Statusjakt i berre undertøyet
Boktittel: Pass dine eigne saker
Forlag: Samlaget
Årstall: 2026
Antall sider: 182
Sjanger: Ungdomsroman
Ingelin Røssland sin nye ungdomsroman er ei svært direkte skildring av kva enkelte unge jenter kan vere villige til å gjere for pengar og dyre ting.
Det hender ein les bøker ein ikkje heilt veit korleis ein skal forhalde seg til. Ingelin Røssland sin nye ungdomsroman Pass dine eigne saker er ei slik bok. Kanskje skuldast det at eg er i midten av førtiåra og hadde ungdomstida mi før den store digitaliseringa av verda var eit faktum. Eller kanskje skuldast det tematikken i boka, som vel er noko av det meir sjeldne slaget. Pass dine eigne saker handlar nemleg om ei ung jente som sel brukte truser på Internett. Eg har høyrt om fenomenet, og søker ein på Google, kjem det opp ei rekkje saker om akkurat dette. Men det er likevel ei merkeleg bok å lese, sjølv om ho har ein klår bodskap om at trusesal ikkje leier til noko godt. Det er fyrst når eg les etterordet at eg forstår litt meir av kva eg har lese.
Venninne på avvegar
Forteljinga startar med ein situasjon som mange kan kjenne seg att i. Femten år gamle Ida kjem heim til Tysnes etter å ha vore på sommarferie hjå faren i København. Men heime er ikkje alt som før. Pernille, som alltid har vore bestevenninna hennar, har forandra seg. Ho har byrja feste og drikke, og heng saman med dei to dronningane i klassen, Thea og Naomi. Det er Pernille som kjøper alkohol til dei nye venene. Etter kvart viser det seg at ho har både fleire tusen kroner og ei dyr designveske liggande. Ida undrar: Kvar har ho fått dette frå? Det er her forteljinga tar ei vending som kan kome brått på: Pernille sel altså trusene sine på Internett. Det sjokkerer Ida, som bestemmer seg for å hjelpe venninna ut av det ho har rota seg opp i. Etter kvart får ho hjelp av Lucas, ein ganske upopulær gut i klassen, som viser seg å vere ein skikkeleg god ven. Saman får dei Pernille på rett kjøl att, men ikkje utan mykje dramatikk.
Slit med truverdet
Ida er ein karaktertype vi ofte finn i Røssland sine bøker; ho er ei ung, tøff jente som torer der andre ville gått og gøymt seg. Skildringa av Ida er ganske god, men konfronteringa hennar med Pernille sin overgripar er vanskeleg å tru på. Eg veit ikkje kor mange femten år gamle jenter som frivillig ville utsett seg for å vere åleine med ein slik mann. Eg kjenner dessutan aldri på noka spenning medan eg les, i denne spenningsromanen. Det er som om forteljinga heile tida beveger seg på overflata, utan nokon gong å stikke djupt. Og det sjølv om vi skjønar at Ida er uroleg for Pernille, og Pernille sjølv etter kvart går inn i ei stor krise på grunn av alt ho har sett i gong.
Ingelin Røssland er eit velkjent namn innan barne- og ungdomslitteraturen. Ho har fått mykje ros frå kritikarar og er heidra med ei rekke prisar. Difor stussar eg over at kvaliteten på denne boka ikkje er så høg som ein kunne forvente. Språkleg sett er ho svært direkte – her må ein tole ganske eksplisitte skildringar av seksualitet – men ikkje alltid så god. Dette gjeld særleg i den siste delen, når Ida konfronterer overgriparen til Pernille. Dialogen mellom Ida og mannen opplevast ikkje som veldig truverdig. Eg veit til dømes ikkje om ein vaksen mann ville sagt: «– Pøh, du har ingen andre venner. Pernille har nemleg snakka om deg også. Du er den barnslege og treige venninna ho prata om.» Eller at han seier «– Sikkert berre nokon som skal selja lodd» når politiet ringer på døra. Kor ofte kjem det nokon og sel lodd no om dagen?
Eit samarbeidsprosjekt
Så kjem altså etterordet. Der les vi at denne boka ikkje er berre Røssland sitt verk. Ho har skrive ho i lag med 10.-klassingar og norsklærarar ved Tysnes skule. Arbeidet har gått over to skuleår, og det har sikkert vore ein spennande prosess å vere med på for både elevar og lærarar. Utan at eg veit noko om korleis arbeidet har gått føre seg, tenkjer eg at elevane kan ha kome med forslag til både replikkar, situasjonar og emne dei meiner er passande i ei spenningsforteljing. Kanskje har dei tenkt på det villaste, skumlaste eller teitaste dei kunne kome på, og sidan det digitale livet byr på mange farar, er det ikkje unaturleg å lage ei forteljing med trusesal på nettet som utgangspunkt. Eg håpar og trur likevel dette er ei erfaring korkje Røssland eller 10.-klassingane har. Kanskje er det difor det heile verkar litt for konstruert. Å lage ei bok saman med ein gjeng ungdommar er ein god idé, men det er nok meir eit morosamt prosjekt enn ei suksessoppskrift på god litteratur.
Det er viktig at ungdomslitteraturen tek opp i seg det som går føre seg i livet til dei unge. Med den omfattande bruken av smarttelefonar og sosiale medier, er det ikkje unaturleg at dette får ein framtredande plass i forteljingar for tenåringar. Det ser vi døme på i svært mange av ungdomsbøkene som kjem ut no. Nokre framstillingar er meir realisiske enn andre, og Pass dine eigne saker er diverre ikkje mellom desse. Uansett er det nok best å halde trusene sine for seg sjølv.
