Tittel: Sånn er det bare
Tekst: Anette Münch (red.)
Redaktør: Anette Münch
Forlag: Aschehoug
Årstall: 2013
Antall sider: 120

Bidragsyterne: Harald Rosenløw Eeg, Olaug Nilssen, Mariangela Cacace Di Fiore, Peder Kjøs, Tore Rem, Siri Dokken, Ingelin Røssland, Øyvind Holen, Helga Flatland, Pedro Carmona-Alvarez, Emil Johansen, Mona Høvring, Kristian Magnus Youngblom, Åste Dokka, Cecilie Mosli, Silje Bekeng, Jorun Hanto-Haugse, Kristin Solberg, Silje Lundberg, Vantina Andreassen, «Nicholas», Norges Pelsdyralslag, Hilde Marstrander, Jørgen Lorentzen, Ingrid Treborg, Caroline Halvorsen, Marie Brudevold, Lars Lauvik, Dag Sørås, opplysningskontoret.org, Warsan Ismail, Zofies Verden, Aslak Borgersrud og Silje Sandmæl.

Utan eigentlege provokasjonar

Målet med debattboka Sånn er det bare er at lesarane skal reagere så sterkt at dei «kaster boka i veggen». Det er det tvilsamt om boka klarer å få til.

«Sekstenåringer med stemmerett ville blitt en trussel mot folkestyret» lyder påstanden som innleder kapittel 8. Ill. av Anti design/Helene Brox.

Debattboka er gitt som gåve til heile landets andre- og tredjeklassingar i høve stemmerettsjubileet i 2013. Slike antologiar rommar ofte ideologikritiske forsøk på å få lesarane til å av-automatisere blikket på verda og meine noko om korleis ho burde vere. Annette Münch, som tidlegare har vore redaktør for Si ;D, skriv i føreordet at ho vil fremje tankar om «hvordan puslespillet Norge og puslespillet Verden egentlig burde vært satt sammen».

Bokkasting er ein god ambisjon å ha som utgangspunkt. Spørsmålet er berre om boka då burde tatt samfunns- og ideologikritikken eit par hakk lengre.

Danningstradisjon som gåve

Dei korte tekstane i Sånn er det bare verkar skreddarsydde for bruk i klasserommet, men det viser seg i praksis at dei ikkje provoserer nok. Eg har sjølv brukt boka i to klasser på vidaregåande, og ønsker at samlinga var enda skarpare analytisk, slik at eg kan seie til elevane: Her er nokre hardtslåande tekstar! Men elevane skjøner fort premissa for ei gåve dei aldri har ønskt seg, og det er med på å forme tekstresponsen hos lesarane: «Nok ei ny lærebok», sa dei.

Sjangermessig føyer boka seg inn i ein lang danningstradisjon i skulen, der oppskrifta er velkjent både for elevar og lærarar: Den demokratiske elden skal tennast inne i den typisk dorske eleven ved å fore han med spørsmål og ulike stemmer frå storsamfunnet; radikale og konservative meiningsmotstandarar i politikken, minoritetar og andre randsoneindivid. Tekstane i boka handlar om tema som jamnleg kjem til overflata i riksmedia og i tentamensoppgåver: Kjønnsroller og feminisme, religion, krig, toleranse og menneskerettar, psykisk helse, utdanningsval, klimaproblematikk og demokrati.

Føreseieleg uro

Dei fleste av dei 36 bidragsytarane er etablerte forfattarar, bloggarar, illustratørar, humoristar, forskarar og politisk engasjerte menneske. Av og til slepp ein sekstenårig yrkesskule-dropout til, ein tidlegare soldat eller ein tømrar. Slike innslag kunne det gjerne ha vore fleire av i ei slik bok, for å bygge ned avstanden mellom avsendar og mottakar og få større spennvidde mellom dei ulike tekstane.

På sitt beste er det nok kraft i saktekstane til å opne opp og peike på viktige samanhengar. Skribent og litteraturkritikar Silje Bekeng skriv godt om bikiniar på reklameplakatar med utgangspunkt i kontrastar og likskapar mellom reaksjonane til religiøst konservative i Jerusalem og feministaktivistar i raddis-Noreg: «Hvordan damer kler seg provoserer alltid den ene eller andre veien – enten dama er for lettkledd eller tildekket». Bekeng spør retorisk: «Hvilke alternativer finnes imellom?»

Og når Silje Lundberg, leiar i Natur og Ungdom, intervjuar tidlegare leiar i same organisasjon, Tore Killingland, om kjenslene rundt det å ha gått over til å jobbe for oljebransjen i vaksen alder, kjenner lesaren på ei vag og smittande uro. Er det verkeleg slik at ungdomleg idealisme bleiknar meir og meir med alderen?

Men litt uro i saktekstar fører som kjent ikkje til bokkasting. Når antologien er på sitt mest provoserande, handlar det om likestilling. Münch let bibelstudenten Kristian Magnus Youngblom i fred og ro forsvare ei fallosentrisk og bokstavtru tolking av bibelen. Men provokasjonen blir for raskt sløkt med eit kløktig motsvar frå teologistipendiat og prest Åste Dokka. Kanskje det hadde vore betre å late teksten stå aleine og la elevane sjølve formulere motsvaret?

Delvis ufiltrert surmuling

«Helt privat» – om manglende hjelp til psykisk syke. Ill. Helene Brox.

Nokre av tekstane har verken bruksverdi eller litterære kvalitetar å skryte av, og treng meir redigering. Det overraskar meg at det økonomisk moraliserande formynderiet til forbrukarøkonom Silje Sandmel har gått gjennom det redaksjonelle filteret: «Vet du konsekvensen av å ikke betale regningene dine? (…) Har du en ryddig og oversiktlig privatøkonomi kan livet bli mer rosenrødt. Jeg mener derfor det er viktig å lære seg disse tingene på skolen, slik at du ikke trår feil. Det nemlig lettere enn du kanskje tror!»

Opp-ned-visualitet

Illustrasjonane og den grafiske utforminga tek òg sikte på å snu opp ned på slikt vi tek for gitt i verda med ein type fargerik surrealisme. Intensjonen er forståeleg, men sett under eitt så står illustrasjonane likevel i fare for å «friske opp» i så stor grad at det bikkar over i det banale. For målgruppa framstår boka visuelt sett som eit sprelsk, men litt for barnsleg tøysete fargekalas. På sitt beste bidreg teikneserieskaparane Jorun Hanto-Haugse og Vantina Andreassen likevel til å skape nye samanhengar og opp-ned-blikk ved å overføre meiningsinnhald frå eitt område til eit anna.

 

Av Jorun Hanto-Haugse

På veg ein ukjent stad

I Sånn er det bare er det i dei skjønnlitterære bidraga at den største sprengkrafta ligg. Aslak Borgersrud frå Gatas Parlament har typisk til han å vere ei politi-kritisk analyse i bakgrunnen. Den nyttar han som brennstoff for ein kort, skjønnlitterært utforma dystopi om datalagringsdirektivet. Dei litterære verkemidla er enkle og firskorne, men narrativet får effektivt fram korleis DLD kan kome til å bli brukt i tide og utide og gå utover basale menneskerettar.

Harald Rosenløw Eeg skriv òg fram ein tragisk og tankevekkande dystopi, om ei mørk framtid der ein har lukkast med å skape ein alternativ jordklode i verdsrommet, men der berre nokre få utvalde får reise. Andre noveller har også ein slik dirrande bass-streng i grunnen, slik som Olaug Nilsens tekst om abort, og Helga Flatlands novelle om valdtekt.

Maktar ikkje å avkle makta

Ser ein antologien som totalitet, er likevel bassvibrasjonane for grunne. Føreordet til redaktør Münch målber kor provoserande ho ønsker at antologien bør fungere. Den ironiske tittelen Sånn er det bare, får meg til å tenke på korleis ideologiar har det med å omfamne og ufarleggjere kimer til kritikk, nettopp fordi vi trur vi forstår dei og reflekterer rundt dei. Slavoj Žižek har vist korleis vi seier at vi tek avstand frå ein ideologi, men likevel har tendens til å spele han ut. I lys av tittelen og føreordet, kunne ein vente at Münch i større grad inkluderte tekstar som òg tok opp tema som finanskrisa på denne måten, og sett på evna vi har til reflektere over og lære av våre feil. Tener vi som frie, sjølvstendige og kritiske subjekt likevel den frie marknaden i så stor grad at samfunnet blir blinda for framtidige finanskrakk – nettopp fordi vi trur vi har skjønt samanhengen? Her er det mange ideologisk etablert «sanningar» som ein gjerne kunne ha pirka borti.

I essayet «kunsten å samtale» skriv Montaigne: «Sanninga si sak burde vere felles sak for oss begge.»  Det er også utgangspunktet for Sånn er det bare. Men fordi det er vanskeleg å identifisere kven som står bak ideologiar, saknar eg ei tydelegare framstilling av ideologi som ein prosess der både subjektive, institusjonelle og politiske idear kan operere i ein usynleg maktvev som både er intendert og subtil på same tid. Ein skal ikkje undervurdere ungdom si evne og vilje til å trenge forbi dei etablerte skyttargravene dei allereie har høyrt om.

 

Sånn er det bare er en gave til førstegangsvelgere fra Regjeringen og Stortinget i anledning stemmerettsjubileet. Boka deles ut til alle 2. og 3. klasser på videregående skoler over hele landet. Den kan også leses i sin helhet på sannerdetbare.no.



Skrevet av:

,

Ingen kommentarer.

Legg igjen en kommentar

Legg inn din meaning her. Vær hyggelig. Din e-post vil holdt anonym.