Ungerer, Tomi: Dei tre røvarane

Ungerer, Tomi: Dei tre røvarane

Dei tre røvarane

Tomi Ungerer (tekst og illustrasjoner)

Omsatt av Kjartan Fløgstad
Bokklubbens barn 1973

Eivor Vindenes, forfatter.

Bokklubbens barn

1973

DEI OMSYNSLAUSE RØVARANE HERJAR VILT! Det var ein gong tre fæle røvarar. Dei drog omkring

DEI OMSYNSLAUSE RØVARANE HERJAR VILT!

Det var ein gong tre fæle røvarar.
Dei drog omkring gøymde under vide svarte kapper
Og store svarte hattar.

Desse tre grufulle røvarane skular mot meg frå omslaget. Ei diger raud øks lyser opp mot ein mørk blå nattehimmel. Dei stutte setningane dirrar fulle av lovnader om at her, her kan skrekkelege ting skje.

Den første hadde ein muskedunder.
Den andre hadde ein peparblåsar.
Og den tredje hadde ei kjempestor, raud øks.

Eg hugsar framleis den herlege uroa desse reine, stilistiske bileta og den korthogde teksten ga meg. Eg trong ikkje ein gong slå opp i boka, ho kunne berre ligge der med framsida opp. Det var meir enn nok.

I nattemørkret gjekk dei langs vegane
og leita etter offer.

Når eg no, etter alle desse åra, les halve boka, får eg den same herlege kjensla. Her går vi rett på, ingen forklaringar, ikkje noko milde trøystande ord, dei omsynslause røvarane herjar vilt!

Dei skræmde alle. Kvinner uvita.
Modige menn sprang sin veg. Hundar rømde.

Hestane steglar, vrinskar og rullar vilt med augo, og når menn og kvinner legg på sprang er det ikkje tvil. Røvarane skapar kaos og uhygge, her er det berre å komme seg vekk, elles …

Første del av Dei tre røvarane er stramt komponert, men forteljinga er likevel leiken, proppa med kosteleg skrekk og svart humor. Historia er full av dramatikk, men samstundes så open. Og det er her det magiske ligg, tenkjer eg, boka opnar opp for ein masse rom ein kan fylle ut sjølv. Du kan verkeleg kjenne på ei sitrande redsle for alt som er skummelt og du ikkje veit kva er, som brått dukkar opp i natta for å robbe og røve deg…

Eg hugsa ikkje korleis boka slutta før eg las ho att no. Med eitt vender historia: Røvarane røvar ei lyshåra jente med namn Tiffany. Utan særleg motstand hamner røvarane på rett side, alle vert snille mot kvarandre, deler godane og den trygge orden er oppretta. Siste del av boka er rett og slett kjeisam lesing etter ein så forrykande start …

Eg trur forresten ikkje heilt på den slutten. Neste gong eg les boka, stoppar eg kanskje halvvegs. Så kan eg og dottera mi dikte vidare, for å sjå kva Tiffany og dei tre røvarane eigentleg finn på …

Heilt til slutt: Vil du lese boka, gå på biblioteket og lån utgåva med Kjartan Fløgstad si herlege omsetjing … Eg synest det er rart at Cappelen har bytta ut denne gode teksten. Sjølv om omsetjinga til Tor Åge Bringsværd har mykje føre seg, så manglar han drivet til Fløgstad. Setningane er ofte for forklarande og passive i forma. Det svingar ikkje like godt av: ”Alle som så dem ble vettskremte” som av ”Dei skræmde alle”… Uhu!

Eivor Vindenes