Sommarlesing og is
Mellom halvlesne Proust-romanar og Sommerles-poengjakt, finst lesegleda. Kanskje is og sprettballar er nøkkelen til å halde lesinga gåande?
Åh, dei lange, sløve feriedagane, fylt med så lite innhald og så mange bøker som mogeleg! Eller, det var i alle fall planen. Heller ikkje denne ferien fekk eg gjennomført alle leseplanane. Eg kom meg nesten halvvegs gjennom det første bandet av På sporet av den tapte tid før eg fann ut at middelhavsvarmen hadde bedøvd sinnet mitt slik at det var meir mottakeleg for enkle intriger og drapsgåter enn til dømes lange skildringar av syrinbuskar og monden forfengelegheit.
Kvar sommar blir ein bombardert av informasjon om kva ein bør lese og at no, no er tida inne for å lese. Eg har i år som i fjor sett opp ei liste delvis basert på kva eg bør lese, delvis på kor mange bøker eg bør lese. Av dei sju som sto på lista, kom eg meg gjennom fire. Middels måloppnåing kallar ein det i skuleverket.
Til samanlikning har dottera mi lese 35 bøker. Ok, så dei er ein del kortare, og eg har lese mange av dei for henne, men likevel.
Indre og ytre motivasjon
Ho har i sommar vore med i biblioteka sin årlege kampanje, Sommerles, der barn frå første til sjuande trinn registerer alle bøkene dei les, høyrer på lydbok eller blir lese for. Undervegs samlar dei XP (poeng), får digitale trofé og premiar dei kan hente på biblioteket. Kampanjen har, frå den papirbaserte starten i Vestfold i 2012 utvikla seg til eit nasjonalt prosjekt frå 2017 og har i år hatt eit rekordår med 172 000 barn. I skrivande stund har desse barna pløyd seg gjennom over 238 millionar sider, i snitt nesten 1400 sider kvar sidan første juni. Det er oppløftande tal i ei tid der ein kan få inntrykk av at talet på lesarar er i fritt fall.
Sommerles sin suksess er knytt til korleis kampanjen er prega av gamification, altså bruk av spelelement i kontekstar som vanlegvis ikkje er knytt til spel. Når eg og dottera mi registerer bøker får eg stundom ei kjensle av at me speler Pokémon Go, berre med verdi. Ein kan likevel stille spørsmål ved verdien av ytre motivasjon i samband med lesing. Kjem ikkje den ørkeslause registreringa litt i vegen for lesegleda? Forsking tyder på at påskjønning kan øydelegge for den indre motivasjonen, men prosjektleiaren for Sommerles, Siri Haga Torgersen, hevdar likevel at «… de fleste deltakerne blir motiverte til å lese mer enn de ellers ville gjort» og at kampanjen ikkje «… handler om å premiere barna for noe de allerede liker å gjøre, men å motivere dem som leser lite, til å lese mer». Det er uansett fleire positive effektar av Sommerles enn negative: Barn som les meir enn seks bøker i løpet av sommaren held på lesekompetansen dei har opparbeidd gjennom skuleåret, og barn som les mykje les betre. Ein tilleggsdimensjon er at kampanjen indirekte oppmodar foreldre til å lese meir for barna sine, noko Leserundersøkelsen som blei publisert i vår tyder på at det kan vere behov for.
Premiar for vaksne
Sjølv måtte eg legge band på meg for å ikkje pushe lesinga lenger enn det som var naturleg, til dømes ved å «hacke» systemet ved å låne ein haug bildebøker som lett og effektivt kunne fått skåren opp mot neste premienivå. Eg trur ikkje dottera mi eigentleg les for å få sprettballar og klistremerke. Ho les fordi ho likar det. Sprettballen er berre ein kjekk bonus.
Kanskje det burde vore ein liknande kampanje for vaksne, tenkjer du? Vel, det finst! «Hvorfor er det bare barn som får premier og is når de leser bøker om sommen?» spør Lillestrømbibliotekene retorisk. Fleire bibliotek har liknande konkurransar som eg i juni antakeleg fnyste av og såg på som ei infantilisering av Den Heilage Lesinga. No er eg ikkje så sikker.
Read a fucking book
Lesing skal vere lystbetont, og bøker og sommar høyrer liksom saman. Alle kampanjane og emneknaggane på Instagram forsterkar denne kjensla, men dei bør heller bli oppfatta som velmeinande dult enn moraliserande peikefingrar. Read a fucking book, fordi kvifor ikkje? Og om du prøver å nærme deg verdslitteraturen, til dømes Marcel Proust, og berre kjem nesten halvvegs, så er det heilt greitt å finne noko anna som gir deg leseglede. Og så er det berre å køyre på inn i hausten.
Potensiell bonus (viss du synest is og sprettballar er barnsleg): Foreldre som viser leseglede får sannsynlegvis barn som blir flinke lesarar.
Bannerfoto: Ice Cream Dessert. Foto: Lotus Head. Kilde: Wikimedia Commons
Asle Sætre (teikneseriemeldar og norsklærar), og Lotta Olsson (redaktør for barne- og ungdomsbokmeldingar i Dagens Nyheter, Stockholm) skriv månadlege kommentarar for Barnebokkritikk.
Om du har tips til problemstillingar vi bør ta opp, send ein e-post til redaksjonen@barnebokkritikk.no. Barnebokkritikk garanterer kildevern.