Trygt og godt

Trygt og godt

Boktittel: Barnas store eventyrbok

Forlag: Samlaget

Årstall: 2015

Antall sider: 215

Barnas store eventyrbok held tritt med tida utan oppsiktsvekkjande fakter.

Med fare for å framstå som historielaus – for ikkje å seie kunnskapslaus – når det kjem til eventyrillustrasjonar: Min første og sterkaste reaksjon då eg opna Barnas store eventyrbok var så enkel: Svend Otto S.’ illustrasjonar, som Samlaget har valt til denne boka, er slåande gode, med sine mjuke strekar og avdempa fargespel. Grunnen til at eg truleg framstår som historielaus, er at ein slik observasjon er sjølvskriven. Illustrasjonane er rekna som klassikarar, og velkjende for dei fleste som har ramla over nokre eventyrbøker i løpet av livet. Men det er likevel slik – som Samlaget skriv i presentasjonsteksten av boka – at illustrasjonane først og fremst er kjende for dagens foreldregenerasjon, som møtte dei gjennom Bokklubben sine eventyrbøker på åttitalet. For meg, som kom til verda seint på åttitalet, er dei nærast ukjende. Med andre ord er det sjølvsagt å omtale klassikarar på denne måten, men eg gir meg lov til å seie det igjen: Dei er slåande gode, og det på ein måte som overraskar meg.

pannekaka2

Som andre folkekjære illustrasjonar har dei noko lett nostalgisk over seg, men der enkelte andre illustrasjonar kan vere vanskeleg å verdsetje utan å vere innvigd i nostalgien, opplever eg desse som opne og levande. Det er ein dramatisk nerve i dei, og fleire av dei er små kunstverk i seg sjølve. Kanskje er eg berre glad for å sleppe unna Kittelsen (ikkje eit vondt ord om han!) for ein gongs skuld. Den lett smilande ulven i «Raudhette» er ein av favorittane, saman med gatemusikantane frå Bremen (begge frå Brørne Grimm). Dei svære hundane i «Fyrtøyet» er også fabelaktige, medan «Den stygge andungen» (begge H. C. Andersen) bevegar seg rundt i eit univers som inneheld kaldt vemod så vel som lysande lette stemningar. Så må eg likevel spørje: Kommuniserer illustrasjonane på den måten ein håper dei skal til dagens unge? Dei store boksidene inviterer til høgtlesing, slik eventyr helst skal lesast. Men vil dei duse fargane rive med seg merksemda til borna, som elles badar i fargesprakande appar og spretthoppande videosnuttar? Eg har ikkje betre svar enn dette: Eg håper då inderleg det.

Utvalet

I tillegg til Brørne Grimm og H. C. Andersen, er sjølvsagt Asbjørnsen og Moe representerte. At «Bukkane Bruse» og «Pannekaka» er her, overraskar nok ingen, men det er artig at eventyret «Mannen som skulle stelle heime» også er inkludert. Dei åtte utvalde eventyra peiker elles i ulike retningar, og boka dekkjer såleis eit mangfald av eventyrlege uttrykk – frå slapsticken i «Mannen som skulle stelle heime» via det skogsmytiske i «Raudhette» til det meir kjenslerørande i «Den stygge andungen». Såleis er det lett å oversjå at eventyrtradisjonen sjølvsagt er atskilleg meir mangfaldig enn det som kjem til uttrykk her, og at det finst ei heil verd av eventyr utanfor dei nordiske og germanske språkområda. Men denne boka har ikkje tatt på seg oppgåva med å stifte nye kjennskap for oss – her er det dei gamle kjenningane som går att – og dei sjangervariasjonane som finst i boka, gir i alle fall denne lesaren høve til å slå seg til ro med det.

Språkleg modernisering

Eventyra er nyomsette og språkleg moderniserte av Maria Parr – eit namn som får ein til å skjerpe auga og sjå etter kløktige val og løysingar i ein sjanger som elles synest å ha noko tidlaust og nærast forfattarlaust over seg. Men det er eigentleg lite iaugefallande her. Ein kunne sjølvsagt ha mistenkt forlaget for å bruke Parr til å kaste stjerneglans over boka. Rart då at namnet hennar ikkje figurerer på omslaget, så eg trur ein heller bør seie det slik: Ein merkar ikkje mykje av Parr i denne boka, og når det gjeld omsetjingar av eventyr er det ein nærast vilkårslaust god ting. Ho har gjort jobben – stillferdig og fint – og språket flyt godt, både i meir tekststutte eventyr, og kanskje særleg i «Fyrtøyet», som høyrer med blant dei meir teksttunge eventyra. Eventyra har sine faste, litterære vendingar som er ivaretekne, men jamt over har Parr opna for den munnlege tileigninga som eventyra både treng og fortener.

hundene1

Språket er slett ikkje gamalmodig, sjølv om der openbert ligg føringar i eventyra sjølve. Auga til trollet i Bukkane Bruse blir som kjent samanlikna med tinntallerkar, og nasa med eit riveskaft. Dei svære hundane i «Fyrtøyet» får på si side auga sine samanlikna med møllehjul og Rundetårn i København. Dette er kanskje ikkje det første born i dag vil nikke gjenkjennande til, men det kan vel like godt hende at dei forstår det eller er opne for å få det forklart. Eg nemner dette for å understreke at Parr har modernisert språket, og ikkje tukla med innhaldet eller forma i eventyra, og at desse tekstane viser kor godt ei slik språkleg modernisering kan gjere.

Gledelege gjensyn

Eg har elles hatt mange gledelege gjensyn når eg har lese desse eventyra på nytt. Til dømes med Bukkane Bruse, som no minna meg om kor brutale dei faktisk er: Her skal trolldjevelen få knust både merg og bein! Kattemusikanten frå Bremen er det først trist og så triveleg å treffe att, der han sit i vegkanten og ser ut som om han ber på «all verdas sorger». Vidare hadde eg ikkje gløymt bort dei storauga hundane i «Fyrtøyet», men eg mintest ikkje at vaksne lesarar får servert dette ordspelet i avslutninga: «Bryllaupet varte i åtte dagar, og hundane fekk sitte til bords og gjorde store auge».

Med eit enkelt og fint utval – og ei like enkel og fin språkleg modernisering – er Barnas store eventyrbok ei trygg og god utgiving, som rett nok ikkje gir all verdas grunn til stor ståhei, men som gjer akkurat det vi med jamne mellomrom treng at nokon gjer: Å gi kulturarven ei lett og lite oppsiktsvekkjande oppussing. Så får ein håpe at andre tek seg av det vi også treng: Smålåtne utfordringar av eventyrkanonen – både når det gjeld utval og illustrasjonar – i tillegg til dei meir spinnville moderniseringane og nyskrivingane.

 

bukkene2

Eivind Myklebust