Nominert til nordisk pris: Same same, men annleis likevel?
Boktittel: Oliver
Forfatter: Birgitta Sif
Illustratør: Birgitta Sif
Forlag: Walker Books
Årstall: 2012
Antall sider: 40
Islandske Birgitta Sif er aktuell for Nordisk råds litteraturpris med biletboka Oliver, ei eskapistisk og varm historie om leseløva Oliver, som i begynninga ikkje let seg affisere av sin sosiale posisjon på sidelinja.
Birgitta Sif, som tidlegare arbeidde som grafisk designar i New York, debuterte som barnebokforfattar med Oliver i 2012, etter å ha fullført ein master i barnebokillustrasjon ved Anglia Ruskin, Cambridge. Ho har tidlegare illustrert to barnebøker, og for Oliver vart ho i 2012 tildelt illustrasjonsprisen Dimmelimm i heimlandet. At ho no er nominert til Nordisk Råds nye barnelitteraturpris kan ein ikkje krangle på, viss ein legg vekt på dei skjelvande og sobre, men likevel kraftfulle, visuelle blyantnarrativa hennar.
“A bit different”
Dette er historia om Oliver, som først er einsam og annleis, men som i jakta på ein tennisball vert foreina med den likesinna Olivia. I den ganske så knappe verbalteksten blir det aldri fullgodt forklart kvifor eller på kva måte Oliver eller Olivia kjenner seg «a bit different», som det ofte vert slått fast i mitt engelskspråklege vurderingseksemplar. Lesaren vert dermed invitert til å fylle ut tomrommet sjølv, noko som fungerer godt: Kjenner han seg annleis fordi han er så glad i å lese? Er det fordi han har overdimensjonerte briller og ikkje har nokon andre venar enn kosedyra? Eller kan det vere fordi denne klassiske nerdeposituren tilsynelatande ikkje vippar han av pinnen?
I begynninga kan lesaren både tru på og identifisere seg med forteljarrøysta, som forsikrar at Oliver er tilfreds i si eiga fantasiverd, sjølv om han, som det blir repetert, “felt a bit different”.
Kløktig dramaturgi
Halvvegs i forteljinga skjønar lesaren at noko manglar i Olivers liv. Før lesaren veit ordet av det, har den i utgangspunktet harmoniske utanforskapen utvikla seg til ein presserande mangeltilstand. Olivers anagnorisis, når han oppdagar dei negative følgjene av einsemda si, kjem når han speler piano – og sjølv ikkje kosedyra hans løftar eit augnelok.
Den påfølgjande repetisjonen av det tidlegare så positivt klingande mantraet “Oliver felt a bit different”, er no plassert under ein trist Oliver som kikar lengtande ut av vindauget. Sjølv om eg vurderer Sif som meir ein blyantkunstnar enn ein blyantskrivar på bakgrunn av denne boka, bruker ho her ei og samme setning på ein fin måte til å skildre glaset først halvfullt, så halvtomt.
Sif sørger for å fylle opp glaset med raudbrus mot slutten av boka. Når einsame Oliver symptomatisk nok speler tennis med seg sjølv mot ein husvegg midtvegs i historia, sprett ballen frekt avgarde, slik at han legg på sprang vidare inn i historia. Det er eit kløktig diskursivt grep, for leseren følgjer empatisk med ballbana sin lovnad om endring. Ved reisa sin slutt møter Oliver sjeleveninna Olivia. Ho kjenner den observante lesaren att frå fleire andre stader i historia. Dette er eit verkemiddel Sif ofte brukar med hell til å skape visuell kontinuitet og vitehug.
Tankekrøll
Trass ein lukkeleg slutt: Under det enkle, men velfungerande plotet, og dei sarte illustrasjonane, lurer ei spaning mellom verbaltekst og illustrasjonar, som trugar med å underminere bokas innleiande påstand om at Oliver skil seg frå andre.
I sjølve teksten kjem det fram at Oliver kjenner seg annleis enn dei personane han er avbilda med, anten det er i trafikken, i familieselskap, eller på badeferie ved bassengkanten. Teksten spikrar altså oppfatninga av Oliver som annleis og nerdete, fast i lesaren, utan atterhald.
Etter mi meining er det heilt på sin plass at Sifs illustrasjonar fungerer kontradiktoriske til teksten, på den måten at dei jamfører Oliver med menneska rundt, som også har nyfikne augeeple. På første oppslaget har dei jamvel artige kjæledyr, dei òg.
På Sifs illustrasjon av Oliver på biblioteket, min personlege favoritt av oppslaga, ser vi Oliver leitande med lys og lykter etter nye lesaropplevingar, høgt oppe i ein bokhyllestige. Det blir tydelig at Oliver er ein av mange andre lesehestar der, foreina under mantraet på veggen: “If you can read, you can fly”.
Oliver lukkast med å ufarleggjere nerdeomgrepet. Det er som om teksten til saman uttrykker at alle er litt einsame, litt nerdete, og har evna til å fantasere. Her vert det tydeleg at Oliver tenker seg meir unik enn han er, ei tolking illustrasjonane bygger under.
Anakronistisk?
Sjølv om illustrasjonane tidvis utfordrar teksten her, så er Oliver likevel teikna med ein skjør blyantstrek som står til den kjenslevare personen. Kleda hans styrker dette inntrykket, ein slags grøn pyjamasdress med høg hals. Fargepaletten høyrer heime i eit blomsterbed tidleg om hausten, jordfargar og blasse blomefargar byggjer opp den nøkterne og nesten kjønnslause stemninga i boka. Slik gir Sif fantasilivet til Oliver høve til å sprudle.
På eitt viktig punkt tenderer boka til å ta i bruk oppbrukt symbolikk som kanskje skaper tolkningsutfordringar for dei unge lesarane. Kraftige briller er eit klassisk nerdesymbol, men har òg blitt eit vanleg motetilbehøyr heilt ned til barnetrinnet. Slik har kraftige briller blitt utlada som nerdetypologisk signalmarkør i dagens barnekultur. Skal Sif surfe på “nerdebølgja”, må ho også ta med i rekneskapet at dagens barn kanskje ser på store briller som hipt og kult, ikkje som markør av utanforskap og einsemd.
Sifs biletbok om den ikkje-lenger-einsame leseløva Oliver er alt i alt ein sterk nominasjon frå Island, og då mest grunna den krafta som ligg i blyantstrekane hennar. Illustrasjonane fyller ut det tomromet som den repeterande teksten etterlet seg. Lesaren undrast, både på kva det i røynda vil seie å vere annleis, men også om slike ting som korleis det kan ha seg at ein tennisball kan sprette i det uendelege, for så å lande akkurat der den raudkledde jenta vi har sett tidlegare i boka står klar med tennisracketen sin.
- Oliver er nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris, som deles ut for første gang i 2013. Barnebokkritikk skal anmelde alle de nominerte til den nye prisen.
- Les mer om prisen og de nominerte her.
Kansje på tide å opplyse leseren om at Oliver har kommet ut både på bokmål og nynorsk av Fortellerforlaget.