp alle desse referansane, får dei likevel godt utbytte av bøkene.

Bøkene er dramatiske, mørke og blodige og har ein tidvis krevjande tematikk som sjeldan undervurderer lesaren. Lilleeng tar målgruppa, tolv- til sekstenåringane, på alvor. Samtidig opnar han døra for eit eldre publikum ved å dra til med eit såpass sveipande, episk innhald. Min indre fjortenåring sitrar av spaning etter å lese neste band i serien.  

Asle Sætre

Fødd 1978. 15 års erfaring som norsklærar på vidaregåande trinn. Jobbar på Fyllingsdalen videregående skole og er teikneseriemeldar for webtidsskriftet Serienett. BA i litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen og held på med ein mastergrad om sjølvbiografiske teikneseriar.