Tittel: Gard er ikkje redd
Tekst: Brynjulf Jung Tjønn
Illustratør: Sunniva Sunde Krogseth
Forlag: Aschehoug
Årstall: 2022
Antall sider: 43

Sauesanking er ikkje for pyser

Gard er ikkje redd av Brynjulf Jung Tjønn og illustratør Sunniva Sunde Krogseth er ei finstemt og dramatisk danningsreise i bildebokformat.

Sauane skal heim frå fjellet, inn i fjøset for å varme seg, men det manglar éin sau og lammet hennar. Pappaen til Gard tek ein siste tur på fjellet for å leite etter dei bortkomne sauane. Gard er vel vitande om at reven tok eit lam i fjor og fryktar det verste. Han vil bli med pappa for å finne lammet, og han er fast bestemt på at det må skje no, før det er for seint.

Men slik foreldre ofte opererer, har mammaen til Gard allereie lagt andre planar. Han kan vere med å treffe den nye dottera til naboane. Kristin er nemleg adoptert, akkurat slik som han. Dei kan leike saman, foreslår mora. Ho set Gard og jenta i same bås, ei velmeinande handling som provoserer. Det fungerer godt at Tjønn problematiserer dette gjennom Gard sine tankar, slik at vi kjem tettare på han: «Han skal vel ikkje leike med ei lita jente? Berre fordi dei har same farge på håret? Berre fordi dei er fødd i same land?». Gard ønsker å bli sett for den han er, eit autonomt barn med eigne ønsker, interesser og behov. Adopterte karakterar i barnebøker er mangelvare, og boka lukkast godt i å formidle ei identitetskonflikt som er spesifikk for Gard, men som samtidig er unison og allmenngyldig. I sinne og frustrasjon legg han på sprang mot den store, skremmande skogen. Skogen som er tett som skjegget til pappa, eit språkleg bilde som er enkelt, men effektfullt. Skal vi tru tittelen er han ikkje redd, men kroppsspråket avslører at det er noko han prøver å overtyde seg sjølv om.

Gard ser på jente-kopi

Den eventyrlege skogen

Det kan tyde på at illustratør Sunniva Sunde Krogseth trivst godt med å utforske krafta som ligg i fantasien, slik ho også gjorde i barnebokdebuten Nattsvermerne (2021), ei bok ho mottok NBU sin debutantpris for. Med eit vennleg nikk til Theodor Kittelsen og hans eventyrskogar, har ho skapt eit eige univers der fantasien får utfalde seg fritt, slik den ofte tar overhand i mørkeret. «Kva var den raslelyden? (…) Høyrde han ikkje nokre skritt bak seg?» Dei lysande auga følger Gard med blikket. Dei levande trea strekker seg etter han, lik Nikolai Astrup sitt tre i Vårnatt og seljekall.

Visuelle grep som dette får fram dramatikken og styrker førestillingsevna vår, og står i sterk kontrast til dei harmoniske sauane på beitet og dei naive vaksenblikka. Krogseth vekslar mellom lys og mørke, harmoni og disharmoni, på ein elegant måte. Den karakteristiske, røffe streken kjem til sin fulle rett i illustrasjonane av natur og dyr. Eit par stader ser rørslene til Gard noko statiske ut, som om han er limt inn i bildet, men det øydelegg ikkje for flyten i historia og det overtydande visuelle uttrykket.

Gard løper i skogen-kopi

Den gode gjetaren

Gard overvinn eiga frykt, og med eit tregevær i handa kjem han seg heilskinna gjennom skogen. På den andre sida beitar lammet, lukkeleg uvitande om den pågåande leiteaksjonen. Faren er derimot ikkje over. Reven dukkar opp og flekker tenner og ser fælsleg ut der han fyller eit heilt oppslag på svart bakgrunn, eit brot som aukar spenninga betrakteleg. Men akkurat slik mora misforstår Gard, misforstår Gard reven. Revetispa vil berre beskytte kvalpane sine, og som den gode gjetaren han er, vil Gard gjere alt for beskytte lammet. Han møter reven andlet til andlet, og kviskrar gjentakande «Ikkje kom nærare». Nærleiken som oppstår ved å halde det enkelt språkleg og visuelt, gjer dette til eit sterkt møte mellom mennesket og den ville naturen, Gard og reven. I ein augneblink er det ingenting anna som eksisterer.

Språket til Tjønn er ordknapt, men orda er velvalde og treffande. Saman får Tjønn og Krogseth godt fram Gard sin lune, leikne og omsorgsfulle personlegdom. Som lesar får ein omsut for guten, og det er like tydeleg for oss som for Gard; det er dei vaksne som misforstår og ikkje lyttar. For den gode gjetaren er det ikkje noko som er viktigare enn eit bortkome lam.

Trygt tilbake i flokken

Gard er ein tenksam gut, og tankane hans er undrande og kloke: «Tenk om alle mammaer i heile verda hadde hatt bjøller rundt halsen? Då ville ingen gått seg vill». Vi har alle eit ibuande behov for å høyre til og ikkje kome vekk frå fellesskapet. Det er ein raud tråd i Tjønn sin forfattarskap at han tematiserer og løftar fram barn og unge i sårbare situasjonar. Noko han gjer med stort hell. Gard får heldigvis trøyst og støtte frå foreldra, og han blir sett for det barnet han er. I dette ligg det ei forløysing som gjer at han veks og føler seg tryggare. Med sauane trygt heime på beitet igjen, kan han møte nabojenta der ho er og sjå fram til å innlemme ho i flokken.

 

Gard og sauen-kopi

 



Skrevet av:

Kommentarer