Sjarmtjuven

Boktittel: Verdas rikaste tjuv
Forfatter: Marianne Gretteberg Engedal
Illustratør: Marianne Gretteberg Engedal
Forlag: Samlaget
Årstall: 2023
Antall sider: 40
Sjanger: Bildebok
Normbrytaren Kjell er tilbake! Denne gongen blir han forderva av pengar.
«Lotto-millionærar er ikkje som andre millionærar» heiter det i reklamen. Nettopp dette får tjuvefamilien til Kjell kjenne på når far hans vinn ein heil milliard kroner – med eit stole Flax-lodd. Pengane skal etter kvart vise seg som ei forbanning.
Verdas rikaste tjuv er den tredje boka om den godhjarta, men lytefulle guten Kjell. Det indre kompasset hans er velutvikla, men ofte trår han likevel feil. «Eg synest ikkje det er rett at de skal bruke desse pengane» innvender han til storfamilien, og foreslår at gevinsten må gis til den rettmessige eigaren, altså kjøparen av loddet. «Ein sann tjuv tenkjer ikkje på offeret sitt» fastslår bestemora.

Den nyrike tjuvefamilien mister raskt mål og meining i kvardagen med huset fullt av setlar. «Det er gørrkjedeleg å betale for ting» resignerer den same bestemora nokre sider seinare. Hovudpersonen sjølv har også ei viktig lekse i vente. Ekte vener lar seg ikkje kjøpe. Sjølv ikkje med dobbelt stelte pengar.
Frå normbrytar til forbrytar
Marianne Gretteberg Engedals bokserie om Kjell er eit djupt originalt bokverk, der forfattaren frontar friske tankar kring mangfald, identitet og etikk – på underhaldande og engasjerande vis. Grunnkonseptet er like enkelt som det er klart; Kjell er ein tjuv som ikkje vil vere tjuv. I bøkene må han kjempe mot omverdas forventingar.
I den prisvinnande debutboka Pølsetjuven (Samlaget, 2019) fann hovudpersonen seg sjølv ved å avstå frå familietradisjonen steling. På dette viset vann han både vener og respekt. I den nye boka snur forfattaren opp ned på denne forventinga, ved at Kjell tar til å stele – og det attpåtil frå sine eigne. «Du vil jo ikkje ein gong vere tjuv» seier mor hans i eit familieråd midtvegs i boka. Kjell er i ferd med å miste seg sjølv.

Rikt persongalleri
Alle kjenningane frå dei førre bokene er med i den nye boka, inkludert Kjells bestevener Pølse-Per, politidottera Perit og bokormen Bibbi. Læraren frå Polititjuven (Samlaget, 2021) – med pupper og bart, er også til stades. Denne figuren er eit kroneksempel på måten illustratøren Marianne Gretteberg Engedal motset seg kjønnsstereotypiar i teikningane sine. Læraren med tre auger er nær sagt umogeleg å setje i bås. Nykommaren i boka kallast Blokkfløyte-Bob. Kjell møter ham på korpsøving, og blir straks fascinert av den fine sveisen, ringen i øyra og kongekappa. Attpåtil speler Bob blokkfløyte «som ein gud». «Men han enser ikkje Kjell».
Slik går det til at Kjell forsøker å kjøpe seg gunst. Etter å ha rappa pengar og kjøpt seg verdas dyraste blokkfløyte byrjar dei to å henge saman. Og Kjell spanderer både tivoli, bollar og helikopterturar på sin nystolne venn. Pengane blir essensielle for å halde på merksemda til Bob, og lenge ser det ut til å virke. Men kva skjer når pengane tar slutt?

Dyrekjøpt lærdom
Slutten på denne boka er for god til å avslørast i ei bokmelding, men det kan slåast fast at god gammal byteøkonomi inngår som ein del av løysinga.
Tittelen Verdas rikaste tjuv er kan hende ikkje like stutt og fengjande som dei førre bøkene Pølsetjuven og Polititjuven. Til gjengjeld er tittelen mangetydig. Her handlar det om å være rik på noko større enn pengar.