Uoriginalt flygande objekt

Uoriginalt flygande objekt

Boktittel: Alien i klassen – Mitt liv på feil planet

Forfatter: Vegard Markhus

Illustratør: Vegard Markhus

Forlag: Aschehoug

Årstall: 2023

Antall sider: 188

Sjanger: Humor

«Alien i klassen» er ein lettlest forteljing om ufoar, forelsking og mobbing – som liknar på veldig mange andre.

Ulrik F. Oma, hovudpersonen i Alien i klassen, har fleire problem. Eitt av problema er at initialane hans er U.F.O. 21 av dei andre problema hans er elevane i klassen, som leidde av mobbaren Bob gjer livet surt for Ulrik kvar einaste skuledag.

Illustrasjon frå "Alien i klassen", Ulrik hengande over skulepulten.

Inspirert av motgangen startar Ulrik dagboka «Åleine i klassen» – og det er denne vi som lesarar får i hende her.

Ikkje så enkelt

Tilværet til Ulrik blir snudd på hovudet når ei ny jente byrjar i klassen. Fia er ein skikkeleg geek som bur saman med skrotnisse-pappaen sin i ei campingvogn i skogen – og ho er oppteken av romvesen, akkurat som Ulrik. Saman bestemmer dei seg for å lure heile klassen med eit romvesen-kostyme, noko som sender dei ut i ein berg-og-dal-bane av popularitet på skulen.

Sjølv innanfor bokas litt gummiaktige, men likevel realistiske univers står det ikkje heilt til truande at ein skuleklasse ville late seg lure av romvesenet «Ollibolli» i karnevalskostyme, men Ulrik og Fia maktar til og med ei stund å kue mobbaren Bob. Mot slutten av boka er eg spent på korleis Markhus skal balansere etikken i å lure andre opp i stry på denne måten, og når eg trur eg veit kvar moralen er på veg, klarer han å leggje på eit lag til som gjer det heile litt mindre svart-kvitt.

Velkjende verkemiddel

Den bergensbaserte forfattaren Vegard Markhus har allereie gitt ut ei god handfull barnebøker, inkludert Timothy mistar seg sjølv (2010), som han fekk Nynorsk barnelitteraturpris for.

Med Alien i klassen har han gitt seg i kast med det same formspråket som tilsynelatande annankvar nye barnebokserie har late seg inspirere av: Dei linjerte sidene minner om ei notatbok, bokstavane minner om handskrift (Markhus har smart nok laga seg ein font basert på sin eigen), og korte kapittel pepra med enkle strekteikningar minner saman med dei andre elementa svært mykje om bautaen i sjangeren: En pingles dagbok av amerikanske Jeff Kinney.

Vi kjem ikkje unna at både Kinney og den norske Verdens verste-serien nok gjer ein betre jobb med å ta perspektivet til barna – Ulriks stadige variasjonar over kraftuttrykket «sjokoladebollar i fiskesaus!» er for tamt til å hamle opp med sjølv dei enklaste ordspel på tiss eller promp. lllustrasjonane er også litt for dominerte av lausrivne hovud som flyt rundt på sidene. Men boka har også fleire kvalitetar som yngre lesarar vil setje pris på.

Lettlesen og munnleg

Alien i klassen – som tittelen dagboka til Ulrik blir endra til på slutten av boka – er svært lettlesen.

Stilen er munnleg og kontant, sidene er luftige (kanskje er det rundt tretti ord på ei gjennomsnittleg side), og kapitla fer forbi med ei lengd på tre–fire sider kvar. På same måte som i Verdens verste og liknande seriar er også teikningane godt integrert i teksten, med piler og boksar og snakkebobler.

Boka er ein søt, liten romanse som tek opp både mobbing og nerdete interesser – alt saman pakka inn i eit format som kjennest litt vel oppbrukt for tida.

Walter Wehus

Født 1980. Redaktør for Empirix.no, et tidsskrift for tegneseriekritikk. BA i kunsthistorie fra Universitetet i Bergen. Har to barn og to katter, hvorav et mindretall fortsatt setter pris på høytlesning.