Tankar frå Falturiltu

Tankar frå Falturiltu

Tidlegare i månaden gjekk Falturiltu av stabelen i Leirvik på Stord. Det var åttande året verdas einaste nynorske barnebokfestival vart arrangert. Målsetjinga til festivalen er å løfte fram den nynorske diktinga og forfattarane, og foreløpig lykkast dei godt med synleggjeringa lokalt. Men vil dei nå lenger enn til innvendig bruk i nynorskkommunane, må ein tydelegare nasjonal strategi til.

Foto: Hege Myklebust
Foto: Hege Myklebust

Spenning og kjente namn på programmet

Av dei kjente namna på festivalen i år stod ei heil rekke fantasy-forfattarar, naturleg nok når temaet for festivalen var «Fantasi og fanteri». Den berømte dansken Lene Kaaberbøl, som står bak serien om Skammarens dotter, dukka opp på fleire arrangement, og Lars Mæhle og Asbjørn Rydland var representantar for den fantastiske litteraturen på nynorsk. Den doble Upris-vinnaren Terje Torkildsen hadde klassebesøk og eit innlegg på fagseminaret om leselyst, og både han og Tor Arve Røssland sørgde for ein god porsjon spenning, grøss og dystopi på festivalprogrammet. Andre trekkplaster var Linda Eide, Finn Tokvam og Tønes.

 

Lokalt liv

Festivalen har ei solid og lokal forankring ved at festivalen er til stades på mange ulike arenaer. Stord Kulturhus arrangerte fleire postar på programmet, mellom anna opningsseremonien, ei Skammarens dotter-utstilling og eit seminar om leseglede og leselyst. Viktige kulturinstitusjonar som Sunnhordland museum og Stord folkebibliotek husa andre litterære arrangement. Det er elles verdt å merke seg postar på Knutsaåsen eldresenter og Kringla Konditori. Falturiltu har ei imponerande lokal oppslutning som inkluderer deltakarar i alle aldrar og ved å ta i bruk ei rekke ulike møteplassar. Det har blitt ein omfangsrik festival, og publikumstala aukar jamt. I år deltok like over 4000 på festivalen.

Foto: Hege Myklebust
Opera. Foto: Hege Myklebust

Særleg breitt er samarbeidet mellom Falturiltu og utdanningsinstitusjonane på Stord. Elevar, studentar og lærarar var både på mottakarsida og utøvarsida. Festivalen arrangerte til dømes forfattarbesøk på fleire av skulane på Stord, desse besøka var opne for publikum utanfrå. Høgskulen Stord/Haugesund var ein viktig møteplass for festivalen. Her var eit fagseminar om fantastisk litteratur og ein musikalsk lunsj med opplesing av Per Olav Kaldestad i samspel med musikkstudentar ved  høgskulen. Eit klart høgdepunkt i programmet var framsyningane av eit Skammarens dotter-operastykke laga av studentar ved høgskulen.

Eit poeng for festivalen er at han skal komme dit lesarane er, og det resulterer i morosame arrangementsnavn som Stallturiltu, Ballturiltu og Tallturiltu. Målgruppa får møte litteraturen på dei arenaene dei vanlegvis kjenner, og då blir hestesportsenteret, fotballbanen og klasserommet naturlege festivalrom. Stallturiltu var ei nyskaping på programmet i år, her samtala Lene Kaaberbøl om Sølvhesten-trilogien på Stord hestesportsenter.

Foto: Ahmed Akef Khateeb
Ballturiltu. Foto: Ahmed Akef Khateeb

 

Når den tidlegare fotballproffen Erik Solér arrangerte fotballtrening på kunstgrasbanen, var det tredje gongen Ballturiltu stod på programmet. Etter fotballøkta las forlagssjef i Samlaget – og målvakt for høvet – Ragnfrid Trohaug frå novellesamlinga Kampklar. Snakk om å formidle litteratur i omgivnader som byggjer opp under dei litterære universa! Festivalen ønskjer å formidle litteratur på mange ulike måtar og i ulike samanhengar, og på denne måten klarar dei å engasjere fleire enn dei som er aktivt litteraturinteresserte.

 

Formidlingsoppgåva på nynorsk

Onsdag var det tid for fagseminar om leseglede og lærelyst med nynorsk barne- og ungdomslitteratur. I opningstalen til seminaret spurte Stord-ordførar Liv Kari Eskeland retorisk om kven som skal snakke barnet sitt språk om ikkje biblioteket og formidlaren gjer det. Dette er eit spørsmål som står heilt sentralt i arbeidet til Falturiltu. Festivalen formidlar litteratur til barn og barnelitteratur til vaksne med vekt på at det ikkje berre er bøker som er viktige når barn og unge skal byggje lese- og lærelyst. Fleire av deltakarane på seminaret trekte fram formidlingsansvaret som ligg hos dei vaksne, og spesifikt lærarar, bibliotek, bokhandlarar og foreldre.

Frå Lesesenteret stilte Trude Hoel med eit innlegg om lesing for dei yngste barna, og viste til ei rekke forskingsresultat som understrekar kor viktig lesing er. Likevel er det stadig mindre tid for lesing i barnehagen, og ei svensk undersøking frå i fjor viser at talet på foreldre som les med ungane er halvert dei siste ti åra. Viss det kan overførast til norske tilhøve, er det ei utvikling som ikkje kan seiast å vere noko anna enn uheldig.

 

Kvalitet, men med manglar i utvalet

Ordførar Eskeland opna seminaret med eit innlegg om kva for utfordringar den nynorske litteraturen møter. Ho teikna opp eit bilete av nynorsk i ein kampsituasjon mot det dominerande bokmålet, og i denne samanhengen er god litteratur på nynorsk påkravd medisin. Eit slikt syn verka det som Ragnfrid Trohaug delte. I sitt innlegg argumenterte ho hardt for verdien av å lese litteratur på nynorsk. God litteratur er ikkje avhengig av målform, og god nynorsklitteratur fengjer lesarar over heile landet og på tvers av målformskilje.

Det var difor inga overrasking at fleire av innleiarane presenterte sine eigne favorittekstar på nynorsk. Janne Karin Støylen frå nynorsksenteret formidla stor innleving og leseglede, og viste til sitt eige masterprosjekt der ho har analysert kva kvalitetskriterium ungdom legg vekt på. Du kan lese meir om kriteria her. Anne-Stefi Teigland, litteraturformidlar frå Bergen Offentlige Bibliotek, følgde opp med ein gjennomgang av fleire barne- og ungdomsbøker av nyare dato. Slike innlegg er nødvendige når det gjeld å byggje opp kunnskap om og kjennskap til nynorsk litteratur. Det er ein kunst å finne fram til og kople riktig bok til riktig lesar.

Lesestund. Foto: Hege Myklebust
Lesestund. Foto: Hege Myklebust

 

Det er framleis slik at sjølv om mange jobbar mot det same målet som er å få barn og unge til å lese, så er det ingen samlande idé eller drivkraft bak formidlinga av den nynorske litteraturen. Trohaug peika på at den store akilleshælen er dei få gode lettlest-bøkene på nynorsk. Det er gjennom den tidlege lesinga at lesarar skapast, derfor er lettlest-segmentet så viktig. Gode bøker på nynorsk er ei mangelvare, og eit sakn. Trohaug verka glad over å presentere den nye lettlest-satsinga til Samlaget, kalla Leseland, som i tillegg til å kome som fysiske bøker også finst som digitale bøker.

Eit viktig spørsmål er om det er viktigast å ha eit djupt og breitt nedslagsfelt i dei nynorske kjerneområda? Kanskje finn vi svaret i den korte debattvekslinga mellom Trohaug og Bente Soldal frå Rosendal Bokhandel. Sjølv om Soldal framhevar den nynorske litteraturen i sin eigen bokhandel, er ho redd for at nynorsken kan bli eit negativt poeng viss den blir pressa på lesaren. Trohaug var kjapp med å replisere at nynorsken må formidlast, for elles er det ein fare for at dei nynorske språkbrukarane blir språklege bevisstlause. Kanskje er dei ulike tenkjemåtane om dette fundert i økonomiske motiv. Kva vil forlaget selje, og bokhandlaren? Dette er interessante spørsmål som også festivalen kunne ha via meir plass, kor plasserer formidlarane seg i grenseovergangane mellom måldyrking, litteraturformidling og leselyst? No vert dei ulike praksisane meir antyda enn grundig diskutert.

 

Framtida for Falturiltu

Festivalen syner korleis godt litteraturarbeid kan skje, og det er godt å sjå kor leikande mykje av formidlinga er. Det lovar godt for leselysta. Programmet inneheldt spennande tema, seminar og aktivitetar, og arrangementa viser ei nødvendig breidde i formidlingsmåtar. Kva er strategien framover for å bli ein nasjonal festival? Og kva skal festivalen gjere for ikkje berre å bli ein reklamekanal i kjerneområdet for dei nynorske forlaga? Dette er viktige spørsmål, for det er ein god festival. Han fortener gjestar frå heile landet, ikkje minst kan lærarar og bibliotekarar finne fleire av programpostane fagleg interessante.

 

Sjå heile programmet her.

Kristine1-utstilling
Utstilling. Foto: Kristine Thorkildsen
Saka vert samtidig publisert på periskop.no, då Periskop og Barnebokkritikk har samarbeida om dekninga av Falturiltu.

 

Ahmed Akef Khateeb

Født 1985. Førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, Ph.D. i barne- og ungdomslitteratur. Erfaring fra Bragejuryen og vurderingsutvalget for skjønnlitteratur for barn og unge. Kritiker og tidligere styreleder i Foreningen God Kritikk. Foto: HVL