Variert program

Variert program

Den kulturelle skulesekken i Trøndelag er pakka og klar for eit nytt år, og har eit variert litterært tilbod for både grunnskulen og den vidaregåande skulen.

NYTTprogram_grunnskole2Det er fint å sjå i programhefta til Den kulturelle skulesekken. Her får ein servert dei ulike formene som kulturuttrykka vår tek på rekkje og rad: Film, scenekunst, musikk, litteratur, visuell kunst. Tenk alt borna skal oppleve og lære! er kanskje første reaksjon frå ein vaksen. Men som vaksen har ein også lett for å bli fanga av dei fortryllande orda, og gløyme at kvaliteten på tilbodet kan vere like viktig som at der faktisk er eit tilbod. For korleis skal born og unge bli kjend med sin eigen kultur, om ikkje uttrykka dei møter fengjer, formidlar og pirrar dei til å oppsøkje meir av den?

Robotar og forfattarar 

Det er eit uttalt mål at Den kulturelle skulesekken skal gi elevar moglegheit til å oppleve, gjere seg kjent med og utvikle forståinga for profesjonell kunst og kulturuttrykk av alle slag. Så kva slags litterære opplevingar og øvingar er det eigentleg barn og ungdom i Trøndelag får i skuleåret 2014/2015?

I grunnskulen er det alt frå robotforsking til fotballpreik og forfattarbesøk – eit variert program med andre ord. Førestillingsturneane blir spreidde rundt om i fylket, og kommunane får såleis ulike tilbod. Forfattar Magnus Holm er kjend mellom anna frå Nysgjerrigper og har nettopp gitt ut boka Faktisk: Snø (2014). Holm har òg skrive fagboka Nysgjerrig på Roboter (2012), som var utgangspunkt for besøket hans hos 1. til 4. trinn på ulike skular i Sør-Trøndelag i byrjinga av september. Holm driv også robotbokbloggen.net, og for dei mest interesserte robotentusiastane kan såleis læringa halde fram i 2015.

 

Ragnhild. Foto: Grethe Borsum
Ragnhild Lund Ansnes. Foto: Grethe Borsum

For 5. til 7. trinn har Den kulturelle skulesekken leita fram eit gullkorn. «Fotball – Galskap eller lidenskap» er tittelen på føredraget som Ragnhild Lund Ansnes turnerte i Trøndelag med i oktober 2014. Ho er gift med ein lidenskapeleg Liverpool-supporter og har skrive bok om fotballgalskapen i norske supportermiljø. Fotball-temaet er utvilsamt populært for denne målgruppa, og Den kulturelle skulesekken skal ha skryt for initiativet til ei reflekterande og utforskande vinkling på temaet. Det er nemleg ikkje berre fotball som blir tatt opp i Ansnes sitt føredrag: Ho brukar fotballen som ein isbrytar for å snakke om allmennmenneskelege utfordringar, til dømes om fordommar, mobbing, samhald, einsemd og sjølvtillit. «Gjennom å både tulle med fotball og snakke om det absolutte alvor har jeg hatt gleden av å både provosere de som liker fotball og få med meg de som ikke liker fotball og til slutt forene oss om de viktige sidene ved det å være menneske og fotballens viktigste samfunnsfunksjoner, uansett hvilket lag vi liker eller om vi er likegyldig til fotball», seier Ansnes om føredraget sitt. Ikkje minst må dette vere til inspirasjon for unge, kvinnelege fotballtalent!

I tillegg til desse originale arrangementa, inneheld programmet også meir tradisjonelle forfattarbesøk. Poeten Marte Huke har haldt skrivekurs for 6. trinn. Jan Christopher Næss har snakka om humor og alvor, lesing og skriving, og tulla og tøysa for 8. til 10. trinn. Jan Tore Noreng leverte på si side gru og grøss for 5. til 7. trinn med historia om «Dødens skole».

Mindre schwung, meir tyngd

Tilbodet for vidaregåande skule er mindre, og har kanskje også mindre schwung over seg. Til gjengjeld har dei to programpostane meir alvor og tyngd. «Glamour for Goebbels» er tittelen på føredraget som Bjørn-Erik Hanssen held om skodespelarinna Kirsten Helberg i april 2015. Føredraget er basert på biografien som Hanssen har skrive om henne, og vil kvervle opp ei rekkje utfordrande og vanskelege tema: Helberg spelte i 14 filmar i den tida då Joseph Goebbels var propagandaminister i det nazistiske Tyskland. Kan ein stille kunstnarar til ansvar for det dei meir eller mindre uforvarande har vore med på å skape? Hanssen vil her innleie til viktige spørsmål om tilhøvet mellom kunst, politikk og moral. I tillegg til biografien om Heltberg, lagar han også ein film om henne, og elevane får såleis høve til å arbeide vidare med stoffet og verkeleg fordjupe seg i dette svært problemfylte og interessante temaet.

Johan Mjønes og Eivind Hofstad Evjemo har vore på turné saman før, og inviterte denne gongen til forfattarmøte der dei intervjua kvarandre om bøkene dei har skrive. Mjønes gav ut både Fortellingen om sju bål og ungdomsromanen Død manns kiste i 2013, og i 2014 kom Blodspor i Klondike, som er ein frittståande oppfølgjar til Død manns kiste og som er nominert til Uprisen. medan Evjemo fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for Vekk meg hvis jeg sovner (2009) og følgde opp med Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet (2012), som fekk Ungdommens kritikarpris. I 2014 gav han ut Velkommen til oss. Desse språkmektige forfattarane skriv romanar om eit mylder av alvorlege tema som engasjerer til diskusjon og refleksjon, og forfattarane vekkjer absolutt interesse (også) blant unge vaksne.

Johan Mjønes og Eivind Evjemo
Johan Mjønes og Eivind Hofstad Evjemo

Flaggskip?

Ein kunne kanskje ynske at Den kulturelle skulesekken bar fram eitt større og endå viktigare arrangement som skilde seg endå tydelegare ut, og som alle kommunane i fylket fekk tilbod om– ein snakkis på fylkesnivå og eit ordentleg flaggskip, om det er lov å vere så tabloid i ynska sine. At eit slikt tilbod ikkje er på plass i år, er nok meir grunna i storleiken på Kulturdepartementet sine tildelingar enn i manglande kreativitet og entusiasme frå arrangørane si side.

 

Denne artikkelen er ein del av ei tverrfaglig dekning av det kunstneriske og kulturelle tilbodet for barn og unge i Trondheim. Dette er eit samarbeid i regi av Periskop, og dei som samarbeidar om prosjektet:ballade.nokunstkritikk.no og scenekunst.no.

Eivind Myklebust