Tidlause fablar

Tidlause fablar

Boktittel: På fire bein, Bang!

Forfatter: Berenika

Illustratør: Berenika

Forlag: Andersens forlag

Årstall: 2024

Antall sider: 50

Sjanger: Fabel

Omsetjing: Knut Inge Andersen

Femte boka i den vakre «På fire bein»-serien tek opp tilhøyrsle og gruppetenking på ein så elegant måte at du knapt merkar det.

«På fire bein»-serien er historia om vesle rev og store villsvin. I dei fire tidlegare bøkene har serieskapar Berenika stilsikkert bygd ut den stillferdige fabelen om desse to veldig ulike dyra: den raske, impulsive, men litt engstelege reven, og det trege, analyserande og eventyrlystne villsvinet.

Til saman har «På fire bein» vorte nokre av dei beste omsette teikneseriane vi har fått på norsk dei siste åra. Det er enkle, allmenngyldige historier om spenning, tryggleik, og dei offera ein iblant må gjere om ein vil leve saman med andre. Dei er fortalde på ein måte som kjennest tidlaus, godt hjelpt av ein akvarellteknikk som held fram med å bli rikare frå bok til bok.

Smarte dyr

I første boka bur vesle rev åleine under epletreet i den vesle dalen. Der trivst han åleine, heilt til store villsvin slår seg ned på same stad. Sjølv om dei er ulike, er dei plutseleg to, og plent nøydde til å finne ut av det med kvarandre. I dei neste tre bøkene Lengst vekke, Soloppgang og Den vegen dreg dei to ut på eventyr saman, lengre og lengre bort frå den vesle dalen. På vegen oppdagar dei sider ved seg sjølve og livet som det vanlegvis tek årevis med psykoterapi eller lesing av klassiske skrifter for å oppnå.

Når vi møter dei igjen i Bang! har dei komme tilbake frå den lange reisa, og nye lesarar kan gjerne plukke opp tråden her. Den vesle dalen har fått mange fleire innbyggjarar sidan sist vi besøkte han, mellom anna ein grevling, eit ekorn og ein kanin – og ikkje minst ei tjuvaktig skjor. Fuglen nektar å innrette seg slik dei andre dyra meiner ho burde, og vanen hennar med å samle skinnande gjenstandar set plutseleg heile dalen i brannfare.

Alt heng saman

Berenika samlar i denne boka eit større figurgalleri enn tidlegare, og hovudvekta ligg ikkje lenger på samspelet og forskjellane mellom reven og villsvinet. Det ho framleis er interessert i, er derimot å utforske individualisme, tilhøyrsle, og eigeninteresse kontra det som er bra for kollektivet.

Skjora høyrer ikkje eingong heime i dalen, utbryt eitt av dyra. Kvifor skal dei andre dyra rydde opp etter henne, berre fordi ho ikkje gjer det sjølv? Og når brannen først bryt ut – kvifor skal beverane ofre demninga si for å sløkkje ho, når dei ikkje blir ramma direkte?

Svaret Berenika gir, er at alle handlar i eigeninteresse. Men ofte blir denne eigeninteressa temperert av at alt trass alt heng saman – det vi gjer, har innverknad på andre. Og det som skjer med éin av oss, kan få følgjer for alle.

Ein av dei fine tinga med «På fire bein» er korleis serien tek opp store kjensler og idear utan å bli sentimental eller høgtflygande. Den fåmælte nynorsken er fint omsett av Knut Inge Andersen. Samstundes er teikneserieformatet godt utnytta gjennom heile Bang! frå ruteoppsett til fargekoda snakkebobler og rørsle på sidene. Og sjølv om akvarellane i denne boka ikkje toppar dei tåkefylte fjella og eldflugenetta i Lengst vekke (2022), er dei framleis blant styrkene i serien.

Konsistent serie

Som dei andre bøkene følgjer også Bang! eit oppsett med velplasserte kapittelnamn – i dette tilfellet «Stille», «Buldring» og «Bang!». Andre ting ved utforminga, frå sjølve innbindinga til kunstnariske teknikkar og val, peikar på at dette er ei naturleg oppfølging av dei andre binda i serien.

I Polen er det gitt ut åtte bind av serien, alle laga av teikneserieskapar Berenika under ulike kunstnarresidensar. Her er det berre å håpe at vi også får sjå dei tre siste bøkene i nynorsk språkdrakt.


Walter Wehus

Født 1980. Redaktør for Empirix.no, et tidsskrift for tegneseriekritikk. BA i kunsthistorie fra Universitetet i Bergen. Har to barn og to katter, hvorav et mindretall fortsatt setter pris på høytlesning.