Sommerfelt, Aimée: Veien til Agra

Sommerfelt, Aimée: Veien til Agra

Veien til Agra

Aimée Sommerfelt

Illustrert av Ulf Aas
153 sider
Oslo 1959

Marita Liabø, forfatter

MEN IKKJE TIL HINDI Barnebokminne av Marita Liabø, forfatter av Jenny blir knallhard Aimée Sommerfelts

MEN IKKJE TIL HINDI

Barnebokminne av Marita Liabø, forfatter av Jenny blir knallhard

Aimée Sommerfelts Veien til Agra (1959) gjorde inntrykk på meg då eg var barn. Historia om to indiske ungar som går og går mot eit sjukehus fordi den yngste er sjuk, fekk meg til å skjøne – trur eg – at kvardagen min var tufta på flaks og overflod. Dessutan skjønte eg at det går an å greie seg aleine, og at folk flest er gode. Veien til Agra fikk meg til å interessere meg mindre for liv som liknar mitt eige og meir for verda utanfor, og eg innbiller meg at boka bidrog til at eg tidleg blei sjølvstendig og søkande nok til å finne vegen til Agra, Calcutta, Dar, Dakar, Manila, Phnom Penh og mange andre stader prega av naud og konflikt. I eit slags sug etter å være solidarisk, har eg gått i hete, vore tørst og sove på bakken, akkurat som ungane i boka. Sommerfelt skulle ha visst dette, men hun døydde før eg visste kven ho var. Sommerfelt skulle ha sett kor vi fråtsar. Samtidig les dagens nordmenn litteratur frå heile verda, og vi les om krig, flukt og fattigdom. Veien til Agra er omsett til 29 språk – men ikkje til hindi. Ein halv milliard indarar kan framleis ikkje lese ei setning.

Beste helsing marita.

Marita Liabø