Tittel: søkeord: ayotzintli
Tekst: Marit Kaldhol
Forlag: Samlaget
Årstall: 2010
Antall sider: 134

ISBN 978-82-521-7640-7

søkeord: ayotzintli

UTRYDDINGSTRUGA UNGDOM

Meldt av Guri Fjeldberg

Lever vi i ei verd som berre har plass til dei med tjukt nok skal? Marit Kaldhol har skrive ein ungdomsroman til ettertanke.

Eg irriterer meg ofte over baksidetekstar som røper for mykje. Slik er det ikkje denne gongen, truleg har forfattaren sjølv vore med å formulere denne baksida. Eit dagboksitat skremmer vonleg vekk alle som er på jakt etter ei lysteleg leseoppleving. Her får vi klare hint om at vi har med tung depresjon å gjere:

06.05 kl. 03.10
umuleg å sove, umuleg å vere vaken
tida i kroppen stemmer ikkje med tida der ute
gjekk ikkje på skolen i dag heller
ingen ringer, ingen legg merke til at eg ikkje er der

Så kjem den korte ramma kring historia:

Om nettene sit Mikke ved pc-en. Mamma og Idar reiser på ferie til Chile. Kompisane er i gang med russefeiringa. Siri sender tekstmelding, men Mikke svarar ikkje. Han les om små skjelpadder som driv tilfeldig omkring i havet. Nokre klarer seg, andre ikkje.

Det var baksida. Om ein verkeleg fyller inn søkeordet ayotzintli, kjem ein til ein organisasjon som jobbar for utryddingstruga havskjelpadder. Stort meir bør ikkje røpast. Om ein vil ha fullt utbytte av boka, er det best å ikkje lese vidare i denne meldinga.

«no skal eg ikkje skrive meir»
19 år gamle Mikke tek sitt eige liv. Han let etter seg ei dagbok på datamaskina. Det er denne dagboka søkeord: ayotzintli opnar med. Vi følgjer tankane hans frå 7. februar klokka 05.57 til 11. mai klokka 03.42. Då står det: «no skal eg ikkje skrive meir». I dei korte notata vurderer han aldri sjølvmord. Tvert imot framstår han som ein ressurssterk gut med sjølvinnsikt og god kontroll. Rett nok skriv han at han kjenner seg i slekt med «ein fisk uten hav», ein sjeldan art som lever i underjordiske grotter i Mexico. Han lurer på om han manglar evne til å elske. Men han uttrykkjer aldri noko ønske om ikkje å leve meir. Lesaren veit altså ikkje kor dette skal ende. Ikkje før halvvegs i boka, i del to, når synsvinkelen skiftar til mora og ho fortel korleis ho fann han død.

Fram til det er dette ei bok om kvardagsliv og eksistensielle grubleri. Det handlar om episodar med den utviklingshemma guten han er støttekontakt for og med jenta han er i lag med; om truga regnskog, draumar og biologitimar. Depresjonen kjem smygande mellom linjene. «korleis kan eg vere meg medan cellene heile tida endrar seg, forsvinn, blir erstatta av nye? det er i cellene livet finst.» Han skriv om mattelæraren som plutseleg siterer filosofi: «meir visdom gir meir smerte», og undrar «bedre å vere dum, altså?» På den andre sida: «kunne ein art overleve viss han ikkje følte smerte?»

Trått
Å setje dagboknotata i kursiv er eit underleg val (sjølv om det gir tett tekst som sparer papir), sidan kursiv ikkje er førsteval på datamaskiner. Skrifta eignar seg dårleg for folk med lesevanskar. Bladvendinga går likevel ganske fort. Kvart dagboknotat fyller sjeldan ei heil side. Like fullt kan det bli trått å lese fordi Mikke ikkje har noko klart prosjekt, inga konkrete problem å løyse. Det er sjølvsagt litt av poenget. Kva vil han meir enn å studere biologi?

Det kunne ha vore ein undergangsroman om at verda er til berre for dei mest hardføre av oss, dei med tjukt nok skal. Men gjennom minna til mamma i del to, og ikkje minst breva frå dei nærståande i del tre, insisterer Kaldhol: Nokon var glad i deg. Begge desse delane er stila direkte til Mikke. Det er sterk lesing og snur umerkeleg boka til eit oppbyggjeleg prosjekt.

Mammas sjokk
Del to har undertittel «(mamma hugsar)». Det er ikkje lett å skrive ein sjokkarta sorgreaksjon frå innsida til den som opplever han. På dei første sidene slår bileta kvarandre mest i hel, der ho kjenner eit tog dure gjennom kroppen, fuglar som flaksar i halsen og ein tung stein i magen. Det tok litt tid før eg blei overtydd om at det ikkje var poeten Kaldhol, men mor til Mikke, som førte ordet. Men fram veks ei reflektert kvinne, og under anar ein snart det gnagande spørsmålet som set fart i lesinga: kvifor?

Her er boka unik. Om ein leitar i dagboka og i minna til mamma finn ein ikkje ein einaste opplagt sjølvmordsgrunn. Derimot finn ein mykje som verkar saman. Faren som gløymer bursdagen hans. Venen som let seg avvise. Jenta han ikkje klarer å elske like høgt som ho elskar han. Problem med å få sove. Kan hende ein arveleg disposisjon? Det er meir tankevekkjande enn sentimentalt, og det sikrar ei leseoppleving som varer lenge etter siste side.

Skal, skal ikkje?
Tala er usikre, men Folkhelseinstituttet reknar med at omlag 90 prosent av alle sjølvmordsforsøk er «mislukka». Det er dei ikkje i ungdomslitteraturen. Den tek oss med til ytterste konsekvens, akkurat slik dødsrisikoen ved kreft er langt høgare i barnelitteraturen enn i røynda. Det er ikkje alt ein treng erfare sjølv dersom ein berre held seg med god nok litteratur. Ved å ta oss med til ytterpunktet har Kaldhol skrive ei viktig bok.

Statistisk sentralbyrå fortel at 48 unge menn og 21 unge kvinner mellom 15 og 24 år tok sitt eige liv i 2008. Tala syner at førekomsten har gått ned på 2000-talet, men framleis er dette ein av dei viktigaste dødsårsakene i denne aldersgruppa. Då er det kan hende ikkje så rart at førekomsten av sjølvmord er stigande i ungdomslitteraturen. Berre i år er sjølvmord tema blant anna i Tilstrekkelig vakkert av Synne Sun Løes, 13 gode grunner av Jay Asher og Vinterjenter av Laurie Halse Andersson. Noko av det tiltalande ved desse bøkene, er at farfattarar som framstiller døden som eit val, samstundes gjer livet til noko ein kan velje å leve.

Sjølvmord som vilkårleg val
Heilt sidan Kavring Løvhjerte tok bror sin på ryggen og hoppa utfor eit stup for å fri han frå å bli lam, har også barnelitteraturen peika på kor lite plass samfunnet har til veikskap. Sjølvmord i ungdomsbøker har særleg vore brukt til å seie noko om alvoret i problem som mobbing eller sviktande foreldre. Sjå kor gale det kan gå! Mikke har ikkje noko klart problem. Heller enn å debattere om sjølvmord kan vere akseptabel problemløysing, set Kaldhol fokus på sjølvmordet som eksistensielt val. Dagboka til Mikke kretsar aldri rundt eit «skal, skal ikkje», og nettopp slik fangar Kaldhol noko av det mest typiske for ungdom som tek sitt eige liv, dei som ikkje har den livserfaringa som skal til for å vite at tungsinn går over. Sjølvmordet kjem så brått at det i all sitt truverde framstår nestan som eit vilkårleg innfall. Mikke kunne like godt ha valt å leve. Eller som guten han var støttekontakt for, har fått hjelp til å skrive i det siste brevet: «Dei seier du ikkje ville leve lenger. Men eg trur du ville.»



Skrevet av:
Kommentarer