Tittel: Meisterdetektiven Blomkvist og vennene hans
Tekst: Astrid Lindgren
Oversetter: Tove Bakke
Forlag: Bokklubbens barn
Årstall: 2003
Antall sider: 224

To av dei verkelege krimklassikarane for barn i nynorsk språkdrakt

Astrid Lindgren, denne barnelitteraturen si uomtvistelege dronning, viste med dei tre bøkene om meisterdetektiven Kalle Blomkvist at ho også meistra krimsjangaren til fulle. Bokklubbens barn har no gjeve ut dei to første bøkene i eit samleband og i Tove Bakke si nynorske omsetjing. (Ho på si side har gjeve forteljingane ei ledig og likefram språkdrakt, så moderne som det lar seg gjere utan å øydeleggje tidskoloritten.) Den første boka om Kalle og vennene hans, Mästerdetektiven Blomkvist, skreiv Lindgren i 1946, og den kom på norsk to år seinare, omsett av Jo Tenfjord. Den andre boka, Mästerdetektiven Blomkvist lever farligt, kom ut på svensk i 1951 og på norsk året etter, også den omsett av Tenfjord. Den tredje og siste boka i serien heiter Mästerdetektiven Blomkvist och Rasmus og er frå 1953 (på norsk 1954, omsett av Eldor Martin Breckan), og dermed var Lindgren si krimina llitterære løpebane slutt. Ikkje for det, bøkene kom ut på ny og på ny i ei rekke land, dei vart filma fleire gongar og i heimlandet Sverige ga hovudpersonen sjølv opphav til eit nytt ord i det svenske språket: ”en blomkvistare” er ein unge som leiker detektiv og faktisk gjev politiet nyttig hjelp.

Handlinga i bøkene om Kalle og vennene hans finn alltid stad om sommaren, i den vesle byen Lillköping. Ein typisk Lindgren-by med få gater, lite bilar og dei vanlege yrkesgruppene frå førre hundreåret si småby-idyll rikt presentert – bakar, kolonialhandlar, skomakar, postmeister, torghandlar, politikonstabel, redaktør osb. Hovudpersonen sjølv, Karl Blomkvist, er tretten år og fast i trua på at han ein gong blir ein verdskjend detektiv – ja, han drøymer støtt og stendig om dei store heltegjerningane han skal gjere, der han ligg under pæretreet og glor ut i lufta. Til stor irritasjon for dei to beste vennene hans, Anders og Eva-Lotta. Saman har dei den hemmelege ligaen Den kvite rosa, ein gjeng som stendig er i kappestrid med gjengen til Sixten, Den raude rosa. Denne rosekrigen utkjempar seg kvar gong det elles vert for keisamt i småbyen, men dei legg stor vekt på at kappestriden skal gå føre seg på riddarleg vis, og det inneber at dei alltid gjer kvarandre hjelp om det trengst.

I første forteljinga, Meisterdetektiven Blomkvist, driv dei tre vennene som vanleg med rosekrigar og anna dovent tidsfordriv, då brått ein fetter av mor til Eva-Lotta dukkar opp. Denne onkel Einar, som han vert kalla, får husvære hos Lisander sine, men gjer ikkje det skapte grann for å kvittere for gjestfridommen. Tvert om, han ter seg svært mistenkeleg i Kalle sine auge, der han sender mystiske brev, les avisa frå hovudstaden med stor interesse og får besøk av to framande menn som verkar trugande. Di meir Kalle stikk nasen sin i sakene, di meir alvorleg utviklar det seg. Etter kvart viser det seg at onkel Einar faktisk er ein tjuv, ein ransmann på flukt ikkje mindre, og dei to framandkarane er på jakt etter utbyttet Einar har gøymd unna. For ungane vert dette ei skikkeleg nifs og spennande oppleving, som meisterdetektiven Kalle Blomkvist klarar å manøvrere dei ut av til slutt.

I den andre forteljinga, Meisterdetektiven Blomkvist lever farleg, går Lindgren eit dramatisk skritt vidare. Det er neste sommar (men ungane er framleis tretten år), dei rosekrigar med Dei raude og driv dank i sommarvarmen, då Eva-Lotta på veg gjennom skogen nærast kolliderer med ein framand mann før ho finn eit lik! Det er den gamle ågerkaren herr Gren som vert funnen drepen, truleg av mannen som Eva-Lotta såg løpe forbi. At ungane er i fare kjem tydeleg fram då einkvan freistar å forgifte Eva-Lotta med arsenikk i ein sjokolade. Til alt hell for Eva-Lotta, gjev Anders sjokoladen til Dei raude sin vakthund Beppo, som vert ille sjuk. Også i denne historia vert det intens dramatikk og mykje spenning, før luringen Kalle gjer det ein helt skal, oppklarar mordet og syter for at mordaren vert fakka.

I den siste boka, som ikkje er med her, er det ei kidnappingshistorie som står i sentrum, og Astrid Lindgren sveiper dermed innom tre klassiske brotsverk i bøkene sine – tjuveri, mord og kidnapping. Dette var nok sterk kost då bøkene kom ut første gong, og i framstillinga til Lindgren er det ikkje mindre sterk kost i dag. I bøkene set ho leiken og røynda i kontrast mot kvarandre. I draumen til Kalle vil han vere ein stor detektiv, og han fablar om korleis han skal løyse dei mest intrikate gåtene, og han leikar seg med draumane når han spionerer på onkel Einar og når han driv og jaktar på mordaren med dei grøne buksene. Men når røynda tek han att, når brotsverka vert verkelege, då reagerer Kalle som alle ungar, han vert redd og fortvila.

”Og endeleg gjekk det verkeleg opp for Kalle kva som hadde hendt. Det gjekk opp for han med eit sjokk som straks tok frå han all lyst til å vere meisterdetektiv. Dette var ikkje eit leikemord som du elegant oppklarte og deretter kunne sitje og briske deg med framfor ein usynleg tilhøyrer. Det var så skremmande og uhyggjeleg og motbydeleg verkeleg, at det nesten gjorde han sjuk.” (s.151)

Likevel tek han ansvar overfor vennene sine, har han rota det til for dei, så må han saktens løyse flokane også. Han gløymer redsla si og gjer det han kan for å hjelpe. Og det gjer han ved å hugse kva han har lest om brotsverk og reflektere over det han sjølv erfarer. Astrid Lindgren fortel spennande historier som berre ho kan, samstundes om ho synast å diskutere kriminallitteratur med lesarane sine. Ikkje berre korleis ein løyser ei kriminalgåte, men også kva som kan vere årsaka til brotsverka. Kvifor mordaren drep herr Gren til dømes. Ho viser også at det kan finnast svarte får i alle familiar, som den usympatiske onkel Einar. Det skal og nemnast at ho i desse forteljingane ikkje harselerer med dumme politifolk, men lar dei ha den rolla barn forventar dei skal ha, som verkelege politifolk. Historiene om meisterdetektiven føyer seg fint inn i rekka av Lindgrenske klassikarar, og dei er framfor alt gode kriminalromanar for barn.



Skrevet av:
Kommentarer