Spyri, Johanna: Heidi
Heidi
Johanna Spyri
Tallause utgåver på norsk, første i 1882, siste er truleg på Aschehoug i 2006.
Første gong utgitt i Sveits 1881
Brit Bildøen, forfattar og forlagskonsulent
FRISK LUFT, FYSISK FOSTRING, KONTAKT MED GEITER OG ANDRE ÅLREITE DYR Av Brit Bildøen, forfattar
FRISK LUFT, FYSISK FOSTRING, KONTAKT MED GEITER OG ANDRE ÅLREITE DYR
Av Brit Bildøen, forfattar og forlagskonsulent
Først må eg berre gjere det klart: eg har lese mykje søppel. Som barn konsumerte eg bøker, eg glefsa ukritisk i meg alt eg kom over. Noko var kvalitetssikra av biblioteket, men eg støvsugde også hyllene hos naboar og venner, drog med store plastposar heim, og i dei posane var det mykje som ein ikkje skulle tru sette nemneverdige spor, i det minste kan eg håpe på det. Mitt barnebokminne er nettopp denne grauten av bøker, serielitteratur og teikneseriar av svært varierande kvalitet. Minnet knyter seg sterkast til den gleda eg kjente når eg fann ei bok eller eit hefte eg ikkje hadde lese før, glupskheita når eg kunne tømme ein ny plastpose og begynne på toppen av haugen, kjensla av å aldri få nok. Eg tenkte aldri på om noko var godt eller dårleg, og medan mor mi dreiv og lurte på om ho skulle bekymre seg over lesevanane mine, var eg meir bekymra for at det skulle ta slutt, at kjeldene skulle tørke inn, at tilgangen på bøker og teikneseriar skulle stoppe opp.
Men sjølv om alt glei ned, så kan eg hugse at det var ein viss type bøker eg likte spesielt godt. Det var dei bøkene der det brått kjem ein person inn i barnas kjedelege liv og snur opp ned på alt. Figurar av typen Mary Poppins, altså. Ein variant av dette er at det opnar seg ei dør til ei hemmeleg verd. Med andre ord, eg elska bøker som lova meg at underlege og vedunderlege ting kunne skje. Bøker som skildra endring, vekst og betring. I vaksen alder har dette slått over i ein viss sans for den klassiske danningsromanen.
Ein typisk representant for endrings- og betringslitteraturen er gode gamle Heidi av Johanna Spyri. Eg har ikkje lese denne boka igjen etter at eg blei vaksen, men det som for alltid sette seg fast i meg, var bildet av denne foreldrelause og blodfattige jenta som blir sendt til fjells. Og som, etter ein kraftkur med feite mjølkeprodukt og mykje friluftsliv, blomstrar opp og får raude kinn og blir ei sunn og glad jente. Omsorga frå bestefaren har sjølvsagt også sitt å seie. Men den dag i dag trur eg på dette; folk som er bleike og tufse eller kanskje deprimerte og har mista trua på livet bør komme seg til fjells. Frisk luft, fysisk fostring, kontakt med geiter og andre ålreite dyr og litt skikkeleg Brimi-kost er løysinga på svært mange av våre livsstilsproblem, trur no eg. Og Johanna Spyri får ta sin del av skulda for denne noko naive og gammaldagse oppfatninga.
Wikipedia kan fortelje oss at etter Koranen og Bibelen skal Heidi vere verdas mest omsette bok. Boka er første bind i ein serie, på norsk kom òg Heidi vokser opp og Heidi får bruk for det hun har lært. Eg las heller den første boka om igjen, for eg likte best det med at Heidi kjem til fjells for å gjere seg feit. Men sjølv i første bok blir fjell-idyllen broten. Etter nokre lykkelege år blir Heidi sendt til byen for å vere selskap for ei invalid jente. Igjen visnar ho bort, sjuk av heimlengt, og må returnere til bestefaren og det frie livet saman med geitene og den blinde gjetarguten. For meg demonstrerte boka at det å bytte miljø er mogeleg og kan gjere underverk. Og eg veit at om eg skulle bli sjuk og svak av det Oslolivet eg no lever, så må eg rett til fjells og finne meg ei seter.