Samspel på land og i vatn

Coverbilde "Den ville sjøauren"

Boktittel: Den ville sjøauren – om eit lite sjøaurevassdrag i Hardanger

Illustratør: Den Digitale verkstaden ved Hardanger Produksjonsskule

Forlag: Hardanger Produksjonsskule, Ulvik Sportsfiskarlag 

Årstall: 2026

Antall sider: 57

Sjanger: Sakprosa

Eit kreativt samarbeidsprosjekt i Hardanger har blitt ei sakprosabok om sjøauren. Fleire gode krefter har slått seg saman om  eit natureventyr i eit lite vassdrag. Men er det nok til å få til eit godt litterært produkt?

Den ville sjøauren handlar om kva som skjer i eit sjøaurevassdrag på vestlandet gjennom året. Den tar sikte på å fange dei aller minste borna med illustrasjonar og små rim, og her er òg faktatekstar for dei større borna og vaksne som vil lære meir.

Den ville sjøauren har mange involverte. Den er produsert av Ulvik Sportsfiskarlag og Hardanger Produksjonsskule. I tillegg er Ulvik barnehage med i samarbeidet. Målet for utgjevarane er å bidra med ei varm og engasjerande bok som gjer kunnskap enkel og spennande for alle.

Dette er eit fint prosjekt der både born, unge og vaksne har bidrege på ulike måtar. Det er ein god tanke å ville vise det store i det vesle; at ein liten bekk er eit heilt eventyrleg univers der mykje viktig går føre seg. Me treng entusiastar på naturens vegne, og det har me her. I desse skjermtider er det òg prisverdig at det blir laga ei bok i staden for ei nettside om temaet.

Illustrasjon av aure i sjøfase.

Auren gjennom fire årstider

Hardanger Produksjonsskule er eit tilbod til ungdom som av ulike grunnar har falle utanfor ordinær skule, og det er den digitale verkstaden her som har laga illustrasjonane. Prosessen er skildra fremst i boka, og går kort sagt ut på at elevane har observert, teikna skisser, og så nytta digitale verktøy.

Samla sett viser illustrasjonane ein litt forenkla og glansa, men fargerik og varm versjon av naturen. Bileta fyller heile sida og er trygge og koselege å sjå på. Auren er smilande og gjev assosiasjonar til Disney-figuren Nemo. Aure-egga er lysande oransje, noko som ikkje stemmer med verkelegheita, men dette er gjort for å vise korleis dei er plasserte i naturen. Det blir òg forklart i teksten at aureegga i verkelegheita ligg gøymde slik at ingen kan sjå dei.

Den ville sjøauren er delt i fire årstider der vi følgjer kva som skjer i aurebekken, og med auren, frå vinter til ny vinter. Kvar årstid byrjar med ein tekst som forklarer kva som hender i livet til sjøauren i denne årstida. Her er òg ein tekst om kva som skjer når auren symjar frå vassdraget og ut i fjorden, og ein generell faktatekst om aurearten. Desse tekstane er presise og lærerike, og er berekna på store born som kan lese sjølve, og interesserte vaksne. Språket er enkelt, stort sett utan kompliserte ord. Eg saknar at nokre ord blir forklarte, som for eksempel gyting, dvale, og kantvegetasjon. Teksten om hausten er litt rotete, og det kunne med fordel ha vore ei ekstra runde med korrektur når det gjeld bruk av komma.

Illustrasjon av oransje aure-yngel.

Frustrerande rim

På dei fleste sidene er det skrive små rim som gir meir kortfatta informasjon frå auren sitt liv. Desse rima er for dei minste borna. For at rim skal fungere; for at dei skal vere gode for ein vaksen å lese høgt, må rytmen vere gjennomført og ordstillinga rett. Diverre haltar rytmen på dei fleste sidene. Her er fleire naudrim, og ordstillinga er endra for å få til eit rim med eit naudskrik.

I tillegg er det nokre uheldige plasseringar i forhold til illustrasjonane. I byrjinga av boka er det vinter. Barnehagebarna ser på små oransje, lysande aureegg gjennom isen. Så flyttar vi oss under isen, ned i bekken, og der får vi sjå ei smilande auremor saman med egga. Men teksten fortel noko anna: Auremor er vekke. Ho har lagt egga der, og har reist sin veg. Egga er eigentleg åleine.

På ei anna side står følgjande rim:

Greiner og torv

gjev sjøauren skugge

og under steinar og røter kan dei

kjenna seg trygge

Biletet viser fleire aurar som ser livredde ut.

Eg synest desse forsøka på rim er frustrerande, og dei trekker ned inntrykket av boka. Innhaldet kunne med fordel vert fortalt i enkelt, presist, rimlaust språk, slik det vert gjort heilt på slutten:

Me menneske skal leve med naturen.

Når me tek vare på naturen

tek me òg vare på oss sjølve!

Illustrasjon av born som ser aure gjennom frosen is.

Engasjerte barn

Bakarst i boka kjem Ulvik Barnehage på banen i teksten Tips frå Ulvik Barnehage, skriven av Sonja Haugland.

Teksten skildrar korleis bekken er eit viktig prosjekt for femåringane i barnehagen. Borna ligg på magen og studerer, dei teiknar, målar, drar på lommelyktsafari og fotograferer livet i og rundt bekken. På den måten erfarer borna mykje av det boka fortel om.

Både boka og prosjekta i barnehagen viser at når born og vaksne har felles fokus, kan ein einast om verdien av noko tilsynelatande lite, for eksempel ein bekk i nærleiken. Små og store kan kome fram til ei felles forståing av kvifor det er viktig å ta vare på han. Slike prosjekt er samlande, og oppmuntrande å lese om.

Foto av Hilde Eskild. Foto: Sondre Transeth

Hilde Eskild

f. 1965, bor i Lillesand og jobber som forteller, forfatter og skribent. Hun reiser land og strand rundt med forestillinger, kurs og foredrag i muntlig fortelling og formidling. I tillegg har hun oppdrag for Den Kulturelle Skolesekken, og er stadig på besøk i barnehager, biblioteker og museer. I 2014 vant hun norgesmesterskapet i litteraturformidling. Foto: Sondre Transeth