Rosas buss

Rosas buss

Boktittel: Rosas buss

Forfatter: Fabrizio Silei

Illustratør: Maurizio A.C. Quarello

Forlag: Samlaget

Årstall: 2012

MANER TIL KAMP MOT URETT Historia om den svarte menneskerettsforkjemparen Rosa Parks er godt fortalt,

MANER TIL KAMP MOT URETT

Historia om den svarte menneskerettsforkjemparen Rosa Parks er godt fortalt, men ironisk nok har ikkje den italienske forteljaren Fabrizio Silei klart å styre unna kvinneundertrykkande klisjear.

Historia om Rosa Parks (1913–2005) finst i fleire versjonar for barn, først og fremst amerikanske. Likevel kan eg godt forstå at Samlaget har velt denne italienske biletboka med måla illustrasjonar av Maurizio Quarello. Kan hende har det òg hjulpe på valet at utgivinga er støtta ikkje berre av Fritt Ord, men også Det italienske kulturinstitutt i Oslo.

Ein frisk vri
Rammeforteljinga verkar i utgangspunktet ikkje særleg oppsiktsvekkjande. Eldre generasjon tek yngre generasjon med på museum for å vise kor viktig det er å kjenne til historia. Bestefar tek Ben med på Henry Ford-museet for å sjå på den gamle bussen der Rosa Parks sat om ettermiddagen den 1. desember 1955 og så famøst nekta å reise seg for å gi plass til ein kvit mann. Det friske grepet til Silei er å la bestefaren ha vore ein av medpassasjerane på bussen. Ikkje berre gir dette ham sjansen til å fortelje historia med nærvere til eit augevitne. Dette er også historia om det dårlege samvitet til bestefar. Sjølv var han blant dei som reiste seg og gjorde plass då det kom på fleire kvite passasjerar. Han høyrde jamvel til dei som bad Rosa om å la vere å opponere i frykt for konsekvensane. Bestefar torde ikkje anna, og no ber han Ben om orsak: «For at eg ikkje var like modig som Rosa, for at ikkje eg òg heng på veggen i ramme.» Her er ingen tvil om bodskapen: Det er viktig å våge å opponere mot urett.

Svart-kvitt Alabama
Quarello opnar i glade fargar, men glir over i grått, brunt og beige når bestefar kjem i gang med å fortelje korleis det var å arbeide som berar på Montgomery stasjon i Alabama på 50-talet. Stemninga og tida er effektivt attskapa av sørstatsscener som kan stamme frå amerikanske fotografi. Fargar som nærmar seg svart-kvitt-fotografiet framhevar skiljet mellom svarte og kvite, men dei breie penselsstroka bryt fint med det fotografiske, og plasserer historia midt mellom det faktiske og det oppdikta. Her kjem Ku-Klux-Klan i all si gru og set bestefars kollega Jeremy på plass. Skilnaden er stor fram til siste oppslag der Ben og bestefar har sett seg ved «det aller finaste bordet» i isbaren, like ved gjestar som er langt kvitare i huda, og bestefar les i ei avis med stort bilete av Barak Obama på framsida. Dette er ein ny vri på Edward Hoppers kjende oljemåleri Chop Suey frå 1929, der to kvite kvinnlege gjestar her er erstatta av Ben og bestefar. Nokon vil kanskje meine at denne kontrasten mellom før og no legg for mykje vekt på kva som er oppnådd i kampen for like rettar og underslår alt som står att å gjere. Poenget er nok heller å servere ein optimistisk bodskap som gjeld uansett kva for urett ein møter: Det løner seg å opponere.

Forenkla heltedyrking
Reint språkleg er dette ei nyansert forteljing, nydeleg omsett av Guri Vesaas. Ho passar truleg best for barn som har nådd skolealder, med metaforar og rom for å dikte med: «Den dagen passerte historia meg i form av ein buss,» seier bestefar, «han streifa meg og eg hadde ikkje vett til å gå på.» Reint historisk er forteljinga derimot ei grov forenkling. I ei tid som dyrkar einarar, har vi ein lei tendens til å gi einskildpersonar litt for mykje av æra aleine. Som om Sondre Norheim var den einaste skiløparen i Morgedal, som om Nansen ville nådd 86. breiddegrad også utan Hjalmar Johansen. Rosa Parks var ikkje den første til å nekte å reise seg på bussen, og dette burde i alle fall etterordet hatt plass til. Såpass mange hadde våga det før ho at aktivistane sto klare til å aksjonere då ho blei arrestert. Martin Luther King Jr. engasjerte seg først etter at han blei bedt om det av meir sentrale forkjemparar. Resultatet var ein 381 dagar lang bussboikott som tok bort tre fjerdedelar av kundegrunnlaget til busselskapa i byen. Men saka til Rosa Park passa ikkje godt nok til at den blei teke med i søksmålet aksjonistane retta mot styresmaktene. Utfallet er like fullt historisk: Segregeringa på bussane blei funne i strid med den amerikanske grunnlova.

Klisjefylt kvinnesyn
I ei bok som så tydeleg snakkar for like rettar til alle, er det ironisk å oppdage kva for kvinnesyn Silei legg i tankane på unge Ben. Sjå for deg Marit Bjørgen i t-skjorte lese opp denne passasjen for ei gruppe andreklassingar:

    [Ben] ser på fotoet av Rosa og kjenner at det snører seg i halsen. Ho er faktisk berre ei kvinne, forsvarslaus slik hans eiga mor kunne vere. Det trongst altså ikkje musklar, det trongst ikkje fysisk styrke. Ho trong kanskje dei store auga og det lyse smilet. Det ho trong aller mest, var å vinne over redsla og vite at ho var i sin fulle rett.

Den største utfordinga til ein omsetjar, er å motstå freistinga til å forbetre teksten, og det anar meg at det kan ha kosta Vesaas litt å gjere plikta si her. Vi som står litt friare, kan alltids la oss inspirere av Rosa Parks og klusse over denne siste tekstsida. Den avsluttande illustrasjonen fortel i grunn alt som trengst – der Ben et isen sin og bestefar les om Obama med same sjølvsagte haldning som dei to middelklassekvinnene til Hopper 80 år tidlegare.

Guri Fjeldberg

Født 1969. Frilanser. Utdanna journalist, norsklærer og vaktmester. Anmelder også fast for Aftenposten, tidligere 20 år for Bergens Tidende. Har skrevet anbefalingsguiden «101. De beste barnebøkene 2005-2015». Kåret til Årets litteraturkritiker i 2015.