Vakkert om venskap

Vakkert om venskap

Boktittel: Kom til Dammen!

Forfatter: Oskar Stein Bjørlykke

Forlag: Samlaget

Årstall: 2003

Antall sider: 58

Kva kan ein seksåring forstå av store og vanskelege ting som død og krig? Ganske

Kva kan ein seksåring forstå av store og vanskelege ting som død og krig? Ganske mykje, hevdar denne forteljinga, utan å bli høgrøysta av den grunn. Mest av alt er dette ei vakker bok om venskap og om minne frå ei tid då det var krig, og lykka var ein rattkjelke på godt snøføre.

To identiske guteandlet, det eine innramma av øyreklafflue, er hovudmotivet på omslaget til Bjørlykkes barnebok av året. Teikninga har ein stil som minner om omslaget på ervde gutebøker eg fekk i oppveksten, og gjer at eg ventar meg noko frå eldre tider. Dei to gutane er ikkje tvillingar, men to gode vener, ein sjuk og ein frisk. Venskapet mellom dei er hovudsaka i denne vesle forteljinga frå ei norsk kystbygd.

Som venta har boka ei handling lagt til fortida. Andre kapitlet; «Den tid», gjer det klart at handlinga er lagt til byrjinga av 1940-talet, og dermed krigsåra. Dette kapitlet er rein folkeopplysing for barn i våre dagar. Forteljaren viser mange døme på skilnadene mellom no og då: Ingen PC, ikkje fjernsyn, ikkje asfaltvegar og få bilar. Likevel kling det ikkje godt når han brukar ordet ‘gamaldags’ om tilhøva. «Lys og elektrisk straum var det i husa, og dette var noko av det nyaste vi hadde fått. Elles var det meste gamaldags.» (s. 10). Også om klede og sko brukar forteljaren ordet gamaldags. Dette kapitlet bryt med resten av forteljinga, og fungerer som eit reint historisk bakteppe av opplysningar. Gode bilete av kva krigen var for ungar, sett i barneperspektiv, visast ved skildringa av soldatane «Dei var grønkledde, ofte hadde dei hjelm. Dei kunne gå til fots eller fara på sykkel. Av og til også i store, buldrande lastebilar. Og soldatane gjorde som dei ville. Dei kunne finna på å skyta og drepa folk. Når soldatane var der, kunne du aldri vita kva som kunne skje.» (s.11) Her snakkar eit barn som står skremd og ser og høyrer dei grønkledde buldra forbi i bil. Slik er det ikkje med det som skrivast om teknologien på den tid samanlikna med vår tid. Det er fortalt med eit vakse blikk, frå ein som kan sjå tilbake og sei at mykje var gamaldags i den tida. Denne perspektivblandinga er forvirrande, og gjer forteljaren tvetydig og ustabil i dette kapitlet.

Kva kan ein seksåring begripe av krig og død? Ganske mykje, svarar Bjørlykkes forteljing. Kommer det bombefly? Kommer det soldatar? Krigsbarna si oppleving av å kjenne seg utrygge visast ved at gutane svært ofte held utkikk for å sjå om det er noko av dette skumle i vente. Gutane veit godt at dei framande soldatane er farlege. Derfor er det vanskeleg for forteljaren å akseptere at det er ein av desse soldatane som hjelper Olvar då han skadar seg på ein uheldig kjelketur. Han ser at ein tysk soldat og kan gjere noko godt, og det finst der, sjølv om soldatane representerer død og ufridom. Verden er ikkje heilt så enkel som han trudde.

Sjukdommen er forsiktig og fint skildra gjennom blikket til bokas ‘eg’ som er ein observant seksåring. Han ser at bestekameraten og naboen Olvar blir bleikare, stillare, ikkje orkar så mykje som før. Dei to, som alle sa var så like, dei blir gradvis meir ulike, både i utsjånad og framferd. Olvar sin familie gjer alt dei kan for å glede og oppmuntre sonen, og forteljaren ser storøygd på at bestekameraten både får kaker, skinnpennal og rattkjelke fordi han er sjuk. Til og med til byen får han komme, rett nok på sjukehuset, men ei storhending i alle fall. Misunning og medkjensle er begge tydelege, og lette å kjenne seg att i.

Krigen går mot sin slutt, og gleda over frigjeringa er full av optimisme. Den nye, gode tida kommer, med fridom, med meir av alle ting, til og med ville fabuleringar om at det snart skal bli så mykje sjokolade som dei ynskjer seg, og kanskje TV. «TV var noko som pappa hadde lese om i avisa, som dei hadde i utlandet ein stad» (s. 54). I den veldige gleda kommer brått sorga over at Olvar døyr. Forteljinga sluttar med forteljaren sin freistnad på å halde fast i venskapen; pennalet han fekk, stader dei to leika, hans eige andlet i vasspegelen, så likt Olvars. Eg-personen ser i vassflata på Dammen at himmelen speglar seg, og han ser andletet sitt i den avspegla himmelen. Himmelen og han sjølv; det er der venen no finst. Han ber med seg minnene, slik at Olvar finst og kan forteljast om. Tittelen viser til leiken dei to hadde ved Dammen, men han kan og lesast som forteljarens oppmoding til seg sjølv; til å vende attende til Dammen, for å spegla av sitt eige og Olvars liv og skrive om dette. Ei slik oppfatning blir støtta av minnet om at venen gjev han pennalet med skrivesakene i før han døyr. «- Du kan få god bruk for eit pennal, du og, hadde Olvar sagt» (s.58). Slik lese, blir forteljinga å sjå som oppfyllinga av dette skriveoppdraget.

Kom til Dammen! føyer seg inn i rada av nokså stillfarne forteljingar frå Bjørlykkes hand, trass i sitt sterke tema. Som vanleg er hos denne forfattaren, finn vi rom for ettertanke, skarpt sansa bilete av natur og situasjonar, og detaljar som effektivt viser fram miljø og tidskoloritt. Det er ei lita perle av ei bok, vel egna for høgtlesing.

Åse Kristine Tveit