Skatten på Sjørøverøya

Skatten på Sjørøverøya

Skatten på Sjørøverøya

Robert Louis Stevenson

Damm 1951

Arnt Birkedal, forfattar

Frå teikneserie til roman Me hadde bokverket ”Mitt Skattkammer” frå 1956 i heimen. Men elles

Frå teikneserie til roman

Me hadde bokverket ”Mitt Skattkammer” frå 1956 i heimen. Men elles hugsar eg ikkje så mange reine barne- og ungdomsbøker. Eg gjekk liksom rett frå Donald Duck til David Copperfield. Eg minnest eg imponerte første frøkna mi i 4. klassen med å lesa i Iliaden på skolebiblioteket. Ho sat og såg på og smilte. Eg var veldig opptatt av henne, og ho forsvann ut av livet mitt like etter, gravid, gift og lykkelig. Men det var ikkje bare kjærleiken som dreiv meg til å lesa slikt.

Den blinde gamle grekaren Homer (OdysseenIliaden), som trulig aldri har levd, var nemlig ein av forfattarane som var med i teikneserien Illustrerte Klassikere, som var svært viktig for meg på denne tida. Det var flotte hefter å samla på, særlig var omslaga gilde.

Gjengangarane i serien var elles Dumas, Verne, Walter Scott, James Fenimore Cooper. Og sist, men ikkje minst Robert Louis Stevenson. Han blei den første forfattarhelten min. Han skreiv spennande romanar, med handling frå farne tider. Og rare draumeaktige grøss som Dr. Jekyll og Mr. Hyde. (Han hadde òg skrive dei kjekkaste barneversa i Mitt Skattkammer.) Då teikneserieutgåva av romanen var slutt, stod det alltid: ”Nå når du har lest Illustrerte Klassikere sin utgave, bør du også lese originalen. Du finner den på biblioteket eller i bokhandelen.”

Eg fann ”originalane” i Løvås si bruktsjappe i Holmegata i Stavanger. Der kjøpte eg stutte og lange utgåver av romanar eg kjente frå Illustrerte Klassikere.

Skatten på SjørøverøyaTreasure Island, visstnok først publisert i 1881/82 i eit blad, er kanskje den boka frå dei tidlige guteåra som gjorde mest inntrykk. Eg kjøpte og las minst fem ulike utgåver av denne – Damm si bok frå 1951 ser spesielt velbrukt ut. ” Skatten” er soga om Jim Hawkins, son av ein vertshuseigar i Englands West Country, som legg ut på dei største eventyr. Særlig likte eg byrjinga; det som hender i og rundt vertshuset / puben Admiral Benbow. I motsetning til normale menneske og lesarar, synest eg liksom noko av piffen går or soga når dei bestemmer seg for å dra ut på det store havet og finna skatten. Det har liksom lege i korta heile vegen. Og eg syntest gamle England var meir spennande enn sydhavsøyar, dei hadde me jo utforska før, i andre bøker, vitsar og filmar. Allereie då hata eg forstyrrande handling, både i bøker og film. Eg ville dvela ved eit landskap og utforska det, ikkje røra meg raskast mulig frå punkt A til B. Heldigvis er byrjinga på Treasure Island god og lang og spennande, befolka av herlige, mystiske, vonde sjørøvarar og lettlurte godseigarar. Hovudperson Jim sjølv var ikkje særlig spennande. Men slik måtte det vel vera; han er hovudet me ser det heile gjennom. Gjennom Jim sitt hovud såg eg gamle England for første gong.

Admiral Benbow er sjølve urpuben. Ein samanliknar alle West Country-pubane ein vitjar etterpå med den. Og mange er mest like skumle og trivelige. I ettertid ser eg: Eg gjekk meg vill mellom skutene på hamna i Bristol. Eg snudde, rusla tilbake, og lét Jim og Lange John Silver og dei legga ut på den lange reisa. Sjølv blei eg verande på Admiral Benbow. Eg fekk rommet ”Kapteinen” nett hadde døydd frå, han døydde av skrekk, som kjent, då han fekk det svarte merket ifrå blinde Pew. Og eg har vore salig anglofil sidan.

Admiral Benbow er urpuben. Treasure Island er urromanen. Når eg skal forklara unge kva ”ei lang forteljing” er, brukar eg ofte Treasure Island som døme. Den er så sabla oversiktelig komponert. Og Robert Louis Stevenson er urdiktaren i mitt liv. Han såg så tøff ut med sitt lange svarte hår og bart, litt Jesus, litt George Harrison, litt Ville Bill Hickok. Bleik og sjukelig, ja vel, men det var bare ekstra tøft. Slik skulle ein Diktar vera. Robert Louis Stevenson døydde på ei Stillehavsøy. Dei innfødde hadde gjort han til hovding og kalla han ”Eventyrforteljaren”. Slik vil eg òg døy. Viss eg orkar å reisa meg ifrå bordet mitt her på Admiral Benbow.

Vi takker Norsk barnebokinstitutt for avbildingen av illustrasjonen. Den fins i deres samling.

Arnt Birkedal