«Traktorlesber» og bandøving

«Traktorlesber» og bandøving

Boktittel: Sceneskifte

Forfatter: Kari Mathilde Hestad

Forlag: Samlaget

Årstall: 2023

Antall sider: 168

Sjanger: Ungdomsroman

Kari Mathilde Hestad debuterer med ein ungdomsroman som er fri og open om søken etter eigen seksualitet, men litt for forsonande i stilen.

«Denne hausten er det ingen som ventar på meg nokon stader. Eg gjer alt aleine.»

Slik opnar historia om Alexis (eller Alex, som ho kallar seg), som går i tiande klasse i ei lita, norsk bygd. Alex kjenner seg ikkje heime i bygda ho bur i – der dei fleste er mykje streitare enn ho. No har i tillegg venskapen med bestevenninna Ronja, som var den som brukte å sitje bakpå sykkelen hennar, gått i vasken, og dei har ikkje prata saman på eit halvt år. Etter kvart kjem det fram at dei to har vore kjærastar, men at det blei slutt fordi Ronja ikkje ville offentleggjere forholdet. Og for å gjere det heile endå verre: No har Ronja sett ut eit rykte om at Alex er traktorlesbe og «superkeen på ho», og fått alle jentene i klassa til å vende seg mot ho.

Allereie på andre side i Sceneskifte er ting likevel i ferd med å endre seg. Spelelæraren Sofia fortel nemleg at bandet Alex speler gitar i skal få ein ny bassist: den nyinnflytta guten Mika. Alex kjenner ei brå dragning mot Mika, og plutseleg ender dei opp med å kline på senga hans:

«Hjartet mitt dunkar hardt og tankane fyk straks i tusen retningar. Kva skjer? Har han tenkt å kysse meg? Men kva med Ronja? Før eg rekk å seie noko, lener han seg mot meg, og eg lukkar auga. Så kyssar me, sånn mjukt og forsiktig.»

Men kva tyder eigentleg det kysset? Og kva meiner Mika når han etterpå seier at han «blir litt for glad i folk litt for fort»?

Fritt, ope og truverdig

Sceneskifte er Kari Mathilde Hestads første bok. I tillegg til tema som mobbing og utfrysing, tematiserer ho den fellesskapen ein kan finne i musikken. Skildringane av meldinga og kommentarane Alex får frå klassevenninnene er såre og truverdige, og det er lett å leve seg inn i det sviket hovudpersonen må kjenne på frå Ronja. Bandøvingane, på si side, blir skildra med ein viss distanse – sjølv om Hestad nyttar mykje plass på å beskrive dei ulike bandmedlemma, blir eg aldri spesielt engasjert i verken spelinga, relasjonen imellom dei eller konserten spelelærar Sofie har arrangert for dei.

Det som først og fremst får Sceneskifte til å skilje seg frå andre ungdomsbøker, er den frie og opne tonen rundt søken etter eigen seksualitet. At Hestad let hovudpersonen både vere overtydd om at ho er lesbisk, og tvilande rundt sin eigen konklusjon, utan at dette blir problematisert, er ein fin kvalitet ved romanen, som blir ytterlegare forsterka ved at Mika er heilt open og avklart om at han er trans, og at fleire av karakterane forelskar seg i ulike kjøn. Karakterane og relasjonane mellom dei skaper assosiasjonar til både Alice Osemans Heartstopper-serie og trekantdramaet rundt transkvinna Jules i tv-serien Euphoria – riktig nok med ein dramatikk som er betydeleg dempa og ei takt som er tilpassa dagens bygde-Noreg.

For sjølv om det først og fremst er bandøvingane og spenninga knytt til den første konserten på skulens Halloween-fest som driv handlinga framover, er det dramaet rundt Alex, Ronja og Mika som er dei mest interessante elementa i handlinga. Kjem Ronja nokon gong til å fortelje sanninga om kva som hende mellom ho og Alex? Og kan det bli noko mellom Alex og Mika? Då Alex oppdagar at også Ronja er interessert i Mika, får konflikten ytterlegare intensitet. Kan ho rett og slett kome til å stele han?

Uforløyst trekantdrama

Sjølv om Hestad legg ut premissa for eit skikkeleg trekantdrama i Sceneskifte, blir ikkje dramatikken heilt innfridd. Til tross for «lesbian rock-feminist»-vibbane, er Alex nemleg ein nokså viljesvak hovudperson, som har litt for lett for å akseptere det som hender med ho. Ikkje konfronterer ho Ronja med løgna som har ført til at ho blir fryst ut frå klassa, ikkje konfronterer ho Mika med at han bruker og forkastar ho til fordel for venninna, og ikkje konfronterer ho klassevenninnene med den uvørdne bruken av «lesbisk»-ordet. I staden inntek ho stadig ei forklarande og orsakande rolle:

«Jonas og eit par andre gutar i klassen, for ikkje å snakke om Anniken og Rabia, elskar å bruke ordet ‘lesbe’ mot meg, som om det liksom er noko skammeleg og flautt dei kan ta meg for. Det får meg til å føle meg skikkeleg drit, som om eg ikkje er verd nokon ting. Men eg trur dei kunne ha kalla meg kva skjellsord som helst, ‘lesbe’ er berre lett å ty til, ordet betyr eigentleg ingenting for dei.»

Ikkje alle hovudpersonar treng å vere sterke, men ofte skulle eg ønskje at Hestad let hovudpersonen få reagere litt meir, og la oss lesarar få kjenne på reaksjonane hennar, på smerta og usikkerheita, i staden for å stadig konkludere og dra oss vidare. I siste del av romanen forsvinn dessutan mykje av intensiteten frå starten av romanen, då fokuset skiftar til ein litt konstruert #NoMoreHate-kampanje. Eg kan heller ikkje hjelpe for å bli sitjande att med kjensla av at Hestad knyt ein litt for ryddig sløyfe på plottet når Alex, etter å ha blitt mobba i eit halvt år som følgje av rykta Ronja har sett ut, reagerer på denne måten då ho ser Mika og Ronja kysse kvarandre:

«Eg må blunke hardt for å halde tårene tilbake, og det verker sårt i brystet, men samtidig kjenner eg at det går greitt òg. Eg har innsett at eg uansett ikkje kan gjere noko for å hindre dei i å bli kjærastar. No veit eg i det minste at Mika er vennen min, uansett.»

At karakterane blir forsona med kvarandre og at romanen ender i ein større aksept for eit mangfald av seksualitetar er sympatisk nok, det, og alt i alt plasserer Sceneskifte seg fint i eit tidsbilete der grensene mellom seksualitetar og kjønn er i ferd med å bli mindre rigide. Likevel trur eg romanen ville ha blitt endå sterkare dersom Hestad hadde tort å bli lenger i ubehaget og vere mindre forsonande.

Ingrid Senje

Født 1987. Bosatt i Milano. Master i nordisk litteratur fra Universitetet i Oslo. Årsstudium i skapande skriving ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og nettstudium i samtidslitteratur for barn og unge ved Norsk barnebokinstitutt. Frilans anmelder, språkvasker og manuskonsulent.