Stranda i natta

Stranda i natta

Boktittel: The Beach at Night

Forfatter: Elena Ferrante

Illustratør: Mara Cerri

Oversetter: Ann Goldstein

Forlag: Europa Editions

Årstall: 2016

Antall sider: 48

Elena Ferrantes einaste barnebok er ei mørk og biletleg kompleks forteljing som slektar på romanane hennar for vaksne.

Det dei vaksne får, skal også barnet ha – er det ikkje slik? I Norge, som ute i verda, har vi dei siste åra fått tilgang til Napoli-romanane til Elena Ferrante, og i løpet av det neste året kjem også bøker frå den tidlegare forfattarskapen hennar ut på norsk. Napoli-bøkene synest å ha slått inn i alle lag av det lesande samfunnet, frå såkalla bokslukarar til såkalla kresne kritikarar, og det er grunn til å tru at også neste utgiving, Svikne dagar, vil nå ut til mange. På meg er det denne romanen som til no har gjort størst inntrykk.

Fenomenet Ferrante

I november i fjor blei også Elena Ferrantes einaste barnebok omsett og utgitt på engelsk. Den første tanken min var at dette blir spennande å lese på norsk, men så tok eg meg i det: Er ikkje denne tanken i seg sjølv avslørande for kor fastlåste vi vaksne kan vere i våre eigne tankebaner, også når vi vurderer litteratur på vegne av barn? For kva har eigentleg fenomenet Ferrante å seie for barnet som les eller blir lese for, og som rett og slett berre treng ei god bok?

Ei barnebok av Ferrante vil sikkert selje godt, truleg betre enn biletbøker flest, men om boka no hamnar i alle heimar, er det ikkje gitt at borna kjem til å ha like stor glede av den. For barnet er kompromisslaust: Det er teksten og bileta som tel. Og, joda, slik er det sjølvsagt også for oss vaksne, men eg vågar meg til å hevde at barnet som les i større grad står på utsida av ståket rundt Ferrante; rundt bestseljarbøkene og jakta på forfattaren sin identitet.

Den amerikanske utgivinga synest på merkeleg vis å ha vore svært medvite dette: Forlaget Europa Editions har ifølgje Washington post uttalt at målgruppa for boka er «Ferrante fans». Boka blei dessutan lansert parallelt som lydbok av forlaget Blackstone, som også understreka at målgruppa var «adults», og eg spør meg kva det har å seie for dei små at dei har hyra skodespelar Natalie Portman til å lese inn boka? Utan at eg tvilar på evnene hennar som opplesar, kan det synest som eit namn som først og fremst vil tilføre noko for ei litt eldre målgruppe.

Skremmande og ubehageleg

La spiaggia di notte kom ut på italiensk allereie i 2007, og har fått tittelen The Beach at Night i Ann Goldstein si engelske omsetjing. Forteljinga i The Beach at Night er sant å seie ikkje særleg original. Den er fortalt av dokka Celina, som blir gløymd att på stranda av eigaren Mati, som i sin tur har late seg distrahere fordi ho har fått seg ny katt, Minù. Celina kjenner på sviket og sjalusien, og får oppleve ei frykteleg natt på stranda, der elementa herjar med henne og den fælslege badevakta terroriserer henne: Han syng skumle songar, og har ei stor rake. Dessutan vil han stele namnet hennar og orda hennar. Allereie her merkar ein Ferrantes biletspråk, som jo er det mest originale ved denne boka: «He strokes the lizard tails of his moustache» er ei av dei første setningane som teiknar opp den fæle figuren som badevakta er.

bilde1

Den amerikanske mottakinga har førebels fokusert nettopp på at boka ikkje er særleg eigna for barn, først og fremst fordi den er skremmande og fordi den inneheld både banneord og nokre ubehagelege setningar om gutar som tissar på jenter, og som dessutan vil sjå underbuksene deira. Å lese meldinga til Maria Russo, som er ansvarleg for barnebokkritikk i The New York Times, er rett og slett augeopnande for ein kvar som har gløymt kor hardt bannskap slår ut på amerikanske sensurradarar: Ho kritiserer Ann Goldstein for å ha omsett det italienske ordet «cacca» til «a much cruder Anglo-Saxon word for ”excrement”», utan å nemne ordet. Når Russo siterer passasjen frå boka, som er henta frå ein song som badevakta syng, gjengir ho det slik: «Open your maw / I’ve [expletive] for your craw». I boka står det altså slik: «Open your maw / I’ve shit for your craw», og det held fram slik: «Drink up the pee / Drink it for me / Sh-h-h! Not a word / Only traps are heard / Peace will come / If we all play dumb.»

Sett med norske auge er den amerikanske sensurpraksisen underleg: Banning er for sterkt, medan oppmodingar om å ete drit og drikke piss får stå, om enn ikkje ukommentert: «The whiff of sexual predation will also be striking to American readers of picture books. It must be said that while plenty of children have these kinds of upsetting experiences, this is language and behavior that does not appear in American picture books.» Russo stiller spørsmålet om boka rett og slett er for ekstrem for barn, men vedgår samstundes at dette vil slå ulikt ut i ulike kulturar, med ulike syn på barndomen, og ho synest å meine at dette er kvardagskost for europeiske smårollingar. Det er eg ikkje fullt så sikker på. Konklusjonen hennar er uansett at dette er ei bok som først og fremst vaksne vil ha glede av: «For Ferrante’s grown-up readers, though, this book will be a small delight, another lovely and brutal glimpse of female subtext, of the complicated bonds between mothers and daughters in a cruel and indifferent world».

Kompleks og krevjande

Denne kvalitetsdommen bør vise at ho kan ha eit poeng i at boka eignar seg best for vaksne. For meg er det i alle fall vanskeleg å førestille seg at ein femåring vil vere i stand til å verdsetje eit lite glimt av ein «female subtext» og at hen klarer å knyte «the complicated bonds between mothers and daughters in a cruel and indifferent world». The Beach at Night inneheld på sett og vis den same skjønnskrifta som romanane til Ferrante, og sjølv om både språket og den enkle grunnforteljinga er tilpassa yngre lesarar, mistenkjer eg at det symboltunge biletspråket framleis vil vere utfordrande for målgruppa – ikkje naudsynleg fordi det er skummelt, men fordi det kan vere krevjande å få noko vidare ut av.

Dei som har lese Napoli-kvartetten eller andre av Ferrantes bøker, vil høyre mange ekko i teksten: Mødrer, døtrer og dokker er viktige motiv og tematiske knutepunkt i heile forfattarskapen, og både namn, ord og språk spelar viktige roller. Særleg dette med å miste namnet sitt og orda sine, opplever Celina som eit stort trugsmål i The Beach at Night, og eg spør meg kor talande denne problematikken eigentleg er for yngre lesarar. Vil forteljinga bli forstått av enklare, meir direkte lesarar? Og kva skjer med den tidvis ganske utfordrande kjønnsproblematikken om ikkje lesaren heng med i dei sentrale svingane i forteljinga? Her kan den unge lesaren stå i fare for å strande i forteljinga sine mørkare avkrokar.

bilde2

Likeins er illustrasjonane til Mara Cerri gjennomført ubehagelege. Dei er mørke og uttrykkjer noko nærast livlaust med sine seige rørsler og sitt dunkle lys. Dei er lite forsonande, tilbyd ikkje trøyst, og står såleis godt til den tidvis brutale teksten. Samstundes framstår det stumme og litt stramme ved dei som noko einspora. Om ein opplever ubehaget i dei, så fører dei likevel ikkje til noko forløysing: Der historia sluttar godt med eit oppløftande fellesskapsideal – kven andre enn katten Minù er det som kjem for å redde Celina og føre henne attende til Mati – følgjer ikkje illustrasjonane etter, men blir verande mørke og melankolske gjennom heile boka.

Tyngda frå ein forfattarskap

Kjennskapen til Ferrante sin forfattarskap tilfører utvilsamt mykje når eg les The Beach at Night, og det er forsøka på å lese den utan å drage vekslar på denne kjennskapen som gjer at eg stundom tvilar på potensialet boka har til å engasjere unge lesarar. Dette kan eg sjølvsagt ta feil i, men eg kjenner meg i det minste rimeleg trygg på at det finst andre italienske barnebøker som sit på eit større potensial, men som aldri i det heile vil bli vurdert for omsetjing verken til engelsk eller norsk. Ein må gjerne gi ut denne boka til glede for oss i Ferrante-flokken, men det bør ikkje gå på kostnad av at dei unge lesarane får sine rettkomne, viktige bøker.

Eivind Myklebust