Skulevegring før og no

Skulevegring før og no

Boktittel: Sennepsfrø – Natt til idrettsdag

Forfatter: Arnt Birkedal

Illustratør: Inger Lise Belsvik

Forlag: Wigestrand

Årstall: 2021

Antall sider: 44

Biletboka Sennepsfrø rettar fokus mot eit viktig tema. Men treffer referansane dagens unge?

Sennepsfrø – Natt til idrettsdag er ei biletbok om skulevegring, ispedd ein dose løyndom og fantasi. Boka ber i seg kritikk av den tradisjonsbundne idrettsdagen, som diverre er eit reelt eksempel på noko som utløyser skulevegring hos barn. Forfattar Arnt Birkedal jamfører det heile med eit loppesirkus – altså noko som er utdatert. Kor godt eit slik bilete når inn til målgruppa er usikkert. Veit dagens barn i det store og heile kva eit loppesirkus er?

skolegard-lysere

Stillstand og ablegøyer

Teksten i boka lar lesaren aktivt ta del i hovudpersonens tankar, bekymringar og draumar, i det siste døgeret før idrettsdagen. Forteljinga byrjar då Alvhild Aske paff må ta inn over seg førebuinga som pågår i skulegarden. Tida står stille medan barn og lærarar ivrig strekar opp og gler seg til neste dags aktivitetar. Alvhild på si side «aner kor vid og einsam denne dagen vil bli». I Inger Lise Belsviks teikning ser vi at murveggen bak Alvhild er i ferd med å slå sprekkar. På fiffig vis får illustratøren sagt at skulen bør fornyast.

I teksten sirklar forfattaren rundt det uvisse Alvhild gruer seg for. Trygt heime under dyna får ho mot til å konfrontere tankane sine. «Var det stor eller liten ball som var det verste, du» spør eksempelvis hengemannen, som ho møter i draumen sin. «Begge sortane» svarer ho.

Hengemannen stammer frå det klassiske spillet Hangman, som har vore spelt sidan 1902. Bruken av Hengemannen som levande figur i boka er både frisk og spanande, ikkje minst fordi dette er ein figur også dagens barn kjenner. Potensialet som ligg i figuren er sparsamt brukt i boka, men absolutt magisk i sin verknad. «Du skal ikkje tenka så mye» ropar hengemannen etter henne når dei vinkar farvel. Her er boka på sitt mest konstruktive.

hangman

Konkrete illustrasjonar

Der Birkedals tekst er sirklande og poetisk, er Inger Lise Belsviks bilete fabulerande og konkrete – på same tid. Forsideillustrasjonen varslar eit høgdepunkt frå boka, og er henta frå Alvhilds draum om natta. Her ser vi ho svevande på ein himmel omgitt av rosa skyer. I havet under henne kjem det fram ein lumsk skugge. I denne bakar Belsvik inn hovudpersonens skrekk for dommarfløyter, stoppeklokkementalitet og uforståelege vaksenflir. Sistnemnte er eit repeterande poeng i Birkedals tekst. Gymnastikklærarane, og jamvel rektor, skjemtar når det passar som minst.

Teikninga viser at det går an å heve seg over slik utidig oppførsel. Øvst på boksida ser vi hovudpersonen i salig fred – i flukt med ei hegre.

hegre-og-fiskere

Flukt inn i fantasien

Med tilnamnet Aske og ei hegre som følgesvein får ein tru forfattaren alluderer til segna om Fugl Fønix. Sjøv om denne referansen risikerer å gå målgruppa hus forbi, kan ein slå fast at Belsvik lukkast i å omskape krafta frå førelegget. At hegra, til liks med Fugl Føniks, representerer håp, kan ein som lesar fint ane.

Meir framandt er det at tidsperioden i boka er satt 40 år tilbake i tid. Syklar, kioskar, klede og bilar peiker attende til ei tid som kan opplevast som fjern for dagens barn og unge. Ein potensiell fare i boka er dermed at referansane når ut best til vaksne lesarar. «Har du sett ein skulegard, har du sett alle» står det å lese i starten av boka. Men stemmer dette?

På si ferd gjennom draumen får hovudpersonen høve til å bearbeide tankane sine om idrettsdagen. Til glede for Alvhild utviser personane ho møter liknande haldningar til idrettsdagen som ho sjølv har. Mot slutten av boka verkar Alvhild klar for å gjennomføre idrettsdagen. Ikkje fordi den verkar utprega spanande. Men fordi den synest ufarleg. Samtalane i draumen, som like gjerne kunne gått føre seg i det verkelege livet, ser ut til å ha vore riktig medisin.

Materiale nok til fleire bøker

Boka Sennepsfrø har idéar nok til å fylle fleire bøker. Slik det er no sveipar forfattaren innom for mange postar, utan å dvele lenge nok ved dei. Innhaldet kunne med hell vore spissa betre. Symbolikken som er knytt til bokas tittel, altså omkring sennepsfrøet, kjem altfor kort fram i teksten. Også omgrepet draumelærar i boka er velegna for å setje fantasien endå meir i sving. Boka blir nesten som idrettsdagen den kritiserer: hoppande og springande, og litt vel fri. Men òg morosam for alle med ope sinn.

Les også intervju med Arnt Birkedal 27.9.22. 

 

hangman-prat

 

Egon Låstad

Født 1979. Kritiker, designer og kurator. BA i grafisk design fra UCA. Årsstudium i Arkivkunnskap fra UiO. Jurymedlem i Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok. Kritikerfadder for U-prisen. Prosjektleder for www.illustrertejulekort.no