Heikki Gröhn
På liv og død, på måfå, på leven. Dikt for relativt unge folk
68 sider
ISBN 978-82-997132-3-8
Splendid forlag, 2008

Hans Sande (tekst)
Hans Sande (illustrasjon)
Heilt konge. Dikt for unge og galne
106 sider
ISBN 978-82-05-38997-7
Gyldendal, 2009

To diktsamlingar for ungdom

DIKT PÅ LIV OG DØD

Meldt av Petra J. Helgesen

To leseverdige diktsamlingar som tek smerta ved å vere ung på alvor

«Måtte eg aldri forsone meg med livet, og ikkje med døden heller.» Orda er henta frå Pär Lagerkvist og opnar Heikki Gröhn si diktsamling På liv og død, på måfå, på leven. Sitatet kunne like gjerne ha stått først i diktsamlinga Heilt konge av Hans Sande. Begge utgivingane fortel om angsten for døden og smerta i livet. Det må kanskje bli slik når ein skriv om og for ungdom. Den alderen der ein kjenner livet sterkast og stadig trur ein skal miste det.

Sjeldan vare
Diktsamlingar retta eksklusivt mot ungdom er elles sjeldan vare. Berre to norske forfattarar, Marit Kaldhol og Arnt Birkedal, har levert diktsamlingar til ungdom fleire gonger. Stort sett er slikt ei eingongshending i norske forfattarskap. Dei som høyrer til det sparsame utvalet er Einar Økland, Finn Øglænd og Rune Tuverud. Andre poetar, som til dømes Sidsel Mørck og Rønnaug Kleiva, har skrive dikt for ungdom i antologiar.

Korkje Hans Sande eller Heikki Gröhn har skrive dikt for ungdom før. Sande har skrive romanar for dei, men dikta har vore for dei vaksne eller for mindre ungar. Han har halde på noko av den naive stilen frå barnedikta sine også i Heilt konge. Kanskje spesielt når han skriv om «vaksne» tema som sex og politikk. Eit døme kan vere diktet «For gammal»:

Gubben og gamla har pult no igjen!
Alle kan sjå det på magen til mor mi
(og på dei raude kjakene mine)

Heikki Gröhn har skrive fleire diktsamlingar for vaksne, men berre lettlesne tekstar og biletbøker for ungane. Han har også resirkulert nokre av dikta frå dei tidlegare «vaksne» samlingane sine i denne nye. Tonen hans blir dermed meir ironisk og reflektert. Medan Sande har fleire referansar til barnesongar, er det naturleg for Gröhn å leike seg med Obstfelder: «Eg ser, eg ser. / Det er så rart her. / Er dette eit menneske? Og dette her: eit hus?».

Fri form
Heikki Gröhn er også meir ordrik enn Sande. Sjølv om begge skriv kjemisk fritt for enderim og leikar seg med ulike former for frie vers, er det symptomatisk at Gröhn serverer lesaren prosadikt, medan Sande gir oss dikt på berre ei einaste linje. Eit godt døme på korleis Gröhn kastar orda rundt seg, er det heilsides diktet som heiter «Vill? Kva meiner du? (Spurde ho)». Her durar eg-et i gang med synonym øvst på sida: «agelaus, amok, aud, bakkantisk, balstyren, / barbarisk, besett…» og endar nedst på sida med «…vørdlaus, yr, ørsken. Som eg sa: / Eg er vill etter deg».

Dei lange dikta til Sande er færre og dei er strammare i forma. Eit døme på komprimert form kan være «Havet», med berre ei linje:

Eg opnar havet opnar meg

Dette er særmerkt for samlinga til Sande på fleire måtar. I tillegg til den knappe forma, er det typisk at Sande lar tittel og dikt motseie kvarandre. Er tittelen «Spør», kan du vere viss på at det står «spør ikkje» i sjølve diktet. I «Havet» er det ei spenning mellom det grenselause havet og sjølve lengda på diktet. Diktet er også eit døme på korleis Sande fjernar teiknesetjing og leikar med syntaks. Er det «eg» og «havet» som opnar «meg» saman? Eller er det «eg» som opnar «havet» og «havet» som opnar «meg»?

Denne kommaleiken finn vi i Gröhn si samling også. I diktet «Hud og hår» er siste setninga «Sluk meg ikkje vent til eg døyr». Her følgjer Gröhn mønsteret til den kjente kommahistoria («Drep han ikkje vent til eg kjem»), medan Sande tar det eit steg lengre. Det motsette er tilfelle når det gjeld anaforar og andre typar gjentak, eit virkemiddel begge brukar mykje. Her er det Sande som held seg på trygg grunn, og Gröhn som prøver ut kor langt han kan gå. I diktet «Tankane mine» gjentar Gröhn ulike former for «tanke» tjuesju gonger (på tjueto linjer).

Eit par stadar leikar Sande seg også med den grafiske forma, noko Gröhn ikkje gjer. Ein stad fell orda i dråpar nedetter sida, og etter ei blankside midt i samlinga følgjer «Feilvare»:

Det må vere ein feil
Du kjenner deg lurt
Men det kjem fleire blanke ark
Tomme dagar utan fargestiftar

Humor
Forlaget sin omtale av Heilt konge lovar «gapskratt» og «sprelske dikt», men det er ikkje lys og leiken humor som pregar Sande si samling. «Feilvare» er eit døme på at han utforskar diktsamlinga sine rammar, det er overraskande, men tonen i diktet er ikkje «sprelsk». «For gammal» er morosamt på sitt vis, men det manglar ein finale som kan kalle på «gapskratten». Etter mi meining er humoren meir av det svarte slaget, nesten bittert sarkastisk. Til dømes i «Lengt»:

Telefonen var på nippet til å ringje
For tredje dag på rad
Då kakka kjøtmeisane på ruta:
Sjå på oss!

Eg jaga dei bort
svart og gul av sjalusi
Dei flaksa rundt kvarandre og kvitra
som om livet var ein leik

Heikki Gröhn sine dikt er lysare og lettare. Dei kjem med punchline nesten alle saman, og Gröhn har ein annen distanse til dei vonde kjenslene. Han skriv oftare om «ho» og «han», der Sande skriv «eg» og «du». Dermed blir einsemda i På liv og død, på måfå, på leven ikkje like tung:

Ta høgd

Mange sa dei skulle ringje han,
men ingen gjorde det.

Det er slikt ein må ta høgd for i livet,
Men det er no noko dritt då.

Begge gjer narr av den sjølvmedynken dei portretterar, men medan Gröhn gjer det direkte, går Sande omvegen om fuglane. Dette gjer at lesaren humrar av Gröhn, men kjenner eg-et sitt vonbrot hos Sande.

Liv og død
Det er sjølvsagt ikkje berre sinne hos Sande, ikkje berre latter hos Gröhn. Dikta i begge samlingane har eit stort kjensleregister. Her er vare og fine bilete, feststemning og krigserklæringar. Generelt kan ein kanskje seie at Sande sine dikt er meir konfliktfylte enn Gröhn sine og dermed også meir komplekse. Medan Gröhn ofte byggjer dikta sine opp mot punchline, byggjer Sande sine dikt rundt motsetningar.

Miljøet hos dei to er også ulikt. Sande grip i første rekke til skog og hav i biletspråket sitt, Gröhn skriv om høgspentmaster, om verdsrommet og bomberom. Tematisk er dei derimot einige. Spenninga mellom liv og død er kjernen i begge samlingane.

Sande opnar med diktet «Tenkje litt på livet»:

Tenkje litt på dauden kvar dag
Sparke sund ein roten stubbe
og rope: Gudbai gudbai!

Bryte av ein mjuk kvist
og seie: Nei, min ven
det vart ikkje fleire vårdagar
på deg

Diktet har sjølvsagt mange element, men kva det i første rekkje gjer, er å vise korleis det å tenkje på livet, automatisk inneber å tenkje på døden. Heikki Gröhn er meir eksplisitt i «Logikk»:

Ein skulle aldri ha trengt å leggje seg,
det er altfor digg å vere vaken.
Sa eg.
Og ein skulle aldri ha trengt å stå opp,
det er altfor godt å sove.

Ja einig, sa Einfrid.
Om ein også bare hadde sloppe å døy.
Og å vere fødd.

Leseverdig
Hans Sande og Heikki Gröhn har skrive to leseverdige samlingar med dikt for unge. Gröhn si samling er den lettaste og mest direkte av dei, og den som kanskje vil fengje dei unge lesarane mest. Sande har fleire lag i dikta sine og eit større alvor, og samlinga hans er nok den som treff mest i magen.

Det gjer vondt å vere ung. Gröhn og Sande tar denne smerta på alvor, på ulikt vis.



Skrevet av:
Kommentarer