Utrygg moro

Utrygg moro

Boktittel: Ivar får ansvar

Forfatter: Arnfinn Kolerud

Forlag: Samlaget

Årstall: 2024

Antall sider: 194

Sjanger: Roman

Arnfinn Kolerud har skrive ei forteljing som tar meg humrande gjennom dei mange tragiske misforståingane til den tolvårige hovudpersonen – med klump i halsen.

I «Ivar får ansvar» møter vi Ivar på tolv år og venninna hans Maja. Dei plar leike med bork og insekt, spele badminton og bade, men denne sommaren har noko endra seg. Maja er tretten år no, og ho har fått seg sommarjobb. Plutseleg er alt Ivar gjer barnsleg medan ho brettar serviettar og lagar bølgje på osteskiva. Dessutan har også foreldra til Ivar det travelt med å gjere han sjølvstendig.

– Du har fått lommepengar i mange år no. Hundre kronar i veka, seier far.

– Ja, seier Ivar.

– Kva synest du om ordninga?

– Det er ei fin ordning, seier Ivar.

– Men no er du altså tolv år.

Far seier tolv år som om tolv er eit veldig høgt tal. Som om det er snakk om etasjar i eit hus.

– Og da er det slutt, seier han.

Foreldra vil helst at han skal betale dei lommepengar, og ikkje omvendt. Dei vil at han skal jobbe og gjere nytte for seg, slik at han får eit forsprang på jamnaldringane sine.

Men Ivar er naiv og lett å lure. Mest spektakulært blir han brukt av bror til naboen Børre. Den gamle mannen fortel at han skal døy og at han vil brenne alle tinga sine. Ivar får fem hundre koner for å pakke ned heile innbuet i huset, bere det ned på stranda og lage bål – først seinare får han vite at det er Børre som bur i huset og at bror hans har ein skrue laus. Foreldra legg all skuld på sonen, denne gongen og kvar einaste gong noko dumt skjer, og dei er generelt ukjærlege – utan at Ivar eller forteljaren protesterer. Teksten stolar på at vi som lesarar forstår at den overdrivne framstillinga av foreldra nettopp er slik for å vise kor feil dei tar.

Ironisk humor

Arnfinn Kolerud har etter kvart skrive ei rekke bøker – for vaksne, ungdommar og barn – og tekstane hans er kjenneteikna av ironisk humor. Kolerud har ein uredd omgang med språket, og stolar på at lesaren skjønar kva intensjonen hans er. Han lar omgivnadane vere utrygge og omsorgspersonar slemme, og han herjar med hovudpersonane sine på brutalt vis. Kolerud gjer narr av alle. Gjer han også narr av lesarane sine?

I vaksenbøkene sine, der Kolerud harselerer med målrørsla i Noreg, gjer han openbert narr av oss som les. Det er meininga at vi skal kjenne oss trefte, anten vi er medlemmar av målrørsla eller motstandarar av ho. Å kjenne seg uthengt blir ufarleg i denne trilogien fordi Kolerud også gjer narr av seg sjølv. Sjølvironien er gjennomgåande når Kolerud skriv om den vesle staden Vassbygda, der dei kranglar om kva endingar substantiva skal ha. Kolerud er jo sjølv ein av desse som brukar og kjemper for det nynorske målføret. Dermed skapar han også eit fellesskap med oss lesarar. Vi er alle like dumme.

Når ironien derimot blir brukt om overgangen frå barn til vaksen, er eg usikker på kva effekt det får på den lesaren som kjenner seg treft. Her er det jo ikkje eit fellesskap? Eller er det det?

Usikre tolkingar

Utfordringa med ironi er at ein aldri heilt kan vite kva avsendaren eigentleg meiner. Teksten blir ei maske der intensjonen bak er det faktiske andletet. Om mottakar og avsendar har ein felles kontekst, er det som regel lett nok å ta av maska, men når dei to ikkje kjenner kvarandre blir det vanskelegare å avgjere korleis andletet ser ut. Ein vaksen forfattar og ein barnelesar står i utgangspunktet langt frå kvarandre, og ironien gjer at lesaren må gjette. Kva haldning har eigentleg denne forteljaren til Ivar? Kva haldning har han til meg?

Meiner forteljaren at Ivar fortener all den kjeften han får, og all denne urettferdige straffa frå foreldra? Tenkjer han at tolvåringar er latsabbar og sveklingar? Teksten skapar ei utrygg kjensle i lesaren som liknar på den kjensla Ivar har denne sommaren. Er han heilt åleine?

Kolerud er sjølvsagt på lag med tolvåringane, mot dei teite vaksne, men eg trur at mykje av leseopplevinga for ein tolvåring vil vere prega av tvil. Eg trur at ein tolvåring må lese heile boka, før konklusjonen er klar. For det er først på slutten at Ivar får oppreising. Naboen Børre gir han nøkkelen til huset sitt, foreldra tryglar han om halde fram med å bo heime, og Maja vurderer å vere saman med han att – i alle fall seinare. Det blir klart at det ikkje berre er lesaren som heier på Ivar, forteljaren gjer det, han òg.

Sår forteljing

Eg opplever boka som ei sår forteljing om korleis det er å bli forlaten av ein ven. Maja veks i frå Ivar. Ho er plutseleg forelska i Mons på fjorten, ho røykjer og kysser, og når ho seier «vi» tyder det ikkje lenger Ivar og ho. Det er også ei djupt alvorleg forteljing om den spagaten alle ungar kjem i på slutten av barneskulen, når dei kjenner at dei snart er ungdommar og må byrje oppføre seg meir vakse. Dei kjenner på krysspresset mellom desse to rollene – dei vil gjerne halde fram med å leike, men dei vil heller ikkje ver barnslege. Det er eit utrygt tilvære, med nye og ukjente spelereglar.

Under maska av overdrivingar og lakoniske replikkvekslingar har teksten derfor eit alvorleg andlet. Eg får omsorg for Ivar, sjølv om eg ler av han, og eg trur at denne kjensla lett blir sterkare om ein i tillegg identifiserer seg med den situasjonen han står i. Til sist blir Ivar desperat, og han utfordrar Mons til duell:

– Ein duell? Mellom oss to?

– Ja, seier Ivar.

– Kva skal vi gjere da? Fange ei floge?

Mons ler av sin eigen vits.

– Kaste ein stein opp i lufta og treffe den med ein annan!

På film har han sett at dei kastar ein mynt opp i lufta, for å skyte hol i den, med pistol. Da er det alltid den snille som vinn.

– For noko barnsleg tull, seier Mons.

Ivar finn etter kvart på noko «vakse» som Mons kan bli med på: Dei skal konkurrere om kven som kan tene mest pengar i løpet av to timar. Eg kan røpe at det ender i ein overdriven, komisk og reint ut farleg slåsskamp, slik ein kan forvente i ein roman av Kolerud, og det er nettopp denne gjentatte tragikomedien som gjer at «Ivar får ansvar» er verd å lese. Blandinga av alvor og humor ber teksten.

Den eine trygge vaksne

Desperasjonen og naiviteten til Ivar er tullete, og samstundes er det uendeleg trist. For Ivar vil så forferdeleg gjerne at Maja skal sjå han, vere på hans lag, og han er så misunneleg på Mons, og alt han gjer for å vinne Maja tilbake, gjer situasjonen berre verre. Heldigvis blir Ivar ven med Børre – naboen som har mista alle møblane sine i Ivar sitt bål. Han hjelper Ivar med å meistre livet og med å finne trua på seg sjølv.

Slik eg les boka er Børre talerøyret til Kolerud, den eine trygge vaksne i ei utrygg verd. Han er litt oppgitt over Ivar, men meir oppgitt over foreldra hans. Dei vil at Børre skal gi Ivar ein lærepenge, men Børre tenkjer annleis.

– Er ikkje du litt ung til å jobbe?

– Mamma og pappa vil at eg skal få eit forsprang, svarer Ivar.

– På kven? spør Børre.

– På alle dei andre, seier Ivar.

– Alle dei andre er mange, seier Børre.

Børre er ikkje så opptatt av alle dei andre. Han er på lag med Ivar. Og trass i at Kolerud får Ivar til å snuble og dumme seg ut, gong på gong, så er det ein fellesskap mellom den vaksne forfattaren og barnelesaren her, slik det er fellesskap mellom Børre og Ivar.

Petra J. Helgesen

Født 1978. Master i litteraturvitenskap og ansatt som prosjektleder i Foreningen !les. Jobbet med barne- og ungdomslitteratur som redaktør, kritiker, konsulent, forsker og formidler siden 2001. Foto: Chad Stokes