Tidens Teknikk

Tidens Teknikk. Populært Magasin for Mekanikk og Teknikk
Oslo, årgangene 1933 og 1934
Erna Osland, forfattar
Ei veldig hand Av Erna Osland, forfattar Gode redaktør, du spør kva eg las da
Ei veldig hand
Av Erna Osland, forfattar
Gode redaktør, du spør kva eg las da eg var barn. Og svaret er – eg las det eg kom over, det som var å finne i klasserommet, på skolebiblioteket, hos venner, hos slekt og naboar. Etter at ein hadde slukt alle forteljingar, måtte ein i nauda gå til det meir saklege. Sjølvsagt var det ikkje faglitteratur for barn denne tida, så når lesestoffet ikkje var tilpassa lesaren, måtte lesemåten tilpassast. Søster mi og eg gjorde denne oppfinninga: Vi tok kvar vår årgang av Tidens Teknikk, støtta boka med begge hender slik at ho låg med ryggen ned på salongbordet og såg kvarandre djupt inn i auga. Ved ”klar” opna vi kvar vår bok på ei vilkårleg side. Når begge bøkene låg opne, var det å undersøke artiklane som kom fram for å bestemme kven av dei som var ”best”. Den som hadde det beste oppslaget, fekk eitt poeng.
Etter poengutdeling var det å lukke bøkene og sjå på kvarandre for på nytt å seie ”klar!”. Som oftast vart det lite diskusjon, ei teikning eller eit foto vann fort over rein tekst. Sjølv eit foto av ein røyrboge under montering vann straks over ein artikkel om Hvor lenge kan døden lure oss?
Hadde begge illustrasjonar, måtte det diskuterast. For kva var best av ein reklame for Høyang-aluminum, der ein fekk sjå ein 5 meter høg Mariastatue i aluminium, og ei skisse av ein togzeppelinar? Nei, det var ikkje lett, men vi måtte bestemme oss om vi skulle kunne halde fram med leseleiken. Løysinga kunne av og til bli at begge måtte få poeng.
Vi las ikkje særleg mykje, til det var stoffet for vanskeleg. Leseleiken vår minner nok mest om var tids lesemåte mellom ein del gutar, desse som seier dei ikkje les, men vi ser jo at dei leiter fram stoff, orienterer seg og gler seg over bildetekstar, overkrifter og litt til.
Eg har to innbundne årgangar av Tidens Teknikk, frå 1933 og 1934, så da vi brukte dei i begynnelsen på 60-talet var dei alt gamle. Men det var vi søstrene som sleit ryggen i filler, og derfor hadde mor vår reparert dei. Den dag i dag er ryggane dekte med eit brunt, breitt papirlimband.
Eg legg bandet frå 1934 framfor meg. Klar! Fram får eg ein herleg figur med følgjande tekst: En veldig hånd. Eitt sikkert poeng til meg!
Tidens Teknikk kom ut ein gong i månaden, kvar gong med 66 sider. I laussal kosta det 75 øre. Årsabonnement var kr. 7, 20.