Tittel: Sølvbåt og stjernevind. Den nye barnediktboka
Tekst: Per Olav Kaldestad og Hanne Bramness (red.)
Forlag: Mangschou forlag
Årstall: 2011

Antologi med 18 lyrikarar og 5 illustratørar
ISBN: 978-82-8238-020-1

Sølvbåt og stjernevind

I SKUGGEN AV ”LILLE PERSILLE”: KVAR GÅR BARNELYRIKKEN?

Mangschou forlag satsar stort og seriøst på ny lyrikk for barn. Design og illustrasjon imponerer, på tekstida løftar det seg ikkje like godt.

”Den nye barnediktboka” er ein ambisiøs undertittel. Den ”gamle” barnediktboka er Aschehougs Den store dikt- og regleboka (1989), ein antologi med stoff frå Wergeland til Arild Nyquist. Utvalet i denne har forma mange sine førestellingar om kva dikt for barn er, men mest av alt er det Inger Hagerup, Så rart (1950) og ”Lille Persille”, som er norsk barnelyrikk. ”Lille Persille” kastar ein skugge som kan samanliknast med den Henrik Ibsen har kasta over norsk dramatikk, det er ikkje lett å komme forbi og vidare.

Det er rett og rimeleg at Hagerup er så sentral i kanon, det skuldast kvalitet og appell og at Så rart (ikkje minst med Paul René Gauguins illustrasjonar) svarte på eit nødvendig behov for fornying. Posisjonen handlar ikkje minst om ein mediesituasjon vi ikkje lenger har, der kvalitetslitteratur og formidling gjennom NRK hadde ein reell sjanse mot populærkulturen.

Så skal det seiast at det har kome ein god del svært fine norske diktsamlingar for barn dei siste 25 åra, både rim, regler og modernisme. Det har verdi, sjølv om mykje ikkje blir folkelesnad. I dette feltet prøver Mangschou forlag no å slå ein kile inn, med Sølvbåt og stjernevind. Nesten hundre nyskrivne dikt av atten samtidslyrikarar er illustrerte av fem illustratørar, Per Olav Kaldestad og Hanne Bramness er redaktørar.

Fine dikt, svakare dikt
Boka er påkosta og har verkeleg fin design. Oppslaga er lekre og innbydande. I ein diktantologi må likevel tekstane vere det viktigaste, og forfattarnamna, ja også redaktørnamna, skapar forventing. Med over hundre dikt vil sjølvsagt motiv og form representere eit stort mangfald, men her er mykje besjeling (jf. ”Lille Persille”) og også modernistisk form, krinsande rundt eit ”eg”. Boka inneheld ein del lengre, alvorlege og utfordrande tekstar. Den har fine enkeltdikt, underteikna har særleg merka seg Hilde Myklebust som skriv om jonsok, edderkopp og sommarfugl, Kjartan Hatløy sitt ”Sola har ein boge av gull” og ”Alt finnes” av Ingrid Storholmen. Andre vil like andre tekstar. Boka inneheld også tekstar som forutset at lesaren har eit forhold til spesifikke kulturelle eller geografiske referansar, eg tenkjer særleg på Cathrine Grøndal sine Oslo-dikt. Boka innheld også nokre svake tekstar, mi samla oppsummering er at det for få tekstar som verkeleg løftar, både lesaren og barnelyrikken.

Dikta er redigerte i fem bolkar, kvar bolk har sin illustratør. Dette er bokas primære redaksjonelle prinsipp, men det ser også ut til å ha vore eit poeng å invitere inn forfattarar som ikkje før har skrive noko særleg for barn? Eg er usikker på kor godt eit slikt val er og tillet meg å sakne forfattarar som har skrive (godt) for barn før – Per Olav Kaldestad, Mary-Bente Bringslid, Ragnar Hovland og Ingvild H. Rishøi, for å nemne nokon. Antologien framstår med ein noko uklar profil, kva har ein på hjarta utover generell fornying og påkosta design?

Når språklege bilde blir visuelle
Dikt for barn blir ofte, men ikkje alltid, illustrerte. Dikt for vaksne blir sjeldan og aldri illustrerte, ein tek konsekvensen av at kjernen i det lyriske språket er dei (verbal)språklege bilda. Her er ein annan dialog mellom visuelt og verbalt meir utbreidd, i den såkalla ekfrasen forheld tekstar seg beskrivande eller fortolkande til bildekunst. Olav H. Hauge skriv ”Til eit Astrup-bilete”, Øyvind Berg skriv ”Frokost i det gr…” til Eduoard Manets ”Frokost i det grønne”. Ein kan seie at diktet startar der bildet ”sluttar”, og tekstane blir slett ikkje alltid presenterte saman med bilda.

Når dikt er illustrerte, kjem det visuelle først, fordi auga først treffer bildet. går dikt og bilde i dialog. Når dikt blir illustrerte møter lesaren ei fordobling eller ein redundans, bilda er både språklege og visuelle. Inger-Lise Belsvik teiknar solstråler som piler der Hatløy skriv om sola sin ”boge av gull”, ho teiknar den ”månefisken” Grøndal skriv om. Og Bygdøy-kyrne hennar blir ”kongelege” ved å få ei krone på hovudet, dei tøffe truckane på Vippetangen blir besjela med ansikt. Harald Nordberg teiknar reka til Ted Hughes som ein stilig type i dress som matchar den rosa fargen. Illustrasjonane byggjer eit støtteapparat rundt dei poetiske bilda, det kan kallast eit paradoks, men illustrasjonar kan sjølvsagt også fungere som døropnar og skape motivasjon og førforståing for lesaren. Dei kan føre til at ein lesar bestemmer seg for å lese eit dikt.

Illustratøren må, banalt nok, hente fram noko i diktet som kan visualiserast – personar, dyr, objekt og språklege bilde. I si enklaste form blir dette meir og mindre dekorative vignettar, men det finst også rom for illustratøren å tilføre eigne meiningselement – som når Harald Nordberg teiknar Kattegatt-havet som ei veldig og venleg bølgje med narrens maske. Illustrasjonane kan også, gjennom si form, framheve ei haldning eller eit humør, slik eg opplever det i Akin Düzakins sensitive strek til far–dotter-motivet i Mona Høvrings ”Sommaralbum”. Og så teiknar han umåteleg dekorative tre i denne boka. Nemnast må også Hilde Kramers digitale illustrasjonar til Hildegunns Dales lange og utfordrande dikt om (sjiraffslektningen) okapien. Kramer spelar på visuell metonymi og ekvivalens – i frodige kontrastfargar kombinerer ho stiliserte mønster; på den eine sida sebrastriper og augnevipper – på den andre sida organiske former frå dyrespor, dyreøyre, blad, lauv og afrofhår.

Saknar humor, sjarme, leik
Det beste innanfor barnekunst og -kultur er gjerne prega av ein umiddelbar appell gjennom sjarme, varme, humor og språkleik. Desse kvalitetane er ikkje påfallande til stades i denne boka. Det er på den eine sida legitimt – på den andre sida kan det opplevast som ei utfordring for ei bok og eit sakn for ein lesar. Kanskje også for ein illustratør? Øyvind Torsæter framstår nærmast som uinspirert (med unntak for ”Alt finnes”), dei fleste dikta i hans bolk kan knapt kallast illustrerte. Inger Lise Belsvik gjer ein grei jobb, men overraskar ikkje – og det er ein bommert å teikne åtte blomar til eit jonsokdikt som med sterk språkleg presisjon handlar om å sove med (det magiske talet) sju blomar under puta. Her minner også det som må vere meint som jonsokbål meir om styrtande kometar, kan hende skuldast det proporsjonane mellom blomar og bål. Kramer, Düzakin og Nordberg synest meir inspirerte.

Moderne lyrikk for barn må kunne vere meir enn Inger Hagerup, André Bjerke og Arild Nyquist, meir enn besjela planter og dyr, lydmaling og alliterasjon. Fornying må vere mogeleg, dikt for barn i 2011 må stå fritt til å velje posisjon, både i forhold til barnelitteraturtradisjonen og samtidslyrikken. Tekstutvalet i Sølvbåt og stjernevind knyter seg i første rekkje til samtidslyrikken og det inneber ein viss risiko. For på den andre sida må det også vere legitimt for lesarar å ha førestellingar om kva lyrikk for barn kan/skal/bør vere. Eg har stor tru på at spenningsfeltet mellom tradisjon og samtid er eit produktivt felt. Her er det råd å ”treffe”, bli det ”nye” og snike seg opp på sida av ”Lille Persille”. Sølvbåt og stjernevind er eit ambisiøst prosjekt som det står stor respekt av, men samtidslyrikarane og barnelyrikken må ta nye sjansar, prøve, igjen og igjen.



Skrevet av:

Kommentarer