Storesyster mot si vilje

Storesyster mot si vilje

Boktittel: Gratulerer, Anna!

Forfatter: Erna Osland

Illustratør: Annette Saugestad Helland

Forlag: Omnipax

Årstall: 2025

Antall sider: 50

Sjanger: Bildebok

«Gratulerer, Anna!» er ei lita perle av ei bildebok om å få eit veslesysken ein helst ikkje vil ha.

Bøker om å få veslesysken er ein eigen sjanger. Eit obligatorisk innkjøp for foreldre som har eit nytt barn på veg – nervøst lesne på sengekanten mens babyen framleis er i magen, eller som eit uttrykk for sympati når babyen er ugjenkalleleg på plass i verda. Dei skal innom forventningar og sinne. Dei skal innom sjalusi og skuffelse. Og dei skal innom kjærleiken og nærleiken som likevel finst. Alt dette utan å bli for skjematisk, og gjerne med eit særpreg som får dei til å skilje seg ut frå andre bøker i sjangeren.

Erna Osland og Annette Saugestad Hellands bildebok Gratulerer, Anna! innfrir på alle desse punkta, men byr også på eit overraskande premiss. Hovudpersonen Anna treng nemleg ikkje å lure på kva som ventar ho når babyen kjem ut av magen, for ho er storesyster frå før, og veit godt korleis det kjem til å bli: Det kjem til å bli skriking og bæsjelukt. Helst treng ikkje veslebroren å kome ut av magen i det heile tatt, synest Anna. Kanskje kan det kome ut ein katt, hund eller gris i staden?

Illustrasjon av Anna som ligg på golvet og teiknar, og lurer på om det kjem ein katt eller hund ut av magen til mamma.

Fruktbart samarbeid

Erna Osland er ein ringrev i det norske barneboklandskapet, med ein eller fleire utgivingar i året nesten kvart einaste år sidan debuten i 1987, og fleire barnebokprisar under beltet. Nyleg vann ho og illustratør Victoria Sandøy dessutan Brageprisen i kategorien sakprosa for barn og unge for Barnas verdshistorie (Skald, 2024). Illustratør Annette Saugestad Helland er nyare på feltet, men òg ho har fleire utgivingar bak seg, både som forfattar og illustratør, og har etter kvart utvikla ein særeigen og uttrykksfull stil som er lett å kjenne att.

Gratulerer, Anna! er den første boka Osland og Saugestad Helland lagar saman, og det har blitt eit fruktbart samarbeid. Det knappe, barnenære språket til Osland blir fint komplimentert av dei fargesterke, dynamiske og uttrykksfulle illustrasjonane til Saugestad Helland. Det teksten ikkje gir svar på, som kvar kattungen Anna får av mamma eigentleg kjem frå, blir fortalt gjennom illustrasjonane i ei lita parallellhistorie, og Annas håp om å få eit dyr i staden for ein bror kjem til uttrykk gjennom påteikna vêrhår i fjeset hennar.

Illustrasjon av den nye broren som kjem, på første sida harmonisk familie, på andre sida ord som "skriking" og "bæsjing"; frusttrasjonen til Anna.

Det sinte barnet

Det kjem ikkje ein katt, hund eller gris ut av magen til mamma – det kjem, som frykta, ein veslebror, og heimkomsten hans triggar eit vell av kjensler hos Anna. Ved første augekast kan hovudpersonen framstå som eit sint og vanskeleg barn, men når vi går djupare inn i teksten, ser vi at det er meir komplekst enn som så. I den korte forteljinga evnar Osland og Saugestad Helland å famne heile det vide registeret av kjensler som kan møte eit barn som brått må konkurrere om merksemda til foreldra sine.

Kjenslene til Anna kjem til uttrykk gjennom ulike fargar og luktar, som i svaret hennar då naboen spør korleis ho har det: «ho har det raudt, fordi pappa skjente på henne da Alt-ute-broren beit nyebroren», men også gjennom ulike mestringsteknikkar, som songen ho syng for seg sjølv på sengekanten for å overdøyve skrika til broren, eller fantasien om at det skal kome ein katt i staden for ein veslebror ut av magen til mamma. Illustratør Saugestad Helland har dessutan eit særleg talent for å uttrykke kjensler – gjennom små og større variasjonar i korleis lepper, augebryn og kroppsspråk er teikna, får ho fram både sinnet, uroa, skamma og konsentrasjonen til Anna. Etter kvart forstår lesaren at sinnet til Anna stammar frå frykta for å bli gløymt – for at ingen skal sjå ho i alt det nye, slik det jo gjerne kan kjennast når eit nytt menneske kjem ut og stel all merksemda.

Illustrasjon av alle folk rundt som vil sjå den nye veslebroren.

Ei bok for barn med og utan veslesysken på veg

Ein god veslesysken-bok treng ein harmoniserande slutt, men korleis skal dette løysast her, når veslebroren er akkurat like bråkete og bæsjeluktande som Anna hadde venta seg? I Gratulerer, Anna! er det ein kattunge som får alt til å snu (ei diskutabel løysing, spør du ei småbarnsmor, men det er ei anna historie). Heilt komplett blir forsoninga likevel ikkje før i siste oppslag, då mamma, brørne og Anna sit i graset og ler. Når Anna kjenner seg betre, blir alt blått og lett, og Anna finn seg sjølv att i mamma sine armar. Og nyebroren? Han og Alt-ute-broren slåss om plassen i armane til pappa.

Gratulerer, Anna! er altså ei bok det er lett å tilråde til dei med veslesysken på veg, men er ho også ei bok for dei som ikkje har det? Både eg og toåringen min stemmer ja. Ho, som vanlegvis byrjar å keie seg alt eit par sider inn i Ida Jackson og Jens A. Larsen Aas’ populære Brillebjørn blir storebror, har bede meg lese boka om Anna om att og om att dei siste dagane, og ved middagsbordet har songen «hund, katt eller gris» blitt ein gjengangar. Både det kjenslevare språket til Osland og dei detaljrike illustrasjonane til Saugestad Helland toler å bli lesne igjen og igjen, og i skildringa av sinnet og frustrasjonen til Anna er det nok å kjenne seg att i – både for dei med veslesysken på veg og dei utan. Det gjer Gratulerer, Anna! til ei lita perle av ei bildebok.

Ingrid Senje

Født 1987. Bosatt i Milano. Master i nordisk litteratur fra Universitetet i Oslo. Årsstudium i skapande skriving ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og nettstudium i samtidslitteratur for barn og unge ved Norsk barnebokinstitutt. Frilans anmelder, språkvasker og manuskonsulent.